Fråværsgrensa trengst for å hindra at sosiale forskjellar går i arv i skulen, meiner Høgres nye stjerneskott på Stortinget.
mm
Ny på Stortinget

Mathilde Tybring-Gjedde (24)

Parti: Høgre

Komité: Utdannings- og forskingskomiteen

Politisk forbilde: Kaci Kullmann Five

Favorittlåt av Beyoncé: «Don’t hurt yourself» og «Sandcastles»

LES FAKTALUKK FAKTA

Ho har sete i Oslo bystyre og vore politisk rådgjevar for helseminister Bent Høie. I haust blei Mathilde Tybring-Gjedde (24) vald inn på Stortinget – der ho mellom anna sit saman sin eigen far, Frp-politikar Christian Tybring-Gjedde («det går heilt greitt», seier Mathilde).

Når me møter henne i kaffibaren på Stortinget, fortel Tybring-Gjedde at det politiske engasjementet ikkje er noko som har gått i arv i familien. I staden tvang det seg på då ho gjekk på Oslo katedralskole, «Katta», der mange aktive elevar sette preg på skulemiljøet.

Etter først å ha gått på medlemsmøte i Raud Ungdom, Sosialistisk Ungdom og AUF, fann ho sitt parti etter eit Unge Høgre-møte der Civita-leiar Kristin Clemet snakka om ideologi. Engasjementet i Unge Høgre gjorde at ho vera meir sjølvsikker i diskusjonane som gjekk på skulen om alt frå skulepolitikk og likestilling til frihandel og EU.

– Det var mykje debatt om globale spørsmål. Eg var overtydd om at handel er det som kan hjelpa land ut av fattigdom, og at det er egoistisk av vestlege land å stenga fattige land ute med tollmurar, seier Tybring-Gjedde, som tidleg også definerte seg som feminist og var opptatt av kjønnsdimensjonen i utviklingspolitikken.

– Det er likestilling som i stor grad gjer at land kjem seg ut av fattigdom. Likestilling er ein av verdiane som gjer at me har eit fritt samfunn med økonomisk vekst, seier ho.

– Korleis då?

– I Noreg er det ganske tydeleg: At kvinner er ein del av arbeidsstyrken er utruleg viktig for velstanden vår. Viss ikkje hadde næringslivet berre hatt tilgang på 50 prosent av Noregs hjernekapasitet, og det trur eg ikkje hadde gitt like mykje verdiar som når alle er med.

– Men kan ein eigentleg eksportera slike verdiar til land som har ein annan kultur?

– Eg meiner at dei verdiane ein har slått fast som grunnleggjande menneskerettar, som at kvart individ er likestilt og like mykje verdt, det er ikkje vestlege verdiar. Dette er rettar som alle land i verda har slutta seg til, og det inkluderer likestilling.

Mathilde Tybring-Gjedde (H).
– Fråfallet går ned, og fråværet går ned, seier Mathilde Tybring-Gjedde, godt nøgd med skulepolitikken Høgre har ført i regjering. Foto: Runar B. Mæland

Feminisme for menn

– Kva tyder feminismen for deg?

– Eg er feminist fordi eg meiner ein skal ha like moglegheiter til å velja sitt eige liv og ta eigne val. Det tyder også at ein nokon gonger kan bli veldig irritert på at folk tar «feil» val, men det er ein del av det å ha eit fritt samfunn. Og eg trur at kjønnet set store grenser for valfridomen, slik andre kategoriar som hudfarge og kor ein er fødd påverkar kva moglegheiter ein får.

– Kva slags døme har du på det?

– I Noreg har me gjort store framsteg i at kvinner vel meir utradisjonelt og til dømes tar tekniske fag, medan menn framleis vel ganske tradisjonelt. Eg trur kjønnsrollene blant menn står mykje fastare. Færre menn vel helse og sosial, det er høgare terskel for menn å ta ein større del av permisjonen, og ved samværsbrott er det framleis kvinner som tar hovuddelen av omsorga. Det er ein del kjønnsroller, særleg for menn, som det ikkje har blitt fokusert så mykje på.

– Du slår eit slag for feminisme også for menn og gutar?

– Ja, absolutt! Feminisme er ikkje berre for jenter, og du kjem ikkje langt viss det berre er jenter som skal snakka om likestilling.

– Dette gir oss ein inngang til skulepolitikken: Jenter gjer det betre enn gutar i alle andre fag enn gym, og det er i stor grad gutane som blir skuletaparar.

– Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på akkurat dette. Det er veldig interessant; nokon meiner forskjellane kjem av biologien, fordi gutar si kognitive utvikling ligg 1,5 år bak jentene, medan andre meiner forklaringa er at skulen er meir tilpassa jentene. Eg har ikkje nokon fasit, men det du ser, er at dei skulane som har klart å utjamna kjønnsforskjellane ofte har nokre felles trekk: Dei har ein tydeleg lærar som klarer å halda ro i klasserommet; dei har variert undervisning, ikkje berre pugging; og dei har mykje fokus på at ein skal læra å lesa så tidleg som mogleg. Det er tre ting ein ser at fungerer.

Forsvarer fråværsgrensa

Skulepolitiken var ein av dei viktigaste grunnane til at Mathilde Tybring-Gjedde valde Høgre som sitt parti. Som medlem i Utdannings- og forskingskomitéen har ho no blitt ein av partiet sine fremste politikarar på feltet. Difor kan me ikkje unngå å ta opp det store temaet som har prega skuledebatten det siste året: Fråværsgrensa.

