I framskrivingane til Statsbudsjettet for 2020 ligg Noreg langt unna å nå klimamåla for 2020 og 2030. No reagerer klima- og miljøorganisasjonane – og klimaforskarar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statsbudsjettet for 2020 kom berre veker etter at fleire millionar over heile verda demonstrerte for meir klimatiltak for å hindra klimakrisa. Historias største klimademonstrasjon, i bygder og byer verda over – leia av ungdomen.
Korleis ligg Noreg an med utsleppskutta?
Men i Statsbudsjettet ligg også framskrivingar for utviklinga framover. Mellom anna utrekningar av kor store utsleppskutt dagens politikk vil føra til.
– Nok ein gong gir regjeringa blaffen i ungdomen, skreiv Gaute Eiterjord på Twitter då han såg framskrivingane.
Sjå bilete under:

Framskrivingane for klimagasuutslepp i Noreg. Kjelde: Statbudsjettet 2020
Ligg ikkje an til å nå klimamåla for 2030
Då Paris-avtalen vart gjort i 2015, melde Noreg inn eit mål på å kutta utsleppa med 40 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå.
I framskrivinga i Statbudsjettet frå 2020, ligg altså talet an til å bli omlag 12 prosent – ikkje 40 som lova i Paris-avtalen.
I 2020 skal landa melda inn nye, forsterka klimamål.

Utslepp av klimagassar i Noreg fordelt på kjelder. Kjelde: SSB/Miljødirektoratet
– Altfor dårleg. Utsleppa må minst halverast i denne perioden
Samstundes vil ikkje regjeringa erklæra klimakrise, og ordet var heller ikkje nemnd i Satsbudsjettet for 2020 eller i talen til finansminister Siv Jensen då ho la fram statsbudsjettet.

Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord. Foto: Ingvild Eide-Leirfall
Eiterjord, i Natur og Ungdom, reagerer på at utsleppa statsbudsjettet legg opp til, ser ut til å liggje langt under målsetjinga til regjeringa sjølv.
– Klimapolitikken i statsbudsjettet 2020 legg opp til at me berre kuttar 12 % av dei norske utsleppa (samanlikna med 1990) innan 2030. FNs klimapanel tilrår halvering for å unngå katastrofale klimaendringar, skriv Eiterjord på Twitter.
Også Bård Vegar Solhjell i WWF (World Wide Fund for Nature) er skuffa over framskrivingane. WWF har sjølv gjort framskrivingar utifrå Statsbudsjettet, som viser at Noreg når 15 prosent kutt i norske utslepp innan 2030.
– Dette er alt for dårlig. Utsleppa må minst halverast i denne perioden. Seinast under FN-møtet i New York for nokre dagar sidan sa Erna Solberg at verda må auka innsatsen for klima og natur, og gjera det fort. Dette statsbudsjettet står diverre ikkje i stil, seier han i ei pressemelding.
Når ikkje utsleppsmåla for 2020
Å ikke nå 2020-målet i klimaforliket er ikke «å styrke» klimaforliket. Det er kanskje det tydeligste løftebruddet til denne regjeringa, men det får ikke 5 % av oppmerksomheten det fortjener. Å bryte vårt første klimamål har spesielt Høyre helt frivillig valgt.
— Anders (@andersskyrud) October 7, 2019
I klimaforliket i Stortinget i 2008, vart heile Stortinget, bortsett frå Frp, samde om at Noreg skulle forplikta seg til å kutta dei globale klimagassutsleppa med 30 prosent innan 2020, samanlikna med utsleppa i 1990.
Til neste år, 2020, vil Noreg ha hatt ein nedgang på 0,4 prosent frå 1990, utifrå framskrivingane i Statsbudsjettet.
I 1990 var utsleppa til Noreg 51,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar. For å nå forpliktinga om 40 prosent kutt i 2030, må utsleppa ned til 30,7 millionar tonn.
Målet frå Klimaforliket var å vera nede på 47 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020. I 2018 var talet 52,9 og framskrivingane i Statsbudsjettet viser at me vil liggje på 51 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2020.
Ifølgje FNs utviklingsprogram er utsleppsnivået i verda per i dag, omlag 50 prosent høgare enn det var i 1990.

