Erna Solberg vil ikkje erklære klimakrise

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 26.05.2019 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er ikkje einige i alle dei krava som er her, men me er einige i måla, som er å få ned utsleppa både i Noreg og globalt, seier Erna Solberg til Framtida.no etter å ha talt til klimastreikarane.

– Kva er de er ueinige i?

– Til dømes å stoppe alle konsesjonar til oljesektoren i Noreg. Det bidreg ikkje til at globale utslepp går ned. Det bidreg berre til at velferda i Noreg går ned på kort sikt.

Framtida.no sin arbeidsvekereporter Mateo Jimenez Tilrem stilte statsminister Erna Solberg spørsmål saman med resten av pressekorpset. Foto: Andrea Nøttveit

Krev at regjeringa erklærer klimakrise

Ifølgje Natur og Ungdom samla streiken 7000 barn og unge på 32 ulike stader i Noreg. Til saman samla streiken truleg 1,4 millionar barn og unge i 128 land.

I Noreg hadde dei streikande følgjande krav til regjeringa:

  • Ingen fleire utvinningsløyver til oljeindustrien. Skap nye klimavenlege jobbar i Noreg
  • Auk det norske klimamålet og kutt meir enn halvparten av norske utslepp innan 2030
  • Gje meir støtte til finansiering av klimatiltak og klimatilpassing. Støtta må trappast opp til minst 65 milliardar årleg.
  • Erklær klimakrise, og følg opp med tiltak.

Det siste kravet er nytt sidan førre skulestreik samla kring 40 000 elevar 22. mars. Den gong vart elevane møtt av klima og miljøminister Ola Elvestuen som ikkje kunne lova stans i oljeleitinga på norsk sokkel.

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Mina Vinje, (bakerst) og første nestleiar i Natur og Ungdom, Haldis Helle, er ikkje nøgd med innsatsen til regjeringa. Foto: Andrea Nøttveit

Pressar på for handling

Leiar i Press – Redd barna Ungdom, Mina Vinje, var blant appellantane som ikkje var nøgd med responsen frå politikarane etter førre streik.

– Me ønskjer ein rettferdig klimapolitikk, faktisk handling og ei framtid me kan tru på, sa ho frå scena.

Vinje etterlyste handling framfor fjas, mas og møter med politikarar.

– Det er på tide me plasserer skulda og ansvaret der det høyrer heime, understreka Vinje.

På oppmoding frå leiaren i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, snudde dei streikande ryggen til Stortinget. Foto: Mateo Jimenez Tilrem

EU-avtale, Oljefondet og elbilar

– Eg forstår godt at mange av dykk er utålmodige og frustrerte, sa statsminister Erna Solberg frå scena.

– Det skulle berre mangle, men til dykk vil eg berre seie at kampen mot klimaendringar er ein viktig prioritet for denne regjeringa. Det dyraste me gjer er ikkje å handle for å stoppe klima.

Statsministeren ville ikkje gå med på at det ikkje har skjedd endringar sidan førre streik. Ho løfta fram at regjeringa har bedd Stortinget tilslutte seg EUs klimaavtale, at Oljefondet har trekt 80 milliardar ut av olje og gass og at Noreg har sett verdsrekord i sal av elbilar.

– Treng ikkje å erklære klimakrise

– Det er ei klimakrise, så me treng ikkje å erklære klimakrise, sa Solberg til dei frammøtte.

Statsministeren understreka at i klimakampen er berre siger godt nok og at Noreg har eit særleg ansvar for å bidra til å redusera utsleppa.

Ho viste mellom anna til at Noreg gjennom internasjonale avtalar har forplikta seg til å kutte utsleppa innan mellom anna landbruk og transport med 40 prosent innan 2030.

– Men sidan klimaendringane er eit globalt problem, så treng me også globale løysingar. Difor jobbar Noreg mykje internasjonalt for å få til forpliktande avtalar som reduserer utsleppa over heile verda, sa Solberg og viste mellom anna til Paris-avtalen.

Regnet stoppa ikkje streikarane frå å fremma bodskapen sin på plakatar. Foto: Mateo Jimenez Tilrem