Veit du ikkje kva du skal lesa i dag? Fortvil ikkje! Framtida.no har samla sine beste tips.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På lista over «mindre seriøse merkedagar» Framtida.no vel å framheve, er Les ei bok-dagen ein av dei betre.
(Den bør ikkje forvekslast med FN sin Verdas bokdag som er ein av dei dønn seriøse merkedagane Framtida.no vel å framheve!)

«The Handmaid’s Tale» (Tjenerinnens beretning) av Margaret Atwood er sjølvskriven på lista «5 bøker for unge feministar». Foto: Aschehoug
For det å lese bøker har mange postitive følgjer. Å lese for små born utviklar språkferdigheitene deira, og det kan gjere deg betre til å tolke andre menneske sine tankar og kjensler.
I oktober kunne du på Framtida.no lese innlegget til Felix Hammon på 15 år, som meiner at å lese skjønnlitteratur endrar livet hans for kvar bok han les, og 18 år gamle Johannes Leidal ser på bøker som døropnarar – dei let han forstå verda, ikkje berre kjenne til ho.
Det same unnar vi alle dykk!
Difor har vi samla opp våre beste boktips:

Romanen «Stoner» (1965) av John Williams skal filmatiserast med Casey Affleck i hovudrolla. Romanen er på lista over «4 meisterverk som ikkje hamnar på topplistene». Foto: Cappelen Damm
5 kroppspositive ungdomsbøker!
5 klassikarar for mørke kveldar!
5 bøker for deg som likar naturvitskap!
Skeive ungdomsbøker alle bør lese!
Alle bør lese 12 bøker om homoar!
4 meisterverk som ikkje hamnar på topplistene!
Ti bokfavorittar på nynorsk frå 2017!
…og det er framleis ikkje for seint å lese 5 bøker du burde ha lese i sommar!
God lesing!