Kunnskapsministeren vil la skulane utvise elevar i fire veker
Elevar som trugar eller utøver vald mot medelevar, skal kunne visast bort frå klassen i inntil fire veker, foreslår kunnskapsministeren.
– Om ein har elevar som har gjort seg skuldige i kriminalitet, gjerne vald eller trugslar mot medelevar, og det blir opplevd utrygt for resten av klassen, så skal ein kunne ta ut denne eleven i inntil fire veker for eit alternativt undervisingsopplegg, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.
Elevar som forstyrrar så mykje at det går alvorleg utover opplæringa, skal òg kunne visast bort.
– Da må det vere snakk om langvarige og alvorlege utfordringar for læringsmiljøet, understrekar ho.
Skal få oppfølging
Forslaget blir no sendt ut på høyring. I høyringsforslaget vil regjeringa òg gi skulane høve til å utvide bortvisingsperioden med fire veker til i éin omgang.
I praksis kan dermed ein elev bli teken ut av klassen i inntil åtte veker.
Kunnskapsministeren er tydeleg på at elevane skal få oppfølging i perioden dei er ute av klassen. Enten gjennom undervisingsopplegg ein annan stad på skulen, eller utanfor lokala på skulen.
– Men er ikkje dette elevar som ofte treng veldig tett oppfølging? Kan det ikkje vere problematisk å stengje dei ute frå fellesskapen då?
– Dette er eit grep som skal brukast i ekstreme tilfelle. Kommunane har etterspurt fleire verktøy enn i dag. I dag kan dei berre velje mellom å vise bort eleven i inntil tre dagar på grunnskulen, eller dei kan gå inn for tvunge skulebyte.
– Mest aktuelt for eldre elevar
Nordtun innrømmer at det er ei «vanskeleg» lovendring, men meiner at ho er naudsynt.
– Det er snakk om ytst få elevar, understrekar ho.
– De vil òg opne for at dei aller minste kan bli stengde ute av klassen?
– Dette skal ut på høyring, og det er ein av tinga som blir viktig å få tilbakemeldingar på. Men vi ser for oss at dette er meir aktuelt for dei eldre elevane.
Kunnskapsministeren understrekar òg at det er snakk om inntil fire veker, og at det oftast kan vere snakk om kortare periodar.
I dag kan ein elev maks visast bort i inntil éin dag i barneskulen, tre dagar i ungdomsskulen og inntil fem dagar i vidaregåande skule. I unntakstilfelle kan elevar òg utvisast resten av skuleåret i vidaregåande.
Det nye forslaget kjem i tillegg til dagens bortvisingsreglar.
– Elevar som blir viste bort, har ikkje rett på opplæring desse dagane. Det nye forslaget tek vare på retten elevane har til opplæring, seier Nordtun.
Vil la skulane dele informasjon
Forslaget følgjer opp andre grep regjeringa har gjort i skulen. Mellom anna lovendringane som gjer at tilsette i skulen no kan gripe fysisk inn overfor elevar ved vald, skadeverk, psykiske krenkingar eller forstyrringar av opplæringa.
Kunnskapsministeren seier at ho ikkje har problem med å bli omtala som «Strenge-Kari».
– Vi har allereie frå før endra opplæringslova to gonger sidan 2023 for at lærarane skal vere trygge på at dei kan løyse opp i vanskelege situasjonar med å ta i elevane om andre grep ikkje verkar. Vi må ha ein skule der det er tydelegare at læraren er sjefen, seier Nordtun.
Framover har regjeringa nok eit skule-grep på trappene: Det skal bli enklare å dele informasjon om elevane når dei begynner på ein ny skule.
– Om du har elevar som har historikk med vald og trugslar, skal det bli mogleg for skulen å informere den nye skulen om det – når dei til dømes går frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Det har ikkje vore mogleg til no.
Saka har allereie vore ute på høyring, og kunnskapsministeren fortel at det kjem eit lovforslag frå regjeringa om kort tid.
– Det er viktig for å rigge den nye skulen på best mogleg måte, sånn at dei kan ta imot eleven på ein god måte. Det er òg viktig overfor dei andre elevane.






