Bill Gates slepper ut 14.000 gongar meir enn snittet på flyreiser

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er eit spørsmål til samfunnet. Om nokon flyr mykje så mykje må nokon andre fly mindre om me skal halde oss innafor klimamåla, seier forskar Stefan Gössling ved Vestlandsforsking.

Saman med kollegaar har han overvaka og rekna ut klimautsleppa frå flyreisene til ti kjendisar som har profilert seg innan område som kultur, næringsliv og sport.

Det har dei gjort gjennom sosiale medium-plattformane Twitter, Instagram og Facebook.

Artikkelen Celebrities, air travel & social norms er publisert i Annals of Tourism Research.

Flygaren Gates

På lista finn ein mellom anna Microsoft-gründer Bill Gates, skodespelar Emma Watson, artist Jennifer Lopez, motedesignar Karl Lagerfeld, hotellarving Paris Hilton, Facebook-gründer Mark Zuckerberg og talkshow-dronning Oprah Winfrey.

Forskarane fann at mange av postane til kjendisane handla om reising, som gav sosial status og at dei ikkje løfta dei negative klimakonsekvensane.

På toppen av lista over dei ti kjendisane tronar mangemilliardær og velgjerar Bill Gates, som i løpet av 59 flyreiser bidrog med 1629.4 tonn CO2 i atmosfæren.

Medrekna alle utslepp sleppte ein gjennomsnitts nordmann ut 8,4 tonn CO2, medan snittet i verda var på 4,8 tonn CO2. Dette er rekna ut ifrå dei totale utsleppa til dei ulike landa og inneber difor betydeleg mykje meir enn reiseaktiviteten.

Den amerikanske songaren Jennifer Lopez spelte mellom anna for publikum i Dubai I 2017. Foto: Kamran Jebreili/AP

Paris Hilton på andreplass

Ein gjennomsnittleg verdsborgar sleppte ut 115 kilo CO₂ gjennom flyreiser kvart år, dette fordi majoriteten av befolkninga i verda aldri flyr. Utsleppa frå Gates sine flyreiser er 14.000 gongar så høge som verdssnittet.

Nedst på den handplukka kjendislista var Emma Watson, som «berre» bidrog med 15,1 tonn CO2 frå flyreisene, noko som «berre» er 131 gongar verdssnittet.

Forskarane fann fleire flyturar, men lågare utslepp, hjå både Paris Hilton og Jennifer Lopez, som kom på plassane bak utsleppsversting Bill Gates.

Hilton fekk andreplassen i undersøkinga med 1261,3 tonn CO2-utslepp frå flyreiser i 2017. For 38-åringen er jetsetlivet i stor grad eit varemerke:

Professor Stefan Gössling er tilknytt Økonomihøgskulen ved Linnéuniversitetet og Universitetet i Lund, samstundes som han har ei 50 prosent stilling hjå Vestlandsforsking. Foto: Vestlandsforsking

– Problemet er at folk flyr for mykje

Gössling er ikkje i tvil om at me bør forventa meir av desse føregangspersonane. Han peikar på at utsleppa må reduserast slik at kvart menneske ikkje slepper ut meir enn fire tonn CO2. samanlagt i løpet av eitt år.

Han meiner me alle er for flinke til å bortforklara eige forbruk. Han meiner det er særleg interessant at mange peikar på flyselskapa, framfor eige forbruk, som problemet.

– Problemet er at folk flyr for mykje. Løysinga er at me må fly mindre. Det er interessant at det verkar så vanskeleg for dei som flyr mykje å la det vere. Det er ein del av sin identitet deira, seier forskaren.

Det har allereie vore diskusjonar om klimarettferd og forbruksvanar mellom utviklingsland og industriland, men forskaren meiner det òg er grunn til å sjå på ulikskapane mellom individ.

– Me må ikkje sjå på produksjon, men konsum. Kven er det som står for utsleppa? Då får ein eit heilt anna bilete av problemet, men òg andre løysingar, seier forskaren.

Slik såg flyrutene til Bill Gates ut i 2017. Forskarane har henta ut informasjon frå sosiale medium og har ikkje teke høgd for eventuelle mellomlandingar.

Få slepper ut mykje

Han peikar på at samstundes som ein prøvar å kutte i industrien er det ei lita gruppe som berre forbrukar meir og meir.

– Det er synd at dei som slepper ut mykje ikkje gjer meir for å kutte utsleppa sine, for dei har pengar og makt til å endre seg, seier Gössling.

Han dreg fram mellom andre Al Gore og Leonardo DiCaprio som to klimamedvitne velgjerarar, som hadde hatt meir truverd dersom dei freista å verte klimanøytrale.

Trass i at me i år har sett eit auka klimamedvet med mellom anna Fridays for Future trur ikkje Stefan Gössling at funna hadde vore annleis dersom han hadde spora kjendisane sin reiseaktivitet i 2019.

Han grunngjev dette med at reiseverksemda er ein del av varemerket til kjendisane.

– Det er mange som ikkje har tatt eit standpunkt og det finst ein psykologi i oss alle som gjer at me vegrar oss for å sjå at me er problemet. Ein tenkjer gjerne at: «No kjempar eg for det gode, difor gjer det ikkje noko at eg slepper ut sjølv», seier forskaren.

Les også: Erna Solberg meiner nordmenn kan fly utan skam

Då familien Gates vitja Noreg i 2013 fekk dei båtskyss med heile kronprinsfamilien til Kjevik flyplass, der eit privatfly venta. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Motstand mot bra klimapolitikk

Han skulle ynskja han kunne sett nærare på mellom anna bonusordningane til flyselskapa, som er eit insentiv for folk til å fly meir, men forklarar at det er mykje motstand mot å levere ut denne informasjonen.

Vidare skulle han gjerne teke ein nærare kikk på politikarane og bransjeorganisasjonane sine reisevanar.

– Eg trur mykje av motstanden mot ein bra klimapolitikk kring flyreiser er eit resultat av eigne vanar. Ein vil ikkje setja spørsmål kring det som fungerer bra for ein sjølv.

Sienna Millers (Foto: Evan Agostini/Invision/AP), Benedict Cumberbatch (Foto: Ollie Upton/Showtime via AP), Jude Law (Foto: Vianney Le Caer/Invision/AP)

Utslepp frå flyreiser i 2017:

  1. Bill Gates – 1629,4 tonn CO2
  2. Paris Hilton – 1261,3 tonn CO2
  3. Jennifer Lopez – 1051,0 tonn CO2
  4. Oprah Winfrey – 615,6 tonn CO2
  5. Mark Zuckerberg – 485,1 tonn CO2

*Tala er henta inn via sosiale medium og er rekna ut i frå reiseaktiviteten.