No kan du velje flyreiser på Finn.no etter CO2-utslepp

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 9. oktober har du hatt høve til å sortere flyreiser på Finn.no etter CO2-utslepp, dersom du scrollar på datamaskin.

– FINN sin misjon er å hjelpe brukarane å ta smarte val for seg og samfunnet, og eit slikt filter er med på å synleggjere dei mest CO2-venlege flyrutene, samt bevisstgjere brukarane på dette.

Det skriv Anette Syversen, ansvarleg for FINN reise, på e-post til Framtida.no.

Sparepotensial

Dersom du reiser frå Oslo til New York 9. desember og skal attende 15. desember, kostar den billigaste billetten 2607 kroner. Den FINN definerer som mest miljøvennleg kostar 3640 kroner.

Skjerdump frå Finn-søk på reisa frå Gardermoen til flyplassen La Guardia i New York og attende. Skjermdumpen vart teken 12. november.

Det er selskapet GoClimateNeutral som leverer tenesta til FINN, og Syversen fortel at utrekningane baserer seg på mellom anna flytype, reiselengde og setetype. Kor mykje utslepp ein potensielt kan spare vil variere.

CO2-vinsten i denne reisa er 0.4 tonn CO2-ekvivalentar spart. Det er ein reduksjon på kring 15 prosent av utsleppet.

Skjerdump frå Finn-søk på reisa frå Gardermoen til flyplassen La Guardia i New York og attende. Skjermdumpen vart teken 12. november.

For så vidt bra, men…

Klimaforskar hjå Vestlandsforsking Carlo Aall, seier at sjølvsagt, dersom ein  frå A til B og er nøydd til fly, er FINN sitt tiltak for så vidt bra.

Alle monnar dreg, seier forskar Carlo Aall, men fryktar miljøfilteret lurer folk til å tru at det kan vere miljøvenleg å fly. Foto: Endre Hilleren / Vestlandsforsking

Han fryktar likevel at eit «miljøfilter» kan lure forbrukarane til å tru at det er klimavenleg å fly, slik som også klimakvoter gjev forbrukarane betre samvit når dei tek lite miljøvenlege val.

– Denne typen symbolsk forbetring kan fungere som ei grønvasking, som igjen kan føre til at ein vert distraherte frå å ta dei vanskelege vala, seier klimaforskaren på telefon til Framtida.no.

Han poengterer at vinninga frå effektiviseringstiltak går opp i spinninga, fordi omfanget flyreiser aukar.

– Vi druknar i alle dei små uvesentlege vala, og då mister vi fokus på det store spørsmålet: Kan eg reise på ein annan måte enn med fly?

Aall understreker at det er først når ein kuttar ut flyreiser det vert reell klimagevinst. Skal du på møte? Ta det på Skype. Må du ut på tur? Legg det ein plass du kan nå med tog.

Bevisstgjering er viktig

Carlo Aall meiner likevel det er positivt å bevisstgjere brukarane på utsleppa. Dersom ein vert klar over kor mykje utslepp ein faktisk står for, kan ein verte oppteken av å kutte det.

Klimaforskaren poengterer at det nok hadde vore vel så effektivt om flyselskapa i staden la arbeid i å fortelje kor store utslepp flyruta du bestilte stod for, og sette det i ein kontekst.

Ein kan til dømes reise med tog mellom Oslo og Bergen nesten åtte gongar før ein har sleppt ut like mykje CO2 som éin flytur på same strekninga.

Carlo Aall oppmodar – og utfordrar – difor FINN til å lage ein klimakalkulator som viser utsleppa frå flyreisa du vurderer å bestille, og kva utsleppet kunne vore med ei alternativ form for transport.

– Då ville ein fått fram kor lite kutta frå den annleise ruta er, og kor vanvitig mykje meir du sparar om du kuttar ut flyreisa.

Ingen klikk-vinnar – til no

FINN har testa fileteret på ein del brukarar heilt sidan sommaren, både for å prøve løysinga, men òg for å sjå korleis dette vert motteke av publikum.

I prøverundane var det miljøvenlege filteret det minst brukte.

Anette Syversen er ansvarleg for FINN reise. Foto: FINN

– Vi veit av undersøkingar vi har gjort at når det kjem til reise, så er brukarane mest opptekne av pris og destinasjon når dei planlegg ferien sin, fortel Syversen hjå FINN reise.

Det er likevel grunn til å følgje med på korleis interessen utviklar seg, ifølgje Syversen.

Ho fortel at dei same tendensane tidlegare prega brukthandelen på FINN. Pris og jakta på eit kupp – anten fordi produktet ikkje lenger vert selt i butikk eller fordi det er mykje rimelegare – vart dei viktigaste motivasjonsfaktorane til å velje gjenbruk.

Dei siste åra har likevel miljøomsyn kome høgare på lista.

– Vi har tru på at dette vil skje på fly òg. Det er stadig fleire flyselskap som tilbyr klimakompensasjon når ein reiser, og at både filtrering på lågast utslepp og kjøp av klimakvote vil verte viktigare omsyn ved val av reise framover, avsluttar Anette Syversen frå FINN reise.

Kva vil vere viktigast når du vel flyreise?

Kva vil vere viktigast når du vel flyreise?

Tidsbruken - nei takk, til 9 timar mellomlanding1
Billegaste alternativ, uansett tidsbruk2
Reisa med lågast CO2-utslepp0
Ein mellomting mellom pris og tidsbruk8
Eg vil ikkje fly i det heile4
Veit ikkje1
Svar totalt: 16

 

Forbruksendring kan ikkje vere frivillig

Forskar Carlo Aall er ikkje like optimistisk som Syversen.

Han trekker fram CO2-kompensasjonen ein kunne velje å betale hjå Widerøe som eit døme på kvifor. Talet kundar som valde å huke av i kompensasjons-ruta søkk for kvart år som gjekk, heilt til selskapet valde å fjerne alternativet.

– Dette illustrerer eit viktig poeng – for å endre forbruksatferd i ein klimaretning, så kan ein ikkje overlate det til frivillige tiltak. Det krevst politisk vilje og tøffheit til å innføre tvang, elles vert det berre raringar som gjer det.