Dette betyr klimaendringane for utanrikspolitikken

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå NUPI Skole, og sett om til nynorsk av Framtida.no.

«Klimakrisa er vår tids største utfordring.» Få utsegn har vore gjentekne så ofte. Likevel er ikkje klimasaka sentral i norsk utanrikspolitikk.

Noreg er riktignok ein pådrivar i internasjonale klimaforhandlingar og bidreg med pengar til å redusere utslepp i andre land. Men klima vert handsama på same måte som satsinga på skule, helse og fattigdomsreduksjon i utviklingsland, og ikkje som ein avgjerande faktor i vurderinga av norske interesser og utanrikspolitiske vegval.

Diskusjonane om handelsavtala med Brasil i lys av brannane Amazonas og president Jair Bolsonaro si manglande vilje til å redde regnskogen, syner tydeleg korleis klimasaka direkte påverkar norske interesser. Difor er det viktig å reflektere over korleis norske interesser best skal verte ivaretekne i ei varmare verd.

Tre framtidsbilete

Det er fleire grunnar til at klima vil påverke norske utanrikspolitiske interesser:

Klimaendringar aukar faren for valdeleg konflikt og aukar migrasjonen. Konsekvensane vert meir dramatiske når effektane av klimaendringane slår inn med større tyngde nokre år fram i tid, når ekstremvêr og tørke slår inn for fullt.

Klimapolitikken hjå våre samarbeidspartnarar er også i endring, og vil raskt kunne utfordre Noreg sitt ønske om å skilje energipolitikk, som i dag primært handlar om å selje olje og gass, frå andre delar av utanrikspolitikken.

Omdømmet til Noreg som internasjonal velgjerar vil kome under press når andre land må bruke betydelege ressursar på å handtere konsekvensane av klimaendringar, som delvis er eit resultat av oljen vi har tent oss rike på.

Det er betydeleg usikkerheit knytt til korleis klimaet vil utvikle seg, og kva slags klimapolitikk som vil vekse fram internasjonalt. La oss difor skissere tre mogelege framtidsbilete. Desse viser kva som står på spel for Noreg:

  1. Rask omstilling: Vi oppfyller Parisavtala sitt mål om maks 1,5 grad temperaturauke.
  2. Sein omstilling: Vi opplever ei temperaturauke på 2 grader.
  3. Inga omstilling: Temperaturen aukar på sikt med meir enn 3-4 grader.

Grafikk: NUPI Skole.

  • Les også om undersøkinga som syner at berre 30 prosent av lokalpartia har eit vedtatt mål for kor mykje dei vil kutta i klimagassutslepp: – Dette er verkeleg ille

Rask omstilling: Noreg i spagaten

Rask omstilling er kjenneteikna av betydeleg reduksjon i utslepp av klimagassar allereie innan 2030. Difor kjem ikkje dei største konsekvensane av sjølve klimaendringane, men utfordrande klimapolitikk, særleg på grunn av ei rask utfasing av olje og kol. Her får vi ein rask overgang til eit fornybart energisystem. Ifølgje FN sitt klimapanel må opp mot 85 prosent av verdas totale energibruk vere utsleppsfri så tidleg som i 2050 dersom togradarsmålet skal verte nådd.

Ein slik overgang til eit nytt energisystem vil ha store politiske konsekvensar. Nye konfliktområde, som fysisk og digital infrastruktur for fornybar energi, kan verte skapte. Maktposisjonen til statar som eksporterer fossil energi vil også verte svekka. For Noreg er det spesielt viktig at ei rask endring vekk frå olje og gass vil gjere land som Russland meir ustabile. Russland er verdas største energieksportør – olje og gass står for over halvparten av vareeksporten deira.

Ei rask endring vekk frå olje og gass vil gjere land som Russland meir ustabile

Låg oljepris og ei rask omstilling til eit globalt, fornybart energisystem vil få konsekvensar for Noreg sin arbeidsmarknad og økonomi. Men også våre utanrikspolitiske interesser vert endra.

Vert olje og gass mindre viktig, vert olje- og gassnasjonen Noreg det same. Men Noreg vil framleis ha visse fortrinn. Store land som Tyskland vil truleg trenge gass i mange år framover, ikkje minst for å erstatte kol. Noreg har også unike fortrinn som leverandør av vasskraft til Europa: Eit Europa som går på vind- og solkraft vil trenge klimavenleg energi når vinden ikkje blæs og sola ikkje skin.

Samstundes vil Noreg ha interesse av å selje norsk gass til Europa så lenge som overhovudet mogleg. Det gjeld særleg dersom oljeprisen er låg. Då vil gassinntektene og arbeidsplassane knytt til norsk gass til Europa verte ekstra viktige for Noreg.

Vi ser teikn til denne energi-spagaten allereie. Noreg underteikna i april 2019 ei erklæring om å satse på gass som ei langsiktig løysing i Europa saman med «klimasinkene» i EU: Italia, Ungarn og Polen. Våre tradisjonelt nærmaste samarbeidspartnarar – Sverige, Danmark, Storbritannia og Frankrike – underteikna ikkje.

Noreg vil stå i ytterlegare ein spagat i dette framtidsbilete. Ei rask, global omstilling vil krevje svært kostbare teknologiprosjekt, som karbonfangst og -lagring, samt store investeringar i fornybar energi i fattige land. Rike land vil verte bedne om å finansiere mykje av dette.

Verda vil sjå til Noreg for meir pengar i ei tid kor Noreg kan ha meir enn nok med seg sjølv

Ein del av rekninga kan hamne hjå Noreg, som har tradisjon for å gå framfor i finansieringa av internasjonale klimatiltak. Men evnen til å betale vil vere mindre enn før, sidan dette vil kome samstundse som vi skal handtere oljeinntekter som fell vekk, auka arbeidsløyse og omstillingskonstnadar som følgje av ei rask nedskalering av olje- og gassproduksjon i Noreg.

Verda vil sjå til Noreg for meir pengar i ei tid kor Noreg kan ha meir enn nok med seg sjølv. Dette rører utanrikspolitikken fordi pengar gjev status og innverknad.

Sein omstilling: Store utfordringar frå 2030-talet

Framtidsbiletet med sein omstilling vert kjenneteikna av ein klimapolitikk med kraftig innstramming etter 2030, samstundes som skadeverknadane av klimaendringar etter kvart vert store.

Også her vert konsekvensane av klimapolitikken betydelege, men dei kjem «forsinka» – frå 2030 – samstundes som klimaendringane får store konsekvensar. Vi reknar dette som det mest sannsynlege framtidsbiletet.

Meir av våre verdiar i petroleumsressursar vil vere henta opp og brukt, eller plassert i Oljefondet. Om vi berre ser på følgjene av klimapolitikk, er situasjonen i dette framtidsbilete meir fordelaktig for Noreg fordi vi rekk å tene meir pengar. Men i dette framtidsbiletet passerer oppvarminga 1,5 grad i 2030 og 2 grader i 2050. Då vil vi også verte utfordra av konsekvensane av klimaendringar i andre delar av verda.

Spesielt dei varmaste og fattigaste delane av Afrika og Midtausten vil vere utsette for auka tørke og ekstremvêr. Sjølv om migrasjon vert påverka av ei rekkje faktorar, er det svært sannsynleg at klimaendringar vil bidra til ei markant auke i migrasjonen. I 2015 var det under éin million flyktningar og migrantar som kryssa Middelhavet frå Nord-Afrika og Midtausten. Det skapte politisk krise for EU. Ei framtid med langt fleire klimaflyktningar kan difor få store konsekvensar for stabilitet og internasjonalt samarbeid.

Ein permanent straum av akutte kriser

Ein mykje større del av bistandsmidla vil også måtte verte brukt på naudhjelp. Den langsiktige utviklingsbistanden og innsatsen for å nå berekraftsmåla vil truleg måtte vike for ein permanent straum av akutte kriser.

Noreg har eit sterkt omdømme som internasjonal velgjerar i fred og forsoningsprosessar, nedrusting og internasjonal klimafinansiering. Likevel er Noreg, kanskje meir enn noko anna vestleg land, sårbare i ei internasjonal jakt på klimasyndebukkar: I ei internasjonal undersøking frå 2019 svarar fleirtalet av dei spurde i over halvparten av landa – frå Frankrike og Sverige i nord, til Kenya, Mexico og Australia i sør – at klima er den største trugselen mot landet deira.

Ei slik utvikling svekkar Noreg sitt omdømme som internasjonal velgjerar, og aukar sannsynet for at land og grupper som ber konsekvensane av klimaendringar vil gå til søksmål og krevje erstatning frå den norske stat og norskeigde selskap.

Frå venstre: Amerikanske Kelsey Juliana (23) og norske Penelope Lea (14) føler ofte at vaksne brukar hersketeknikkar, men at det har vorte lettare å vere klimaaktivist.. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Inga omstilling: Berebjelkane i den internasjonale orden sviktar

Framtidsbiletet med inga omstilling gjev oss dramatiske klimaendringar. Den globale oppvarminga held her fram raskt mot 3-4 grader fram mot år 2100, anten som følgje av svak klimapolitikk og/eller sjølvforsterkande prosessar i klimasystemet som bidreg til raskare oppvarming enn tidlegare anteke.

Ekstrem tørke vil her ikkje berre prege store delar av Afrika, Søraust-Asia og Midtausten, men også ramme delar av USA, Aust-Europa og Russland. Syklonar, flaum, hetebølgjer og skogbrannar tvingar millionar av menneske på flukt kvart år. Fattigdom, svolt og konfliktar aukar vesentleg i omfang fordi det i store delar av verda er varig mangel på ferskvatn og mat.

