Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi meiner Ex on the Beach Norge må ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta realityseriar har på barn og unge.

Det seier Isaac Elstad Røssnes, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, i ei pressemelding.

Dei deler kvart år ut Gullbarbien til den reklame- og medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst.

Vinnarane skal ha brukt einsidige skjønnheitsideal, utdaterte kjønnsroller og unødvendig seksualisering.

I år var det Prowhitening, Ex on the Beach Norge og Zara som var nominerte.

Isaac Elstad Røssnes er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Press

Kropps- og sexfokus

For Ex on the Beach Norge var det kroppsfokuset som gjorde at dei enda med ein solid nominasjon. Røssnes vil at programskaparane bak den populære serien skal ta ansvaret sitt på alvor.

– Ved å stemme på årets Gullbarbie har barn og unge sagt tydeleg ifrå om at dei er lei av kor seksualisert mediebiletet er. Dei er lei av at Ex on the Beach Norge speler på barn og unges usikkerheiter og skaper sexpress.

Discovery: Speglar tida vi lever i

Press har hatt dialog med Discovery om kvifor programmet vart nominert. Dei har tidlegare sagt til MinMote at dette ikkje er ein pris dei ynskjer seg.

Kanskje vi skulle brukt mindre kropp og meir varme i marknadsføringa. Mindre pupp og meir humor?

Samstundes er dei ikkje einige i alle premissane for nominasjonen. Kommunikasjonsrådgjevar Hanne McBride påpeiker at serien speglar tida vi lever i, og at mange kritikarar ikkje har sett sjølve programmet, men baserer seg på overskrifter og lausrivne klipp.

Press-leiaren er glad for at Discovery er open for kritikk.

– Samstundes reagerer vi på at Discovery svarer på kritikken med at serien speglar samfunnet vi lever i. Som ein stor aktør, er dei ein del av årsaka til det seksualiserte mediebiletet. Dette er noko dei burde motverke, men dei vel heller å bruke det som ei unnskyldning for å lage klikk-vennleg TV, seier Isaac Elstad Røssnes.

Fleire verdige vinnarar

Røssnes understrekar at dei to andre nominerte ikkje burde puste letta ut, berre fordi dei ikkje vann.

Gullbarbie-illustrasjon: Press

– I likskap med tidlegare år, er alle kandidatane verdige vinnarar. Gullbarbie sitt formål er primært sett å sette søkelys på korleis reklame- og mediebransjen driv kynisk og målretta marknadsføring mot barn og unge.

Poenget er å heve samfunnsdebatten for å betre kåra for barn og unge. Det får forskjellige utslag kvart år. Tidlegare år har blant anna Sophie Elise, kleskjeda Brandy Melville og Dagbladet vunne.

Fyrste år med realityserie

I år er fyrste gongen Press løftar opp eit reality-program. Leiaren påpeiker at sjangeren ikkje treng å vere negativ for unge.

– Mange seriar har eit stort fokus på kropp og sex. Dette er ikkje nødvendigvis problematisk, men når realityseriar også viskar ut linjene mellom fiksjon og verkelegheit kan det påverke barn og unge negativt, seier Isaac Elstad Røssnes.

Press meiner Ex on the Beach er det siste TV-konseptet av sitt slag som er att på norske skjermar.

– Ingen realitykonsept er lenger like dryge eller homogene. No er det på tide at også Ex on the Beach er med på å skape eit mediebilete som fremjar mangfald for barn og unge.


TIDLEGARE VINNARAR AV GULLBARBIE

2022: Brandy Melville

2021: Sophie Elise AS

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

Sjå heile lista her!