Unge Venstre seier nei til lokal vetorett mot vindmøller

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 09.11.2019 20:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Venstre sa ja til lokal vetorett mot vindmøller og me veit det er mange Venstre-politikarar rundt om i landet som er skeptiske til meir utbygging. Men det er rett og slett eit nasjonalt ansvar at me produserer nok energi, så då kan ikkje kommunar seie nei, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.

Han forventar storm kring landsmøtevedtaket der Unge Venstre går inn for lokal vetorett knytt til vindmøller.

På landsmøtet i mars vedtok moderpartiet Venstre å avgrensa utbygginga av vindkraftanlegg på land og prioritera klassisk naturvern høgare i desse sakene.

I sommar handsama Stortinget eit forslag frå Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne om at kommunestyre kan seie nei til vindkraftkonsesjonar. Berre Senterpartiet og Raudt stemte for og forslaget vart difor stemt ned med 82 mot 12 stemmer, ifølgje E24.

Arbeidarpartiet, Høgre, Frp, KrF og Venstre understreka då at det ikkje fantes døme på at konsesjonar vart gitt mot grunneigar og lokale syresmakter sin vilje. Dei meiner vidare at eit kommunestyre-nei, skal vektleggjast tungt.

– Vindmøllemotstandarane er imot nesten uansett

Hansmark grunngjev vedtaket til Unge Venstre med at energipolitikk er eit nasjonalt ansvar og at det er behov for meir fornybar energi.

Etter at NVE la fram sin rammeplan med 13 område dei meiner er spesielt godt eigna for vindkraft har vindmøllemotstanden breia om seg i Noreg.

Sandsmark meiner likevel at motstanden er mindre enn folk trur og viser til at eit fleirtal er for fleire vindmøller.

– Men så er det vindmøllemotstandarane som ropar høgast. Rammeplanen er laga med tanke på å verna om urørt natur og samisk naturressursar, men vindmøllemotstandarane er imot nesten uansett kor det byggast, seier Hansmark.

Han meiner at sidan me ikkje skal byggje ut mykje meir vasskraft og vindmøller er lønnsamt, er det vegen å gå.

Vil løna gode klimaval

– Klimapolitikken og oljepolitikken heng ikkje saman, fordi det ikkje har vore vilje til å seie at det heng saman, seier Sandsmark, som er kritisk til måten Noreg i dag eksporterer utslepp på.

Unge Venstre sitt landsmøte, der Sandsmark vart attvald som leiar, hadde «Vegen til nullutsleppssamfunnet» som tema.

I den samanheng vedtok Ungdomspartiet også:

  • Trappe ned 80 prosent av oljeproduksjonen i løpet av 20 år
  • Karbonavgiftfordeling: Å tredoble CO2-avgifta og bruke pengane til klimabelønning over skattesetelen

Tanken er at inntektene frå den auka CO2-avgifta skal fordelast til både forsking og gje forbrukaren fordelar tilbake over skattesetelen, men ein konkret modell har dei ikkje sett føre seg endå.

– Det ironiske her er at CO2-avgifta er ei inntekt me ikkje vil ha, fordi me ikkje vil at utsleppa skal auke. Me må syte for at det vert mykje dyrare å forureine, understrekar Unge Venstre-leiaren.

Les også: Unge Venstre har mista meir enn éin av fire medlemmar på eitt år – utelukkar ikkje at regjeringsdeltaking er årsaka

Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø

Sondre Hansmark, leiar for Unge Venstre. Foto: Beate Haugtrø