Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 13.01.2020 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For tredje gong vart ein nasjonal skulestreik arrangert, for å be politikarane ta meir ansvar i klimakampen.

I god tid før oppstart stod barn og unge flokka rundt Stortinget i Oslo. Plakatar og parolar over alt. Ansikt måla med jordklodar og det eine demonstrasjonsropet etter det andre.

– Kva vil me ha?

– Klimahandling!

– Når vil me ha det?

– Nooooo!

Bodskap retta mot politikarane inne på Stortinget. Ingen av dei var invitert til å delta frå scenen, men i publikum var fleire av stortingspolitikarane tilstades.

– Vaksne høyrer ikkje

På ein grasflekk framfor Stortinget sit fleire og gjer siste innspurt med plakatane sine.

– Vaksne og politikarane høyrer ikkje på oss og kjem med dårlege unnskuldingar. Dei latar som om alt er grønt og grønvaskar alt. Me vil at dei skal fiksa dette, og ikkje berre bruka meir olje, fortel Oda Johanne Sundsbø (15), medan ho teiknar ferdig plakaten sin.

Ho er vegetarianar og ville difor bruke kua på parolen.

– Kua er verst når det kjem til utslepp på mat og Trump snakka om at dette ikkje finst som eit problem, forklarar ho.

F.v. Oda Johanne Sundsbø (15) og Kristine Sørheim Stokkveik (14) som går i 10.klasse på Morellbakken skole, møtte opp på klimastreiken. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Kva faen, Erna?

– Heilt ærleg, så er eg her fordi eg er redd for mi eiga framtid, fortel Ingvild Dahm (17).

Saman med Vilde Willeke (17) har ho allereie delteke i fem klimastreikar tidlegare.

– Politikarane gjer ikkje nok for krisa me er i, seier Willeke.

– Kva hadde du sagt om du hadde Erna Solberg her no?

– Kva faen, Erna? Som Greta ville sagt: kvifor har de ikkje panikk?, seier Dahm.

F.v. Ingvild Dahm og Vilde Willeke (17) deltok i klimastreiken. Dei går i 2.klasse på Foss vidaregåande skule. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Me er her for å klaga på klimapolitikken. Jorda er sjuk. Noko MÅ gjerast no! seier Jacob Kjensli (13)

– Kva vil du seie til politikarane?

– Høyr på dei unge!

F.v. Atakilti Mahansu Tahme (13), Truls Melby Garder (13), Norius Mika (12), Jacob Kjønsli (13) og Jakob Engebretsen Teigland (13). Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Kvifor er det så vanskeleg?

Frå scenen haldt mellom anna Gaute Eiterjord i Natur og ungdom apell for dei oppmøtte.

– Hadde politikarane lytta til forsking, hadde me ikkje trengt å streika, men dei let vera å handla. Når det gjaldt å redda bilen, stod det ikkje på løysingane. Kvifor skal det vera så jævleg mykje vanskelegare å finna løysingane på klimakrisa? dundra det frå Eiterjord på scena – til full jubel frå dei oppmøtte.

Han meiner at det er politikarane som først og fremst skulkar unna i dag.

Gaute Eiterjord i Natur og ungdom og Alida D’Agostino, leiar i Elevorganisasjonen. Foto: privat

– Eg blir sint og frustrert over at politikaran har visst om klimakrisa lengre enn eg har levd, og late vere å handla.

Han har likevel enno håp:

– Saman er me så utruleg sterke. Det siste året har vist kor mektige ungdom kan vera. Dette skal heller ikkje vera siste dagen me protesterer. Det er mogleg å løysa klimakrisa, men politikarane kan ikkje gøyma seg.

Han håpar på fleire streikar og oppmoda alle til å engasjera seg.

– Gå ut og protester, bli med i organisasjonar og få foreldra dykkar til å stemma på klimavenleg politikk!

Etter skulestreiken var det duka for Klimabrølet. Sjå film nedanfor frå heile dagen: