Press-leiaren om Dagbladet: – Dei har ikkje forbetra seg

Dagbladet er igjen nominert til «verstingprisen» av Press - Redd barna ungdom. Og leiaren i Press er ikkje nøgd med svaret frå redaktøren i avisa.

Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 15.01.2020 13:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Press er Redd barnas ungdomsorganisasjon. Tysdag 14. januar blei dei nominerte for den tiande Gullbarbien kunngjort. Prisen går til medie- og reklameaktørar som er «best på å få ungdom til å føle seg verst».

Dagbladet vann prisen i 2016, og har vore nominert fleire gongar.

– Dei har ikkje forbetra seg i det heile tatt, seier Mina Vinje, leiaren i Press, til Framtida.no.

– Trass i at dei ikkje har unge som målgruppe, får unge med seg framsidene. Dei ser dei seksualiserte bileta når dei handlar melk i butikken.

Gjengangar

Då Dagbladet blei tildelt Gullbarbien i 2016 var grunngjevinga at nettsida hadde framsider som var prega av einsidige ideal, seksualisering, gamle kjønnsroller, kvinner som illustrasjon for irrelevante saker og eit stort fokus på vekt og slanking.

Årets nominasjon til Dagbladet går ikkje berre på framsider, men på avisa som heilskap, både på nett og i papir. I tillegg har dekninga av intimkirurgi blitt eit av punkta det blir retta ekstra kritikk mot frå Press.

I årets grunngjeving står det:

«Dagbladet har eit samfunnsansvar som dei ikkje tek på alvor. Gjennom artiklar, overskrifter og bilde fulle av unødvendig seksualisering og overdrive fokus på sex, kropp og slanking, bidreg Dagbladet til usikkerheit og dårleg kroppsbilde blant ungdom. Dagbladet har hatt saker om intimkirurgi, med titlar som «det beste eg har gjort» og «det er verdt pengane»».

Dei andre nominerte til årets Gullbarbie er Facetune og Blogg.no.

Dekkjer begge sider

Dagbladets sjefredaktør Alexandra Beverfjord skriv i ein e-post til NRK.no at forbrukarstoff, helsestoff og saker om sex og samliv er ein liten del av avisa sin produksjon, på kring 100 artiklar dagleg. Beverfjord er ikkje einig i kritikken mot dekninga av vekt.

– Dette er blitt eit alvorlig helseproblem, og i likskap med mange andre medier skriv Dagbladet om slankemetodar som har forskingsmessig dokumentert effekt, skriv redaktøren.

Ho meiner vidare at dei dekkjer både positive og negative sider av intimkirurgi.

Dette er ein av artiklane frå Dagbladet Press meiner gjer dei fortent til å vere nominert til Gullbarbien. Skjermdump

Beverfjord peikar på at barn ikkje er målgruppa til Dagbladet og skriv at avisa også kjem til å skrive om dei aktuelle stoffområda i framtida.

Mina Vinje er einig i at fedme er eit helseproblem. Ho meiner likevel at måten Dagbladet framstiller det på er feil.

– Dei forsvarar seg med at fedme er eit helseproblem, og at dei ikkje har unge som målgruppe. Dei har rett i at fedme er eit helseproblem, men kritikken vår går på måten dei framstiller problemet på.

Dagbladet blei i januar 2019 kritisert av leiaren i Press, Mina Vinje for sakene om intimkirurgi. Avisa blei òg klaga inn til Pressens faglege utval (PFU) for brot på god presseskikk i overskriftane, men blei ikkje felt.

Mina Vinje, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, var kritisk til dagbladet sine overskrifter om intimkirurgi i januar 2019. Ho meinte det tyder at Dagbladet ikkje har lært etter at dei vart kåra til årets Gullbarbie i 2016. Foto: Press/Dagbladet