«Om du ikkje forstår nynorsk er det du som er problemet»

Jakob Semb Aasmundsen, spaltist i Tønsbergs Blad
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksta var først publisert i spalta «Jakobs jammer» i Tønsbergs Blad.

For litt over ei veke sidan sat eg kaffien i halsen: Det viste seg at det nye fylket Vestfold og Telemark kjem til å ha eit fleirtal av nynorskkommunar, og at mållova difor seier at tenestespråket til fylkesmannen skal vere nynorsk!

Så kult, tenkte eg. Kanskje dette samanslåingsmaset var verdt det likevel. Men før eg rakk å feire med ein av favorittsongane mine frå Odd Nordstoga, kom eg over reaksjonane frå mine felles vestfoldingar. Mange delte mildt sagt ikkje min entusiasme. I kjend navleskodande austlandsstil hadde vestfoldingane byrja å lage anti-nynorskkvalme.

Til dømes er Kårstein Eidem Løvaas frå Høgre så oppskaka at han ynskjer å gjere alt i si makt for at den stakkars fylkesmannen slepp å bruke nynorsk. Han får stønad av partikollega Marius Roheim Johnsen som skriv at det er uhøyrt at bokmålsbastionen Vestfold blir straffa for bakstreverskheita til nynorskfylket Telemark.

Språkmangfaldets erkefiende Riksmålsforbundet kjem på banen og kallar lova udemokratisk.

Også lesarane til Tønsbergs Blad er i harnisk. Ifølgje ei meiningsmåling i avisa er ni av ti av dei som har svart mot bruk av nynorsk i Vestfold.

Grisen står og hyler, som Odd hadde sagt. Men nett som grisen i Nordstoga-songen, skrik nynorskhatarane utan nokon (god) grunn.

Les også: Fylkesvaraordføraren i Rogaland vil ha meir nynorsk

Språksvake austlendingar

Hovudmålet mitt er bokmål og eg blei introdusert for nynorsk på 9. trinnet på ungdomsskulen. Nynorsken opna auga mine for fleire ting. Ikkje berre songane til Ingebjørg Bratland eller dikta til Jon Fosse, men også norsk demokratihistorie. Det er ikkje mange andre land med fem millionar innbyggjarar som kan skilte med ein så sterk og stolt bygdekultur som Noreg. Vi har ein tradisjon for å gje plass til, og gje røyst til, bygdene – til heile landet.

Etter å ha budd i land som Frankrike og Nederland ser eg at dette ikkje er tilfelle overalt. Dei fleste stader er det utelukkande byane som bestemmer, både politisk og språkleg. Til dømes i Frankrike og Nederland skal ein over heile landet både skrive og prate slik som dei snakkar i hovudstaden.

Vi ser teikn til ein liknande, ekkel utvikling her til lands. Spesielt på Austlandet likar vi å vende oss til Oslo og prate og skrive slik dei gjer der. Høyr på dagens Vestfold-ungdom og du vil høyre «klokken», «hytten» og til og med «i sted» blant mange. Vi har difor blitt dårlegare på å forstå våre felles landsmenn andre stader, og dette er ein viktig grunn til angsten vår mot nynorsken. Som ei kvinne på NRK Vestfold sa her om dagen: «Eg forstår ikkje andre dialektar ein gong. Korleis skal eg forstå nynorsk!»

Les også: Bybanen i Bergen og vidaregåande skular blir nynorske

Nynorsk byggjer (språk)bru

Men det er nettopp difor vi må bruke nynorsken! Som vi veit var nynorsk resultatet av at språkentreprenør Ivar Aasen på 1800-talet drog rundt og samla dei ulike norske dialektane til eit språk. Eit språk som skulle ta opp kampen mot elite- og kolonispråket dansk (bokmål) og byggje bru mellom dei ulike dialektane og delane av riket.

Det har ikkje noko å seie at nynorsk blir brukt av eit mindretal i dag. For det å kunne nynorsk hjelper oss med å forstå det rike dialektmangfaldet vi framleis har her i landet.

Ikkje berre det, nynorsk bidreg til betre språkforståing generelt. Etter at eg byrja å lære nynorsk (og då meiner eg lære med eit opent sinn utan å skrive «spynorsk» på notatboka), blei eg flinkare i andre språk. Eg gjorde grammatiske koplingar og forstod setningsoppbygging på ein heilt anna måte. Fransk og tysk blei lettare, men kanskje viktigast av alt, så byrja eg å forstå svensk og (paradoksalt nok) dansk!

Utan nynorsken fryktar eg at ungdom kjem til (i enda høgare grad) å byte til engelsk når dei møter skandinavarar – og kanskje til å med austlendingar ein gong i framtida vil måtte byte til engelsk når dei reiser rundt i landet.

Lys framtid for språkmangfaldet

Nei, nynorsken må bli. Eg kjem faktisk til å bli hakket mindre stolt av landet mitt om vi slepp tak i han. Det ser likevel heldigvis ikkje ut som det kjem til å skje med det fyrste.

Tvert i mot, som tenestespråk i det store nye fylket Vestfold og Telemark, vil fleire sjå og bruke nynorsk.

Det kjem sjølvsagt til å vere dei som Løvaas, Johnsen og Riksmålsforbundet som skrik si misnøye over norsk språkmangfald.

Men kanskje ein dag kjem også dei til å oppleve all den gleda som finst i han.