Rapport: Fråværet gjekk ned 20 prosent med fråværsgrense

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fråværet har gått ned 20 prosent med fråværsgrensa

I rapporten som VG har fått tilgang til, kjem det fram at gjennomsnittseleven i vidaregåande reduserte sitt totale fråvær med omtrent 20 prosent – eller 15 timar i året – etter innføringa av fråværsgrensa.

– Innhaldet i denne rapporten viser at diskusjonen om vi skal ha ei fråværsgrense no kan avlysast, men at vi må diskutere korleis vi kan gi utsette elevar betre oppfølging, seier kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) til avisa.

I rapporten trekkjer forskarane fram at det er store variasjonar i kor mykje ulike elevgrupper kuttar fråværet sitt. Analysar viser at dei som hadde mest fråvær tidlegare, er dei som har redusert fråværet sitt mest.

Då grensa på ti prosent vart innført under Torbjørn Røe Isaksen (H), vart det store protestar, mellom anna fordi det kunne påføre elevar stress. Det blir bekrefta i rapporten, som òg trekkjer fram at nokre elevar på grunn av fråværsgrensa har ein større risiko enn tidlegare for å ikkje få karakter i fag.

I den nye regjeringsplattforma har partia vorte einige om at fråvær grunna obligatoriske timar for trafikkopplæring skal bli unnateke frå fråværsgrensa.

Kva tenkjer du om dei nye tala? Er det bra at fråværet har gått ned, eller betyr det at ungdomar må gå på skulen sjølv om dei er sjuke? Korleis fungerer det på din skule? Send oss eit lesarinnlegg på tips @ framtida.no 

Les om Mathilde Tybring-Gjedde som likar fråværsgrensa:  – Eg er kanskje den største tilhengaren av fråværsgrensa

Og om Emma Pedersen som er imot fråværsgrensa: Kva gjer vi når elevar er psykisk sjuke, men ikkje sjuke nok?

Er det bra at me har fått fråværsgrense?

Er det bra at me har fått fråværsgrense?

Ja! Det fungerer jo5
Nei! Det skapar stress8
Nei, det er urettferdig1
Ja, eg kjem uansett på skulen0
Svar totalt: 14