Skulestreik for framtida
Sjå bileta frå den store skulestreiken framfor Stortinget i Oslo.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Natur og Ungdom deltok minst 36.000 elevar i skulestreik for klima fredag 22. mars.

Frå venstre: Mia Elise N. Johnsen (17), Embla Ween Petersen (16), Maria Enger (16) og Vilde Willeke (16) sov utanfor Stortinget natt til fredag og droppa undervisninga på sine vidaregåande skular. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Skulestreik for klima gjekk føre seg frå Longyearbyen i nord heilt til Toulouse i sør.

Norske studentar streika for klima i Touolouse i Frankrike. Foto: Maria Myrvoll Knudsen
I Oslo møtte klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) dei streikande elevane utanfor Stortinget.
Reagerer på Equinor
Dei australske utvekslingsstudentane Lauren Howe og Lachlan Lugg hadde begge teke turen til Stortinget for å visa si misnøye med Equinor sine planar om å leite etter olje i sårbare kystområde utfor Australia.

21-åringane Lauren Howe og Lachlan Lugg er uroa for artsmangfaldet i Australbukta dersom Equinor startar med oljeboring i området. Foto: Andrea Rygg Nøttveit