Trafikkopplæring får unntak frå fråværsgrensa

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 22.01.2019 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa vil at fråvær grunna obligatoriske timar for trafikkopplæring skal få unntak frå fråværsgrensa, heiter det i plattforma.

Høgre, Frp, Venstre og KrF la fram erklæringa seint torsdag kveld. Det går også fram at regjeringa vil evaluere effekten av fråværsgrensa, som har redusert fråværet med 40 prosent.

Frp har lenge meint at førarkortundervisning bør få unntak, ifølgje Roy Steffensen, leiar av utdanningskomiteen på Stortinget.

– Førarkort er ein viktig del av utdanninga for mange, særleg på yrkesfaga, og eg er derfor glad for at vi har fått gjennomslag for ei meir fleksibel praktisering av fråværsreglane her, seier han til NTB.

Les også: Ny regel skal stoppe ulovleg køyreopplæring