Blir sjuke av fråværsgrensa

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 30.10.2017 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fråværsgrensa: Mindre fråvær, meir medisinar

– Vi har tenkt grundig gjennom om det kan vera andre årsaker enn grensa, men vi klarer ikkje å finna det, seier forskar Inger Johanne Bakken til NRK.

Bruken av sovemedisin auka med 29 prosent blant 16-18-åringar i løpet av eitt år. Auken var på 73 prosent for hoste- og forkjølingmedisinar og 26 prosent på antibiotikabruken.

Norske fastleger har lenge åtvara mot fråværsgrensa og auka pågang etter innføringa av fråværsgrensa.

Vedgår auke i legebesøk

Helse- og sosialminister Bent Høie. Foto: Nordforsk/Flickr/CC-lisens.

– Det er rett at ein studie frå Folkehelseinstituttet som nyleg vart publisert i Tidsskrift for den norske legeforeningen fann ein auke i allmennlegekonsultasjonar og legemiddelbruk blant 16-18-åringar som i tid sammenfalt med innføring av nye fraværsregler i skulen. Forfattarane av artikkelen meiner det er «mest sannsynleg at endringane skuldast dei strenge krava til dokumentasjon av skolefråvær», svarar helseminister Bent Høie som svar på skriftleg spørsmål frå Tuva Moflag frå Arbeidarpartiet.

Han hevdar vidare at det er mykje aktiv kunnskapsbasert rettleiing retta mot enkeltlegar, samt integrering av faglege retningsliner om bruk av antibiotika i den elektroniske pasientjournalen legane brukar.

Trur ikkje at fleire faktisk er sjuke

– Det er gode haldepunkt for at dette har lukkast. Totalforbruket har gått ned med 13,5 prosent for perioden 2012-2016, nett i den tida studien frå Folkehelseinstituttet handlar om.

Høie vedgår at det er uheldig at antibiotikabruken har auka mellom unge, og at dette sannsynlegvis ikkje er på grunn av at fleire faktisk er sjuke.

– Lat meg understreka at fråværsgrensa òg har hatt ei rekkje positive effektar på helsesida som det å oppdaga sjukdom tidleg, inkludert psykiske lidingar hos barn og unge, og å hindra fråfall frå skulen. Dette er bra for utjamning av sosiale skilnader. Det er særleg dei svakaste elevane som tapar på eit høgt skolefråvær, seier Høie.