– Greta Thunberg er verdas viktigaste påverkar

Svein Tveitdal, klimarådgjevar og tidlegare FN-direktør
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget stod først publisert hjå Besteforeldrenes klimaaksjon, og er gjengjeve og sett om til nynorsk med løyve frå forfattaren. 

Under klimamøtet i Katowice i fjor skreiv eg om Greta Thunberg som hadde starta skulestreik utanfor Riksdagen kvar fredag sidan august. At ho no har fått med seg 20 000 elevar i 270 byar verda over, og at ho heldt møtet si viktigaste tale. Men sjølv om ho då var klar på at ho ikkje ville gje seg før Sverige kutta karbonutsleppa med 15 prosent i året, frykta eg at denne heroiske innsatsen kunne vere ein gnist som slokna.

Denne tvilen er no gjort grundig til skamme. I samband med FNs klimatoppmøte i New York i september hadde skulestreikane spreidd seg til alle kontinent og fire millionar elevar deltok.

Rop og krav frå barn og unge under skulestreiken for klima fredag 30.august. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Laurdag kom Greta til Madrid med nattoget frå Lisboa etter å ha kryssa Atlanterhavet med seglbåt. Utrulege 500 000 menneske deltok saman med ho under klimamarsjen her laurdag kveld. Beskjeden til forhandlarane på COP25 er krystallklar – VI TRENG HANDLING NO!

På ein pressekonferanse før marsjen omtalte ho seg sjølv som «berre ein klimaaktivist – berre ein liten del av ei stor rørsle», og sa at eigentleg hadde dei ikkje oppnådd noko sidan utsleppa held fram å auke (4 prosent sidan møtet i Paris for fire år sidan).

COP25 vert av mange rekna som eit slags mellomår der det viktigaste er å verte samde om punkt i Paris-avtala som sto att etter forhandlingane i fjor. Neste års COP26 vert rekna som viktigare, for då skal landa legge fram sine oppdaterte ambisjonar i forpliktingane dei la på bordet i Paris.

«Men vi har ikkje tid til mellomår utan reell handling», sa Greta Thunberg. Om Fridays For Future-rørsla slo ho nøkternt fast at «Vi har skapt auka medvite og meining, og det er eit stort skritt i riktig retning. Men sjølvsagt er det ikkje i nærleiken nok.»

Statsminister Erna Solberg (H) deltok på klimatoppmøtet COP25 i Madrid. Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor/Flickr/CC BY-NC 2.0

Ho er for tida verdas viktigaste påverkar. Eg merkar det godt sjølv. Det siste året har eg halde fram med mine mange skulebesøk rundt om i landet, saman med forfattar Sigbjørn Mostue, der vi held føredraget Håp eller Katastrofe. Etter ei nokså dyster forteljing om ein klode som vert varmare, ein natur som sprellar i krampe, og ei verd som ifølgje FN vil ha 11 milliardar menneske i slutten av hundreåret, fortel vi om løysingar og håp.

Men medan det tidlegare har vore lite positivt å melde frå det som faktisk skjer, er det éin sak som det no er utruleg tilfredsstillande å kunne snakke med dei unge om: At Greta Thunberg og alle dei som har delteke i skulestreikane og demonstrasjonane har gjeve tidenes mest betydningsfulle bidrag til å gje reelt håp om å kunne snu utviklinga og gjennomføre løysingar som er mogelege, men som krev politisk mot.

Dei unge har hatt uvurderleg innverknad sjølv utan stemmerett

Eg kan no fortelje dei – utan å overdrive – at dei unge har hatt uvurderleg innverknad sjølv utan stemmerett. At aksjonane deira har vorte det beste og viktigaste argumentet FNs generalsekretær Antonio Guterres har for å forlange auka ambisjonar og handling no. At statsleiarane i Madrid som no understrekar alvoret i utviklinga, alle viser til dei unge sine krav, og at nokre av dei, på grunn av dei unge, forhåpentlegvis er vorte djervare til å gjennomføre tiltak dei veit er nødvendige.

Slik har dei unge si globale rørsle i løpet av eitt år vorte hovuddrivkrafta i kravet om ein ny og mykje meir ambisiøs klimapolitikk enn den vår generasjon har vore i stand til å tilby dei, og som det er grunn til å skamme seg over.

Har du noko på hjartet? Send oss meiningsinnlegg eller tips til tips(a)framtida.no!