Framtidsbilete med inga omstilling gjev oss dramatiske klimaendringar

Institusjonar som FN vil ytterlegare verte overbelasta av oppgåver som naudhjelp og av utfordringar knytt til migrasjonsstraumar. Samhaldet i EU og NATO vil verte sette på harde prøver, og store delar av den økonomiske veksten i verda vil måtte brukast til å handtere konsekvensane av klimaendringar. I dette framtidsbiletet kan heller ikkje den globale kapitalismen og utstrekt internasjonalt samarbeid verte teke for gitt.

I store landområde vil verte nær umogleg å bu og hundrevis av millionar av menneske vert nøydde til å flytte, anten internt i landet eller til andre land. Nokre øystatar i Stillehavet vil forsvinne som eit resultat av auka havnivå. Resultatet er at kontroll over eige territorium vert utfordra av fysiske klimaendringar snarare enn av militære invasjonar. På denne måten vert prinsippet om statleg suverenitet utfordra, ikkje fordi ein stat angrip ein annan, men fordi auka temperatur og ekstremvêr øydelegger territoriet til ein stat.

Noreg har svært mykje å tape

Noreg vil vere blant dei landa i verda som er best skikka for å handtere konsekvensar som flaum, stigande havnivå og hetebølgjer. Men dei indirekte konsekvensane er vi ikkje verna mot.

Noreg – eit lite, rikt land med ein open økonomi – har svært mykje å tape på ei verd med meir isolasjonisme, høg migrasjon, store konfliktar, mindre handel og færre reglar. I kaoset som kan oppstå, vil den sterkaste sin rett gjelde.

Sjå informasjonsvideo om årsakar og verknadar av klimaendringane her:

Konsekvensar for norsk utanrikspolitikk

Norske interesser vert påverka i alle tre framtidsbileta. Usikkerheita er altså ikkje knytt til om klimakrisa vil påverke utanrikspolitikk, men korleis den vil gjere det.

Det utanrikspolitiske handlingsrommet vert uansett mindre:

  • I framtidsbiletet med rask omstilling minskar handlingsrommet fordi vi vil ha mindre ressursar til rådigheit, og raskt må gjennom ei krevjande innanrikspolitisk omstilling, vekk frå olje og gass.
  • Under ei sein omstilling skjer det gjennom ein kombinasjon av svekka omdømme og krav om å bidra til å handtere konsekvensar at av klimaendringar i andre land.
  • Ved inga omstilling er effekten endå sterkare fordi konsekvensane av klimaendringar er større, samstundes som etablerte spelereglar vil verte utfordra.

Det er allereie høg grad av usikkerheit i internasjonal politikk. Denne usikkerheita vert forsterka av klimaendringar fordi vi ikkje har oversikt over korleis klimaet, klimapolitikken og konsekvensane vil utvikle seg.

Samstundes er Noreg meir avhengige av nære allierte enn før for å gjennomføre internasjonale tiltak på ei reikkje felt, som nedrusting, handel og konfliktførebyggjing. Klimaendringar forsterkar også avhengigheita sidan dei må løysast i fellesskap, samstundes som dei utfordrar dagens internasjonale system.

Det er ikkje i Noreg si langsiktige interesse å verte ei «klimasinke»

Difor er klimaendringar og andre land sin klimapolitikk av avgjerande betydning for heile utanrikspolitikken. Og difor bør også klima verte forstått som noko meir grunnleggjande og meir viktig enn det vi har vore vane til.

Det er vanskeleg å seie akkurat korleis klima skal påverke utanrikspolitiske vegval. Skal Noreg samarbeide tettare med Kina, som har sterkare eigeninteresser av å fase ut fossilt brensel, enn eksportlandet USA?

Bør utviklingspolitikken leggast om til å handle om klimavenleg vekst, snarare enn fattigdomsreduksjon og helse?

Og ikkje minst: Sal av gass til Europa vil verte verande svært viktig for Noreg. Samstundes er det ikkje i Noreg si langsiktige interesse å verte ei «klimasinke». Det vil bidra til klimaendringar som truger norske interesser, skadar vårt omdømme og gjer at vi går glipp av nye mogelegheiter innan til dømes vasskraft og flytande vindmøller på havet.

Tyskland, vår viktigaste allierte i EU, har no gjort kampen mot klimaendringar til eit ufråvikeleg vilkår i utanrikspolitikken. Det vil koste Noreg å gå i utakt med dei største landa i Europa. Vi må difor balansere kort sikt og lang sikt, økonomi og klima, gass og fornybar energi. Ikkje minst må det tenkast nytt om prioriteringar, kompetanse, og nye tiltak som kan gjere utanrikspolitikken rusta for ei varmare verd.

Forfattarne

Ole Jacob Sending er forskningssjef hjå NUPI

Thomas Boe Hornburg har vore gjesteforskar hjå NUPI, og er til dagleg politisk rådgjevar i Arbeidarpartiet.