Lena (25) kjempar for klimaet i Europaparlamentet

For nokre år sidan tok austerrikske Lena Schilling del i skulestreiken for klima. No er ho den yngste representanten i Europaparlamentet.

Åshild Slåen
Publisert

Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.

– For meg handlar dette om å kjempe for ei leveleg framtid for min generasjon, og generasjonane som kjem etter oss.

Austerrikske Lena Schilling (25) var fire år då foreldra hennar først tok ho med på ein demonstrasjon, og for berre nokre år sidan var ho ein del av den store skulestreiken for klimaet i 2019. Ho organiserte demonstrasjonar og hadde sine første taler.

Eit augeblikk ho hugsar godt er då ho var med og okkuperte Lobau-tunnelen i eitt år, med organisasjonen Jugendrat, eller Ungdomsrådet, som ho grunnla. Lobau-tunnelen er ein tunnel i Wien-området, som går under elva Donau, gjennom eit naturreservat.

– Det var då eg såg kor mektig kollektiv handling kan vere, skriv ho i e-posten sin til Framtida.no.

I dag er ho den yngste representanten i Europaparlamentet, der EU vedtek lovene sine.

27 land som skal prøve å bli einige

Europaparlamentet, eller EU-parlamentet, er den folkevalde forsamlinga til EU.

720 representantar skal representere 450 millionar menneske i dei 27 medlemslanda, og dei bestemmer kva lover og reglar som blir vedteke og skal gjelde for EU-landa.

Forsamlinga møtest to stader: I Strasbourg i Frankrike, og i Brussel i Sveits.

Lena Schilling er den yngste representanten i Euorpaparlamentet. | Foto: Sergey Belov

Sjølv om representantane er valde inn frå spesifikke land, strekker dei politiske alliansane seg på tvers av landegrenser. Den største politiske gruppa i parlamentet er kristendemokratane, eller «Det europeiske folkepartiet si gruppe», med 188 representantar.

Ursula von der Leyen, som er president i Europaparlamentet, er ein del av denne gruppa.

Den sosialdemokratiske gruppa S & D er nest størst, med 136 representantar.

Gruppa til Lena har 53 representantar.

– Klimakrisa stoppar ikkje ved landegrenser

– Ingen dag er den same. Spesielt når du er ein del av ein politisk minoritet, så er ein stor del av jobben å overtyde folk eller bygge opp det offentlege presset, skriv Schilling.

Lena Schilling var vald inn i forsamlinga i 2024, då ho var 23 år, på vegner av partiet Die Grünen, Dei Grøne, i Austerrike.

Når Framtida.no spør korleis ho enda opp i politikken, viser ho vidare til folk som Leonore Gewessler frå Dei Grøne. Gewessler var den austerrikske miljøministeren i 2024, men kasta bort alliansen med den konservative regjeringa for å få gjennom lova om å restaurere naturområde i EU, etter Ungarn blokkerte vedtaket.

Etter lova vart vedteken varsla regjeringspartnaren det Austerrikske Folkepartiet at dei saksøkte ho for å ha misbrukt stillinga si, som kan føre med seg ei fengselsstraff på opp til ti år.

– Det fekk meg til å innsjå at nokre gonger kan den rette personen på den rette staden endre alt.

Då ho vart spurt om å stille som toppkandidaten til Dei Grøne, følte ho seg forplikta til å prøve, på vegner av dei «mange klimaaktivistane som blir fengsla og forfølgd» andre stader i verda.

 – Kvifor ikkje politikk på eit meir lokalt eller nasjonalt nivå i Austerrike?

– Fordi klimakrisa stoppar ikkje ved landegrenser.

Dei store klimaavgjerdene, enten det er industri, energi eller miljøvern, skjer på eit overordna europeisk nivå.

– EU er eitt av få politiske rom der avgjerder påverkar hundrevis av millionar menneske samstundes. Det er eit utruleg ansvar, men også ei enorm moglegheit.

Forskjellige politiske realitetar

Det tyder ikkje at det er enkelt å få gjennom klimapolitikk i EU, når Den europeiske frie allianse, altså representantane frå dei grøne partia i parlamentet, berre har 53 representantar.

Schilling trur folk flest ville blitt overraska over kor mykje forhandling som trengst, og kor standhaftige dei må vere kvar einaste dag, med forhandlingar som kan gå langt inn i natta.

– Folk ser ofte for seg lange talar i parlamentet, men ein stor del av arbeidet skjer bak kulissene.

Der forhandlar dei seg gjennom linje for linje i lovtekstane, dei bygger alliansar med politikarar frå andre land, og prøver å overtyde kollegaer som kjem frå ein fullstendig annleis politisk kvardag.

– Europa er veldig mangfaldig. Med forskjellig historie, økonomi og politiske strukturar i eitt parlament, er usemjer uunngåeleg, skriv Schilling.

Når ho pratar med andre politikarar prøver ho alltid å tenke på bakgrunnen deira. Det kan tvinge ho til å høyre betre etter og forstå standpunktet deira.

Klimapolitikk er definitivt eit tema som splittar mange av politikarane, men migrasjon og økonomiske vedtak er også vanskeleg å bli samde om.

– Framsteg i Europa skjer ofte steg for steg, men når det skjer, kan det endre eit heilt kontinent.

Sjølvstyre og makt

Island debatterer no om dei vil bli medlem i EU. I Noreg har det ikkje vore ei ny folkerøysting sidan 1994, då landet sa nei til EU, men det er stadig diskusjonar rundt kor mykje sjølvråderett vi mistar ved å bli med i overnasjonale samarbeid.

Schilling meiner EU har gode politiske avgrensingar, og heller er i ei støtterolle når det kjem til dei fleste nasjonale politiske spørsmål.

– Men for saker som påverkar oss alle på tvers av grenser, slik som klimapolitikken, energimarknader og miljøvern, må avgjerder bli tekne på eit europeisk nivå. Dette er utfordringar ingen land kan løyse åleine.

For Lena Schilling er EU det beste verktyet for å kjempe mot klimaendring og kunne stå støtt i andre store internasjonale dilemma. | Foto: Estelle Decorte

Slik ho ser det, gir ikkje Austerrike opp sjølvstyret sitt ved å vere med i EU, men deler på sjølvstyret for å få meir makt. Politikaren trekker fram at enkeltland ikkje klarer å regulere store teknologiselskap eller stå imot dei største geopolitiske kreftene åleine.

– Saman kan vi det. EU fungerer fordi landa saman bestemmer seg for felles reglar.

Forhandla fram klimamål

Som den yngste politikaren i parlamentet, hadde Schilling ansvaret for å forhandle fram EU sine klimamål for 2040.

I mars vedtok dei blant anna at EU sitt totale utslepp av klimagassar skal reduserast med 90 prosent, samanlikna med utsleppa på 90-talet.

Dette er det ho er stoltast over å ha utretta så langt i perioden sin.

– Det endelege resultatet var ikkje så ambisiøst som vitskapen krev, men vi klarte å forsvare det frå ytre høgre og klimafornektarar sine forsøk på å svekke og blokkere det fullstendig.

Heime i Austerrike er ikkje dei unge berre opptekne av klima. Schilling høyrer ofte at dei er usikre på framtida si, om dei kjem til å ha råd til ein bustad, kunne bygge eit trygt liv og føle seg trygge.

Ho trekker fram svekt demokrati rundt om i Europa, og auka polarisering som avgjerande tema.

– Klimarettferd, sosial rettferd og demokrati heng saman. Framtida tilhøyrer generasjonen som nektar å akseptere at ting må vere slik dei er.