– Eg er kanskje ein av dei største tilhengarane av fråværsgrensa. Det er jo nesten det største medisinske framsteget sidan penicillin, ler Tybring-Gjedde, før ho blir meir alvorleg:

– Dei elevane som tapar mest på at det ikkje blir stilt klare krav til å møta på skulen, er dei som ikkje har foreldre som vekkjer dei om morgonen og dyttar dei på skulen. Det er dei som har foreldre som jobbar nattevakt, som ikkje får følgt med på om borna gjer leksene sine. Eg skjønar at det kanskje er kjipt for elevar som har høgare snitt og er samfunnsengasjerte, men eg trur det er gull verdt for dei som oftast fell ut av skulen og som opplever at sosiale forskjellar går i arv.

– Men burde det ikkje vera kva du har lært som avgjer om du får vurdering, ikkje kor mange timar du har vore i?

– Eg kan forstå den innvendinga. Samstundes ser ein at det å vera til stades i timen har direkte påverknad på fråfall, og eg trur òg at du lærer meir viss du er i timen. Eg meiner elevane kan stilla mange krav til skulen, men når du vel frivillig å gå vidaregåande, meiner eg skulen også kan stilla krav om at du møter opp.

– Men det er ikkje vits i å vera på skulen om ein ikkje er motivert, eller ein ikkje er i form. No blir elevane tvungne til å gå til fastlegen for å få dokumentert fråvær, og legane skriv ut meir antibiotika enn før.

– Den rapporten som kom no nyleg viste også at det blir rapportert om fleire elevar som har psykiske plager. Det er ikkje fordi fråværsgrensa har gjort folk meir psykisk sjuke, men fordi fleire oppsøkjer hjelp. Eg trur det verste du kan gjera for dei som slit og er lite motiverte, er å ikkje stilla krav. Å stilla krav er at nokon bryr seg og ser deg og følgjer deg opp. Fråværsgrensa gjer at skulen i større grad enn før legg merke til dei elevane som på mystisk vis forsvinn.

– Og så må me berre stola på at fastlegane gir antibiotika til dei som er sjuke, det er deira profesjonsansvar. Folk skal gå til legen om dei er sjuke, og få antibiotika om dei treng det.

Mathilde Tybring-Gjedde (H).
– Det viktigaste i skulen er forholdet mellom lærar og elev, seier Mathilde Tybring-Gjedde, som trekk fram seksualundervisning og tiltak mot mobbing i skulen som to av sine hjartesaker. Foto: Runar B. Mæland

– Gratisprinsippet er viktig

Etter sjølv å ha fullført vidaregåande skule, reiste Mathilde Tybring-Gjedde til England og University of Warwick for å ta ein bachelorgrad i politikk, filosofi og økonomi (PPE) – draumeutdanninga for alle politiske nerdar, som ho sjølv kallar det.

Seinare har ho byrja på ei jussutdanning i Oslo som ho håper å fullføra ein dag. Til forskjell frå enkelte andre unge Høgre-politikarar, ser Tybring-Gjedde helst at ho får sleppa å betala for det.

– Høyres studenter har tidlegare gått inn for studieavgift i høgare utdanning. Kva meiner du om det?

– Eg synest ikkje det er aktuelt. Eg har tidlegare vore positiv til å innføra det for internasjonale studentar, men det er ikkje ein aktuell debatt no, verken for internasjonale eller norske studentar.

– «Ikkje aktuelt», er ikkje det ein måte å unngå spørsmålet på?

– Nei nei, det er berre ikkje ei sak me kjem til å ta opp. Eg synest gratisprinsippet i høgre utdanning er viktig: Det har vore banebrytande for å få fleire uavhengig av bakgrunn til å ta utdanning. Eg er ikkje overtydd om at studieavgift vil heva kvaliteten på høgre utdanning, og fram til eg blir overtydd om det synest eg ikkje det er aktuelt.

– Men du som er oppteken av generasjonsrettferd og personleg ansvar: Kvifor skal elektrikaren og hjelpepleiaren betala for at eg skal sjølvrealisera meg med ein mastergrad i filosofi?

– Humaniorafag er ganske viktig, det også. Me har jo lagt fram ei humanioramelding for å styrka dei faga. Men ja:  Når du ser på etterspurnaden etter yrkesgrupper i åra framover, ser du at det trengst fleire faglærte, og færre med mastergrad i samfunnsvitskaplege fag. Det trur eg vil påverka kva folk vel å studera, uavhengig av kva politikarane gjer. No har me også gjort ein stor strukturreform i høgare utdanning for å heva kvaliteten, og eg ser ikkje at studieavgift er naudsynt.

– Men det store spørsmålet er kor ein kan spara inn pengar, med tanke på generasjonsrekneskapen.

– Absolutt, me kan godt snakka om innsparingar. Men er det ein ting me ikkje skal spara på, er det jo kunnskapen og kompetansen i arbeidsstyrken. Studieavgift no, i ei tid når me treng at fleire tileignar seg kompetanse, det er ein temmeleg dårleg idé, og ikkje aktuell politikk for Høgre.

– Det blir NSO (Norsk studentorganisasjon) glade for å høyra.

– Eg trur NSO er veldig fornøgde, dei har jo fått dobling av talet på studentbustader og 11 månader studiestøtte!

– Kva står øvst på kuttelista di, då?

– For å vera ærleg: Det som står øvst no, er å unngå å auka offentlege utgifter. Der må debatten starta. Når me berre gjer små omprioriteringar i kva me satsar på i statsbudsjettet, blir det ramaskrik. Eg meiner me må få ein politisk kultur der ikkje all debatt når me legg fram eit budsjett går på dei postane der me har kutta eller omprioritert noko, men at me får ein større debatt om kva me skal bruka pengane på.

  • Få også med deg intervjuet med Sp-politikar Emilie Enger Mehl (24)!
Oppdatert: måndag 4. desember 2017 14.52

Kommentarar

ANNONSE