Kjelde: SSB/Energi og klima
Framtidige tiltak skal redde prognosane
Lasse Fredheim i Unge Høgre, tek til motmæle på Twitter.
Ser at mange reagerer på at utslippsbanene for 2030 ikke ender på 45%, og at det er “hårreisende.”
Utslippsbanen legger til grunn at vi ikke innfører _noe_ ny klimapolitikk mot 2030. Selvsagt skal vi det. Det kommer en helhetlig plan om et par mnd for hvordan vi skal kutte 50%.
— Lasse Fredheim (@Lassefredheim) October 7, 2019
Sveinung Rotevatn (V), statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), sleng seg også på.
Nei, det er ikkje rett. Dette er tekniske justeringar av konservative framskrivingar. Statsbudsjettet, og regjeringa sin politikk, legg opp til å kutte (minst) 40 prosent innan 2030.
— Sveinung Rotevatn (@Rotevatn) October 7, 2019
– Nei, det er ikkje rett. Dette er tekniske justeringar av konservative framskrivingar. Statsbudsjettet, og regjeringa sin politikk, legg opp til å kutte (minst) 40 prosent innan 2030, svarar Rotevatn til Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord.

Sveinung Rotevatn. Foto: Mona Melanie Lindseth / Venstre
Statssekretæren fortel at alt av nye klimatiltak i budsjettet vil bringe Noreg nærare målet. Han nemner CCS-prosjekt (karbonlagring), auka CO2-avgift, fjerning av unnatak, kraftig satsing på kollektiv/jernbane og meir.
Til våren vil også regjeringa leggje fram Klimakur 2050, ei ny utgreiing om vegen mot lågutsleppssamfunnet. I tillegg skal dei til neste år levera nye, forsterka klimamål til FN.
– Tiltak i 2020-budsjettet, som auka CO2-avgift, er vel ikkje ein del av 2020-framskrivinga, ganske enkelt fordi dei ikkje er vedtekne av Stortinget enno, skriv Rotevatn på Twitter.
– Regjeringa har ikkje forstått alvoret

Silje Lundberg. Foto: Naturvernforbundet
Også ho peikar på gapet mellom utsleppsmåla og overslaget i det føreslegne statsbudsjettet.
– Det er ikkje i nærleiken av det me treng. Med tanke på at regjeringa lova ei forsterking av klimaforliket, er dette altfor dårlig, seier ho.
Også i Framtiden i våre hender er det lunka stemning etter statsbudsjettet vart lagt fram.
– Aldri før har oppslutnaden til klimapolitikk vore så sterk. Men med regjeringa sitt budsjettforslag klarer me berre å kutta 12% av klimautslippa innan 2030, milevis unna målet me har sett oss. Og klimamåla for 2020 ser ut til å vera gitt opp for lengst, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender, i ei pressemelding.

Anja Bakken Riise, leiar i Fremtiden i våre hender. Klimabrølet 30.august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Støtte frå forskingsmiljøet

Carlo Aall er forskar ved Vestlandsforsking, og meiner kvar enkelt må ta ansvar for sine utslepp om me skal unngå klimakrise. Foto: Vestlandsforsking
Han støttar Naturvernforbundet, og trur ikkje det er mogleg for regjeringa å nå måla for 2020 og 2030 på utsleppskutt.
– Nix. Dette går ikkje. Ikkje utan at me tør å gjere noko med forbruket. Den teknologisatsinga ein har lagt opp til sidan klimaarbeidet starta rundt 1990 har ikkje klart å levera; og vil framleis ikkje klara det i tide. Utan å tore å gjere noko for å ta ned forbruket innan biff, bil, bustad og Boeing, så går dette altså ikkje i tide, skriv Aall i ein e-post til Framtida.no.
Klima- og miljøvernarane får også støtte frå forskar Steffen Kallbekken. Han er forskningsdirektør i CICERO, leiar for CICEP Senter for internasjonal klima- og energipolitikk, og har særleg hatt fokus på Parisavtalen i sitt arbeid.
#statsbudsjettet2020 Mange fornuftige avgiftsendringer og økte bevilgninger, men ikke nok til at det blir et taktskifte i klimapolitikken. Nye framskrivninger viser hvor langt unna vi er målet om 30% utslippskutt fra 1990-nivå i 2020 og 40% kutt i 2030 (kvotekjøp ikke medregnet). pic.twitter.com/L2uaoq9Puc
— Steffen Kallbekken (@SKallbekken) October 7, 2019
– Regjeringa når ikkje klimamåla med utsleppskutt her heime, men me når våre internasjonale forpliktingar med kjøp av klimakvoter, seier Kallbakken til NRK.

Steffen Kallbakken. Foto: Cicero
Han peikar på samarbeidsavtalen med EU, og fortel at Noreg også i 2030 kan nå målet utan å kutta nasjonale utslepp.
Kallbekken presiserer som Rotevatn at utrekningane av utslippskutta i 2030 ikkje inkluderer den nye politikken som er føreslått i statsbudsjettet. Til NRK seier han likevel at det er grunn til å kritisera regjeringa.
– No har Erna Solberg-regjeringen site i seks år, og effekten av alle tidlegare statsbudsjett er fanga opp, så dei kan ikkje halda fram å skulda på at neste års budsjett blir betre.