Jubel og feiring over oljefritt-vedtak

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsmøtet gjekk Arbeidarpartiet tilbake på kompromisset frå landsmøtet i 2017, som opna for konsekvensutgreiing av det oljeinteressante feltet Nordland VI.

Ap går ikkje inn for varig vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, men LO og Ap-leiar Jonas Gahr Støre må gi opp konsekvensutgreiing.

Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Folkeaksjonen Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja feira med folkefest utanfor landsmøtet til Arbeidarpartiet med over 1000 oppmøtte.

– Dette er heilt fantastisk! Etter så mange års kamp viser endeleg det største partiet i landet at dei tar ansvar for miljøet, fiskeria og framtida vår! Ikkje minst viser dette at det nyttar å stå på, og me er evig takknemlege alle dei i AUF som har tatt denne kampen år etter år, jublar leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

Han seier vidare at denne kampen har pågått lenge, og håpar dette er eit teikn på vegen framover for Arbeidarpartiet:

– Dette må bli eit vegskilje, og me forventar meir ambisiøs miljøpolitikk frå Ap framover no som dei har tatt første steg for å bli eit miljøparti, seier Eiterjord.

LES OGSÅ: Kongen støttar skulestreikarane