Islands yngste på Alltinget kjempar for EU-medlemskap
Ingvar Thoroddsson (27) jobbar for ei ny EU-folkerøysting og vil innføre euro på Island.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Eg trur EU-medlemskap og euro er det største steget vi kan ta for å gjere Island, som er veldig bra, endå betre.
Det seier Ingvar Thoroddsson (27) til Framtida.no i ein videosamtale. Thoroddsson (på islandsk: Þóroddsson) er den yngste politikaren i det islandske Alltinget, tilsvarande det norske Stortinget.
Han representerer Reformpartiet (på islandsk: Viðreisn).
Vil vere med i klubben
Denne veka røyster Alltinget over om dei skal halde ei folkerøysting om å søkje EU-medlemskap på Island.
– Eg har venta på denne veka sidan eg kom inn i parlamentet, seier Thoroddsson.
Om Alltinget seier ja, vil folkerøystinga vere allereie 29. august i år.
Kven er Viðreisn?
Viðreisn, eller Reformpartiet, er eit liberalt, marknadsorientert parti, som kan minne om Venstre.
Partiet blei oppretta i 2016, som ein reaksjon på at Sjølvstendepartiet braut løftet om å halde ei folkeavstemming om EU.
Då gjekk mange medlem av Sjølvstendepartiet ut, saman med medlem frå andre parti, og danna eit nytt parti. Partiet er for EU-medlemskap.
Island har søkt EU-medlemskap tidlegare, i 2009, då økonomien på Island var nede etter børskrakket. Så stoppa forhandlingane etter at økonomien blei betre, og det kom ei ny regjering. No kjempar fleire, inkludert Thoroddsson, for at forhandlingane skal bli tatt opp igjen.
– Eg har aldri hatt det så gøy i kammeret, og med å ta del i diskusjonane, som dei siste dagane.
Begynte i svensk politikk
Sjølv om dei på Island i hovudsak snakkar islandsk, lærer dei dansk og engelsk på skulen. Men Thoroddsson snakkar med Framtida på svensk.
– Eg budde i Göteborg frå 2009 til 2014, det er grunnen til at eg kan det.
I Sverige blei han med i det svenske partiet Liberalerna (den gongen Folkepartiet), som er eit systerparti til norske Venstre.
– Eg flytta tilbake til Island for å gå på vidaregåande, og ville halde fram med politikk. Men eg fann ikkje riktig mitt parti på Island før Viðreisn blei stifta i 2016.
Thoroddsson blei medlem av partiet, og ved valet i 2021 sa han at han ønskja å vere på lista til Reformpartiet i sin region. Då blei han sett på tredjeplass.
– Det var ganske høgt opp, sjølv om eg var ganske ung og ny.
Tre år seinare, i 2024, stilte han til val etter at den førre islandske regjeringa hadde falle.
– Då følte eg meg klar, og sa at no vil eg vere på fyrsteplass.
Thoroddsson var nett ferdig med ingeniørutdanning, og var usikker på kva han skulle gjere vidare.
– Men så gjorde vi det bra i valet, og eg kom inn i Alltinget.
Etter to år i regjering begynte diskusjonane Thoroddsson har gleda seg til lenge.
Vil ha euro og ei sterkare stemme
Dei to største grunnane til at Thoroddsson vil vere med i EU, er at han vil gje Island ei sterkare stemme i EU-parlamentet, og han vil innføre euro i staden for islandske kroner.
– Vi er i EØS, og det inneber at vi er underlagt fleire EU-lover som ikkje er skrivne med tanke på Island. Der Noreg kan ha lobbyistar i EU, har ikkje vi på Island råd til det, og vår taktikk har vore å henge oss på Noreg, seier Thoroddsson.
– Det synest eg ikkje er ideelt, og det er ikkje ein god måte å nytte sin eigen suverenitet. Eg vil vere med i klubben, seier han.
