Alt eg gjer for miljøet, blir eg sjikanert for


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som de kanskje har lagt merke til, er alle veldig engasjerte i dette med «miljø» for tida. Sjølv må eg innrømme at eg lenge gav blaffen, for kva har miljøet nokon gong gjort for meg? Det har stort sett vore kaldt, vått og fiendtleg, tvinga meg ut på gyselege skidagar, gresselege leirskuleveker og det som verre er.

Forresten er eg oppfostra på ideen om at jorda snart går under uansett, sidan Jesus plutseleg skal koma attende. Då blir vi salige sjeler som ikkje kasta bort tida vår på å kjeldesortere, men heller konsentrerte oss om åndelege ting, rykte gjennom holet i ozonlaget opp i den sjuande himmelen. Der sit vi og ler av miljøfanatikarar og andre avgudsdyrkarar, som brenn for alltid i Fandens eige fjernvarmeanlegg.

Endringsvilje

Eg har ikkje gjeve opp vona om at Jesus skal koma og redde meg frå elbilar og havremjølk, men eg har modernisert framferda mi. Som kritkvit, urmacho cisperson har eg nemleg forstått at ein ikkje kjem nokon veg i samfunnet utan å vera «PK», og eg har difor vorte miljøvenleg eg òg.

Med ein sambuar – la oss kalle ho Oline – som i si tid var leiar i den lokale bataljonen av miljømilitsen Natur og Ungdom, skulle ein tru at miljøengasjementet ville gagne meg i kvardagen. Men faktum er at eg blir like stigmatisert og latterleggjort i mine skarve forsøk på å redde miljøet, som eg vart som miljømotstandar!

La oss, som eit studium i denne grove uretten, sjå nærare på alle dei store velgjerningane eg gjer for miljøet.

Berekraftig hygiene

Vi kan byrja på byrjinga av dagen, då mange liker å dusje. Når alle veit at kloten står framfor ein potensielt katastrofal mangel på reint vatn, meiner eg at det er moralsk riktig å avstå frå denne overflødige luksusen. Eg vaskar meg i staden som ein katt. Men etter under ei veke byrjar Oline å mase: «No må du dusje, Erlend!» Ja vel? Dei var ikkje så viktige likevel då, dei milliardane som snart døyr av torste?

Men noko kan eg òg gjera for å utrydde den sjukt ressurskrevjande klesindustrien

Etterpå skal ein gjerne ta på seg klede. Eg er smerteleg klår over at det einaste verkeleg miljøvenlege er å laga seg ein kjortel av søppel samla saman på stranda. Men noko kan eg òg gjera for å utrydde den sjukt ressurskrevjande klesindustrien: Eg kan bruke dei same kleda éin dag til, og éin dag til og éin dag til. Å vaske klede er òg sløseri med vatn, og det kan leie farlege kjemikaliar ut i naturen. Men Oline berre: «Kor mange dagar har du eigentleg brukt den boksaren der no?»

Negler er naturleg

Eg kjøper heller ingen nye klede. Jamvel før eg vart miljøpositiv, meinte eg – då på grunn av gjerrigheit – at eit klesplagg kan brukast til det fell ifrå kvarandre. Men Oline har ved fleire høve kasta dei holete strømpene mine! Strømper eg fint kunne ha brukt i årevis enno, for det er berre ved stortåa det blir hol. Å klippe tåneglene, som nokre vil føreslå som eit preventivt tiltak mot hol i strømpene, er svært lite berekraftig: Kor miljøskadeleg er ikkje produksjonen av naglesakser!

Etter å ha dusja og kledd seg, fer mange på jobb. Eg skal vedgå at eg lenge reiste motorisert til arbeidsplassen min, som ligg nokre mil frå huset vårt. Men tanken på utsleppa reid meg som ei mare, og eg vel no å halde meg heime. Oline respekterer ikkje dette heller, uhyrleg nok.

Les fleire tekstar av Erlend Skjetne her!

Muggen jul

Ikkje minst er eg flink til å unngå matsvinn. Mugg er gjerne berre ein snerk oppå maten, eit skinn som kan bedra. Skrap det vekk, og undersida er like fin! Oline har erklært at ho ikkje vil eta muggen mat, og at eg absolutt ikkje må gje slikt til dotter vår – la oss kalle ho Gurine. Men eg fjernar muggen når ingen ser meg. I utgangspunktet trur eg at mugg styrkjer immunforsvaret, men skulle ein bli sjuk og døy av mugg, er det veldig heldig: Ein kan knapt gjera noko betre for miljøet enn å slutte å eksistere, det er rett og slett uhyre berekraftig.

Ein kan knapt gjera noko betre for miljøet enn å slutte å eksistere, det er rett og slett uhyre berekraftig.

Vatn, mat og klede er ikkje dei einaste omkverva der eg konsekvent held forbruket nede: Eg kjøper stort sett ingenting anna heller. Oline kjem stendig trekkjande med nye lyspærer og hårstrikk, og med den føreståande jula har det vorte heilt borti hampen: sjokoladekalender til Gurine, lysestake i vindauga, gåver til kreti og pleti! Men eg er kompromisslaus i idealismen min: «Tenk på miljøet, Oline, tenk på miljøet!»

På same grunnlag har eg bestemt meg for å avstå frå julefeiringa i år. Oline og Gurine må gjerne dra til slekta og kose seg der. Men eg blir heime, og ser på dette som ei personleg gåve frå meg til miljøet. God jul, moder jord!

Gjer du deg flid med innpakkinga kan den vere halve gåva. Finn fram det du har – gamle kart, kryssord, tørka og pressa blomar, tøystykker eller gråpapir du kan pynte.