Desse er nominerte til Gullbarbie 2025

Algoritmar, seksualisering og influensarvideoar kan føre til verstingprisen i år.

Åshild Slåen
Publisert

Oppdatert 14.01.25 med svar frå TikTok Nordics.

Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut prisen Gullbarbie til den aktøren dei meiner er best på å få ungdom til å føle seg verst. I år er det Dagbladet, Gutta Sprut AS og TikTok som er nominerte.

Les heile grunngjevinga til nominasjonane lenger nede.

 

Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

  • 2024: Shein
  • 2023: Ex On the Beach
  • 2022: Brandy Melville
  • 2021Sophie Elise AS
  • 2020Blogg.no
  • 2019: Victoria’s Secret
  • 2018: Bik Bok
  • 2017: Nettavisen
  • 2016: Dagbladet
  • 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
  • 2014: Russekledeprodusenten Russedress
  • 2013: Victoria’s Secret
  • 2012: Klesmerket Jack & Jones
  • 2011: Klesmerket Diesel

Fokuserer på å tryggje internett for barn og unge

Prisen blir gjort på ein litt annan måte i år. Marius Sjølyst, leiar i organisasjonen, fortel at dei no skal ha eit årleg tema for prisen, og at 2025-kampanjen fokuserer på dei marknadsføringsaktørane som skapar utrygge rom for barn og unge på internett.

Marius Sjølyst er leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Han peikar på at marknadsføringsverda er heilt annleis enn då dei byrja å dele ut Gullbarbie i 2011.

– Det er ikkje nødvendigvis reklamen på busstoppet eller TV-en som unge får best med seg, det er reklamen sosiale medium.

Organisasjonen har teke omsyn til det når dei har valt dei nominerte, som alle er store aktørar på nett.

Dette er dei nominerte:

Dagbladet er ein av dei nominerte til Gullbarbie. | Foto: Åshild Slåen

Fullstendig grunngjeving:

«Dagbladet er ei stor, nasjonal avis som har lang fartstid, og har både fysisk og digital avis. Avisa tek for seg alt frå dagsaktuelle nasjonale og internasjonale saker, til saker om livsstil og mote. 

Dagbladet har tidlegare vunne Gullbarbie i 2016 med grunngjevinga «Dagbladet har framsider som ofte blir prega av einsidige ideal, seksualisering, gamle kjønnsroller, kvinner som illustrasjon for irrelevante saker og eit stort fokus på vekt og slanking».

I år nominerer vi Dagbladet igjen, fordi trass i at dei har vunne Gullbarbie før, ser vi at dei har same skadelege haldningar, saker og reklamar i avisa si den dag i dag. Barn og unge er tydelege i si tale om at nasjonale aviser ikkje treng å seksualisere sitt innlegg for å spreie nyheiter.»

Gutta Sprut AS har ein felles Youtube-kanal. | Skjermdump frå Youtube-kanalen @Gutta69

Fullstendig grunngjeving:

«Gutta Sprut er eit aksjeselskap eigd av fleire kjente norske influensarar, blant andre Oskar Westerlin og Baris Brevik. Selskapet har som formål å produsere medieinnhald for den norske marknaden, og har blant anna ein YouTube-kanal der dei gjer akkurat dette. 

Kvifor er Gutta Sprut AS nominert til Gullbarbie? 

Gutta har gjentatte gongar fått kritikk for innhaldet på deira sosiale medium. Dei har blant anna blitt skulda for homohat og ytringar som er negative mot skeive, nedverdigande ytringar om kvinner og ein overdriven bruk av pengar og alkohol offentleg på sosiale medium. Gutta har produsert videoar med titlar som «gjett homsen» og «10 damer vs. Oskar Westerlin». Gullbarbie i år set fokus på retten til ein trygg oppvekst på nett og Gutta si verksemd bidrar til framandgjering og kroppspress blant anna gjennom homofobiske haldningar og fokus på einsidige skjønnheitsideal.

Trass i gjentatte skuldingar, kronikkar som diskuterer problematiske utsegn frå kanalen deira og ei rekke andre influensarar som henger selskapet ut for innhaldet deira – let det ikkje til å bli noka endring. Gutta Sprut AS blir difor nominert til Gullbarbie på bakgrunn av selskapets negative og utdaterte haldningar, som bidrar til ein kultur blant unge, spesielt gutar, som er skadeleg for deira utvikling som barn.»

TikTok har blitt eit av dei mest populære sosiale media i Noreg. | Foto: Solen Feyissa/Unsplash

Fullstendig grunngjeving:

«TikTok er blant plattformene som blir nytta mest av barn og unge, og er også ein representant for eit større problem i denne settingen. Meta, Snapchat og TikTok er plattformer som spelar inn i eit større problem med algoritmar og marknadsføringspraksisar som påverkar barn og unge negativt. Det gjer at samfunnsansvaret til plattformer som TikTok er stort, og ifølgje barn og unge er det tydeleg at dei ikkje tek det ansvaret på alvor. Skuldingane mot TikTok om sal av personopplysningar og bruk av åtferdsbasert reklame er mange, og ikkje minst er det kritikkverdig kva innhald dei tillèt på plattforma. 

I tillegg til sine avhengigheitsskapande system og algoritmar har influensarar av alle slag etablert seg godt på plattforma. Influensarmarknadsføringa si påverknadskraft på barn og unge er ulik noko anna. Barn og unge opplever ein nærleik til influensarar og skaper para-sosiale forhold som gjer at ein reklame kan følast som ein ven som anbefaler deg eit produkt – og ikkje frå selskap som tener millionar på slik marknadsføring. Dette gjer TikTok som kandidat svært relevant med tanke på at dei andre kandidatane begge nyttar TikTok for si verksemd.

TikTok er nominert for sine avhengigheitsskapande algoritmar og for å sette lys på korleis influensarmarknadsføring påverkar barn og unge.»

Framtida.no har også spurt om kommentar frå Gutta Sprut AS, men har førebels ikkje fått svar.

No er det opna for å stemme på dei nominerte, før prisen blir delt ut 14. februar.

Sjølyst i Press fortel at dei har sendt e-post til alle dei nominerte i dag tidleg.

– Vi har fått svar frå TikTok, og skal møte med dei seinare, men har ikkje fått svar frå nokon andre.

Han håpar aktørane vil forstå at det ikkje er greitt å tene på å spele på barn og unge sine usikkerheiter.

– Hovudmålet vårt er å fordre strukturelle endringar, der det er betre definert for selskap kva som er greitt og ikkje er greitt.