Thoroddsson seier Islands krone er ein av dei minste valutaene i verda.
– Det har fordelar å ha sin eigen valuta, men det er store ulemper òg. Det kostar masse å halde inflasjonen nede, og det gir lite insentiv til utanlandske aktørar. Euroen kan opne den islandske marknaden.
Har medkjensle for kollegaer med barn
Planen var eigentleg å vere ferdig med forhandlingane tysdag denne veka.
– Men opposisjonen snakkar så mykje, så debatten held fram, fortel Thorodsson.
Han synest det islandske parlamentet er ganske kaotisk gjennomført samanlikna med andre parlament.
– Det kan bli ganske høg temperatur, seier Thoroddsson.
– Det er 63 representantar på Alltinget, og alle er glade i å prate. Det er ikkje lov å snakke meir enn 15 minutt av gongen, men det er ingen grenser for kor mange gongar ein kan tale. Vi har halde på i to dagar no, og det er framleis 30 representantar som ikkje har hatt sine talar, seier han når Framtida snakkar med han onsdag.
Sjølv om det blir lange dagar, synest han det er gøy at det er krevjande.
– Eg har medkjensle for kollegaene mine som har barn og familie. Eg har jo ingen barn, så eg har masse energi. Det treng ein i denne jobben.
Trur Island er i ein sterk posisjon
Om det hadde vore folkerøysting i dag, trur Thoroddsson at det ville blitt fleirtal til å halde fram med forhandlingane om EU-medlemskap.
I ei meiningsmåling av Gallup for den islandske kringkastaren RUV svarar 57 prosent av islendingane at dei er for ei folkerøysting, og 52 prosent svarar dei vil eller antakeleg vil røyste for EU-medlemskap.
– Det er fleire ting som har endra seg den siste tida. Det er dyrtid, og USA er ein mindre stabil partnar enn før.
Likevel synest ikkje Thoroddsson at situasjonen på Island er lik som førre gong dei vurderte medlemskap.
– Ein bør ikkje gå inn i forhandlingar medan ein er på kne, slik vi gjorde den gongen. No har vi ein annan posisjon. EU har sagt at dei vil ha oss med, og etter Brexit trur eg dei er interessert i å vise at rike land vil inn. Då trur eg vi kan få igjennom det som er viktig for oss.
Positiv til å finne kreative løysingar
Dei største motstandarane av å bli med i EU på Island, trekkjer fram fiske og jordbruk som motargument. Fiske er ein av hjørnesteinane i Islands økonomi. Om EU skulle innføre same lover på Island som resten av unionen, vil det bety at islandske fiskarar må konkurrere med store fiskenasjonar i Europa, i eigne farvatn.
Thoroddsson trur likevel at det er noko dei kan finne ei løysing på.
– Eg er veldig optimistisk. Eg trur ikkje EU vil forstyrre islandsk fiskeindustri eller islandsk jordbruk. Eg er veldig positiv til at vi kan kome fram til kreative løysingar, som gjer at vi bestemmer over og fiskar eigen fisk. For å få til det må ein vere i ein sterk forhandlingsposisjon. Det var vi ikkje førre gong vi ville inn, men eg trur vi er det no, seier han.
Han trur det kan gå fort om folket røyster ja på avstemminga.
– Utanriksministeren sa i eit intervju i dag av det kan ta eitt og eit halvt år. Vi er jo inne i kraft av EØS, og vi har grunnlaget frå forhandlingane frå førre gong vi søkte.
Denne gongen, seier Thoroddsson, er planen å begynne med det som er vanskeleg, og så gå over til det meir formelle, slik at ein ikkje sløser tid.
– Ingen land i Europa har fiske som ein pilar i økonomien slik vi har, og det er det viktig for oss å ta vare på. Men om det blir ja i august, og vi får gode svar frå EU på spørsmålet om fisking, så trur eg det kan gå fort, avsluttar Thoroddsson.










