Fråværsgrensa: Fråværet går ned, men risikoen for å falle frå har auka på VGS

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten har sett på konsekvensane av innføringa av den omdiskuterte fråværsgrensa på vidaregåande skule i 2016. Funna viser at fråværet er redusert med omtrent 20 prosent, eller 15 timar i året, for gjennomsnittseleven.

Andre trekk er at:

Gruppene med høgast fråvær er òg dei som reduserer fråværet sitt mest.

Innvandrarar reduserer fråværet sitt klart mest.

Elevar med høgt fråvær og svakare karakterar frå ungdomsskulen, reduserer fråværet meir enn dei med lågare fråvær og betre karakterar.

Les også: Fråværet gjekk ned 20 prosent med fråværsgrense

Auka risiko for å falle frå

Reglane som vart innførte i 2016, inneber at sjuke elevar er nøydde til å skaffe legeerklæring for å få gyldig fråvær.

Forskarane har òg sett på kva for negative konsekvensar endringane har hatt.

– Nær alle grupper har fått noko auka sannsyn for «ikkje vurdert» (IV) i eitt eller fleire fag. Endringa i sannsynet for IV er størst for dei gruppene som har høgt fråvær i utgangspunktet, sa forskar Hege Gjefsen under presentasjonen av rapporten.

Samtidig er det jo også denne gruppa som har redusert fråværet sitt mest.

– Alle spring etter fråværsgrensa og prøver å redusere fråværet for å komme under grensa, og så er det nokre som ikkje klarer det, konkluderte Gjefsen.

Set ein dei positive konsekvensane opp mot dei negative, kan dei illustrerast slik, ifølgje henne:

Éin elev i kvar klasse går i gjennomsnitt opp éin karakter i norsk og matematikk.

Éin ekstra elev på kvar vidaregåande skule i landet får «ikkje vurdert» i eitt eller fleire fag.

Les også meiningsinnlegget: «Om du ikkje forstår nynorsk er det du som er problemet»

– «Småskulkarane» er tilbake

Rapporten som vart lagt fram fredag, er den andre Fafo har laga om temaet. Prosjektleiar Jon Rogstad fortel at dei har vore tettare på elevane denne gongen, og intervjua dei om korleis dei opplever fråværsgrensa.

– Vi ser at «småskulkarane» er tilbake på skulen, men det er snakk om tillit under press, sa Rogstad under presentasjonen.

Han trekte fram dette sitatet frå ein elev i andreklasse på vidaregåande:

«Eg erkjenner at fråværsgrensa verkar. Sjølv hadde eg vore meir borte om det ikkje var for grensa. Men ho bør fjernast. Ho øydelegg tilliten mellom skulen og elevane.»

Mathilde Tybring-Gjedde: – Eg er kanskje den største tilhengaren av fråværsgrensa

Sjuke elevar går på skulen

Fleire av elevane fortel også at dei har vore på skulen sjølv om dei var sjuke, og risikert å smitte andre.

– Læringsmiljøet kan også bli påverka. Når umotiverte elevar er meir på skulen, gjer det kanskje noko med læringsmiljøet, forklarte Rogstad.

Han fortalde også at praktiseringa av fråværsgrensa varierer veldig frå skule til skule, og at enkelte elevar skaffar seg «carte blanche»-legefråsegner som kan gi dei fritt fråvær både fram og tilbake i tid.

– Fleire gir også uttrykk for at dei meiner folk har slutta på skulen på grunn av fråværsgrensa, sa Rogstad.

Les også: Mindre fråvær, meir medisinar

– Blir følgt tett

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) kommenterer funna i rapporten slik:

– Fråværsgrensa har vore bra for alle elevar, også for dei meste utsette elevane. Samtidig er eg glad for at rapporten løftar fram utfordringane. Å sikre at fleire elevar fullfører og består vidaregåande opplæring er ein av dei viktigaste prioriteringane til regjeringa.

Forskarane bak Fafo-rapporten har ikkje snakka med elevar som har slutta på skulen.

– Desse elevane skulle vi gjerne ha høyrt frå. Vi treng å vite meir om årsakene til at dei fell frå. Erfaringane deira er viktige for å utvikle gode og treffsikre tiltak, seier Sanner.

I den nye regjeringsplattforma har partia vorte einige om at fråvær grunna obligatoriske timar for trafikkopplæring ikkje skal reknast med i forhold til fråværsgrensa.

Kva tenkjer du om dei nye tala? Korleis fungerer fråværsgrensa på din skule? Send oss eit lesarinnlegg på tips @ framtida.no 

Eller prøv deg på vår skrivekonkurranse for klima!