Berre SV, MDG og Raudt støtta klimastreikarane i Stortinget
Eit overveldande stortingsfleirtal gjekk mot krava frå klimastreikande ungdommar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi seier ja til 60 prosent utsleppskutt, nei til nye oljelisensar og ja til 65 milliardar til klimatiltak i utviklingsland. Vi stemmer for å erklære klimakrise.
Det slo MDGs nasjonale talsperson Une Bastholm fast då forslag frå SV og MDG vart debattert i Stortinget torsdag.
– Vi stemmer for ei styrt utfasing av olje- og gassnæringa. Vi stemmer for eit nytt, ambisiøst klimaforlik og for at regjeringa skal seie nei til ein ny rullebane på Gardermoen, sa ho.
Elvestuen vil satse på kollektivtransport
29. mars demonstrerte 40.000 ungdommar for ein betre klimapolitikk, og SV og MDG tok med seg krava deira inn i stortingssalen.
Den globale protestrørsla er framfor alt inspirert av den svenske aktivisten Greta Thunberg.
– Det er ingen tvil om at vi må gjere mykje meir for å nå målet om å avgrense den globale oppvarminga under 1,5 grader, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).
– Regjeringa må gjere meir av det vi er i gang med. Vi må halde fram å satse på kollektivtransport, sykkel og gange i dei store byane. Vi må halde fram å satse på jernbane, som auka med 5 prosent i fjor, sa han.
Skuffa arrangørar
Førre veke kom tilrådinga frå energi- og miljøkomiteen, som ikkje støtta representantforslaget.
Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, var blant dei som reagerte på avslaget.
– Stortingsfleirtalet vender ryggen til over 40 000 ungdommar, og det er sjokkerande at dei ikkje ein gong vil gje titusenvis av skulestrikande elevar eit einaste nytt klimatiltak, sa Natur og Ungdom-leiaren i ei pressemelding førre onsdag.
Uroa for kostnadane
Frps Terje Halleland reagerer på at SV og MDG fremmar forslag det ikkje er berekna kostnaden av.
– Eg reagerer på at etablerte parti vel å kopiere urealistiske krav, utan å tenke gjennom kva for konsekvensar desse forslaga vil få for økonomien, arbeidsløysa og ikkje minst for klimaet, seier han.