Elvestuen smeller døra igjen – vil ikkje ha innspel til klimaplan
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vil ikkje gi allmenta innsyn i arbeidet med den nasjonale klimaplanen som skal leverast inn til EU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det siste året har alle medlemslanda i EU offentleggjort utkast til nasjonale klimaplanar for åra fram mot 2030.
Det har dei vorte tvinga til, ettersom EU har lovfesta at planane må leggjast ut på offentleg høyring før endeleg vedtak. Det skal sikre at lokale og regionale styresmakter, organisasjonar og næringsliv alle får komme med synspunkt og innspel.
I tillegg har EU-kommisjonen gjennomgått planane nøye for å vurdere om dei er ambisiøse nok.
Inga høyring i Noreg
Noreg, derimot, vil ikkje la nokon få sjå klimaplanen før den endelege versjonen blir send inn.
Det er heller ikkje planlagt noka offentleg høyring om planen når han er klar.
– Nei, den må vi eigentleg berre sende over, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) til NTB.
Det er fleire grunnar til det, forklarer han.
Elvestuen viser til at det først i oktober vart formelt vedteke at Noreg og Island skal bli med i EUs felles rammeverk for klimapolitikken.
– Så vi må jo nødvendigvis levere på mykje kortare tid enn resten av EU har gjort, seier han.
- Visste du at Bill Gates slepper ut 14.000 gongar meir enn snittet på flyreiser? Les saka her!
Amputert plan
Ein annan forskjell er at Noreg står utanfor det såkalla styringsregelverket, der EU har fastsett reglane for dei nye planane, som blir kalla integrerte nasjonale energi- og klimaplanar.
Det betyr at Noreg ikkje er bunde på same måte som medlemslanda i EU – heller ikkje av reglane om openheit. I staden skal Noreg utarbeide ein plan på frivillig basis. Den skal sendast inn til EU innan nyttår.
Men den norske planen blir amputert – så amputert at Klima- og miljødepartementet nøler med å kalle det ein plan i det heile.
Heile energikapittelet blir teke ut. Det kjem av at EUs siste energipakke framleis ikkje er innlemma i EØS.
Dermed slepp Noreg å rapportere til EU om kva vi har tenkt å gjere for å spare på energiforbruket eller få opp fornybardelen vår.
Forseinka prosess
Både styringsregelverket og resten av EUs energipakke kan komme inn i EØS-avtalen på eit seinare tidspunkt. Men dette er ikkje avklart per i dag.
Noreg har òg komme for seint i gang med planlegginga av tiltak på heimebane til at dokumentet som no skal sendast inn til EU, kan gi noko fullgodt svar på kvar utsleppskutta faktisk skal skje.
I realiteten vil Noreg nøye seg med å gjere opp status for dei tiltaka og verkemidla som allereie er på plass.
Det vil ikkje vere snakk om nokon handlingsplan for klimapolitikken, understrekar Klima- og miljødepartementet.
- Les også om korleis klimaendringane påverkar utanrikspolitikken: For Noreg er det spesielt viktig at ei rask endring vekk frå olje og gass vil gjere land som Russland meir ustabile.
Klimakur 2030
Men svara kjem, forsikrar Elvestuen.
Noreg har nemleg lagt opp eit eige løp som ligg etter landa i EU.
Det første som skjer, er at Miljødirektoratet i midten av desember legg fram utgreiinga «Klimakur 2030». Den skal vise kva tiltak som må til viss Noreg skal nå klimamålet for 2030.
Det er ikkje teke stilling til om denne utgreiinga skal sendast ut på offentleg høyring når ho er lagt fram.
I etterkant skal regjeringa leggje fram sin eigen klimaplan, der Klimakur 2030 skal følgjast opp.
Denne planen kjem ifølgje Elvestuen i 2020 og skal vedtakast i Stortinget.
– Så den store og grundige planen, det er den vi jobbar med til neste år, seier han.
- Har du lagt merke til at du no kan sortere flyreiser på Finn.no etter CO2-utslepp? – Denne typen symbolsk forbetring kan fungere som ei grønvasking, svarar forskar