Dagbladet er klaga inn til PFU og foreslått til ny Gullbarbie

– Det er nesten så det er ein reklameplakat for plastiske operasjonar, seier leiaren i Press.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Overskriftene er veldig leiande. Det er nesten så det er ein reklameplakat for plastiske operasjonar, seier Mina Vinje, leiar i Press – Redd Barna Ungdom.

Ho fortel at tidlegare Gullbarbie-vinnar Dagbladet igjen har vorte foreslått nominert til verstingprisen for Dagbladet Pluss-titlane: «Se før og etter bildene. Johan (33) forlenget penis: – Verdt pengene» og «Karin opererte kjønnsleppene: – Det beste eg har gjort».

Kritikk i sosiale medium

Vinje har ikkje sjølv lest sakene, som ligg bak betalingsmur, men reagerer på at Dagbladet som ein seriøs nyheitsaktør promoterer før og etter-bilete av inngrepa, noko som ikkje er lov å bruke i marknadsføringa av kosmetiske inngrep.

Press er ikkje åleine om å reagere. Også Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen har kritisert sakene på sitt særeigne vis:

Dagbladet: – Moralistiske reaksjonar

20. mars omtalte Medier24 eit Facebook-innlegg frå journalist Liv Ekeberg, som òg er medlem i Pressens faglege utval (PFU).

Ekeberg kritiserer Dagbladet for «kynisk klikkagn» og å løpa ærend for dei som lev av plastiske operasjonar, men sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet tek kritikken med ro.

– Me var mellom anna blant dei første publikasjonane i Norge som byrja med sex og samlivsspalter og kondomannonser for mange tiår sidan. Moralistiske reaksjonar rundt at me tek i stoffområder som sex og kropp – òg frå andre kollegaer i mediebransjen – er me godt vant til, seier Beverfjord til Medier24.

PFU-klage

Laurdag delte Instagram-kontoen @naa_koser_vi_oss ein post om at han har klaga inn Dagbladet til PFU for brot på god presseskikk for overskriftene.  ⁣

«Formuleringa i framsidetitlane fremmar usikkerheit hjå leseren, og er ei indirekte oppmoding til operasjon. Det treff det såraste i lesaren, nemleg ei frykt for å ikkje vere bra nok. Dette har reelle konsekvensar, og er difor svært uansvarleg av Dagbladet,» heiter det i posten:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

@naa_koser_vi_oss klager inn @dagbladet til PFU for brudd på god presseskikk for overskriftene: ⁣ “Karin opererte kjønnsleppene: – Det beste jeg har gjort” og “Johan (33) forlenget penis: – Det var verdt pengene”⁣ ⁣ Formuleringen i forsidetitlene fremmer usikkerhet hos leseren, og er en indirekte oppfordring til operasjon. ⁣Det treffer det såreste i leseren, nemlig en frykt for å ikke være bra nok. Dette har reelle konsekvenser, og er derfor svært uansvarlig av Dagbladet.⁣ ⁣ Siden også begge forsidetitlene linkes til betalte artikler, vil fremstillingen sees av betydelig mange flere enn de som får med seg nyanseringen i artiklene.⁣ ⁣ @naa_koser_vi_oss mener også at Dagbladet og øvrige medier må ansvarliggjøres på følgende punkter:⁣ ⁣ – Forsidetitler må stå i samsvar med nyanseringen i artikkelen, og også der må det legges vekt på saklighet og omtanke.⁣ ⁣ – Omtale av kosmetiske inngrep som ikke er nødvendig for å oppfylle allmenne informasjonsbehov, og hvor det er sannsynlig at det kan fremme unødvendig økt usikkerhet hos leseren, bør forbys. (Dette bør også innebefatte andre formuleringer som antyder at det er noe «galt» med den normale kroppen.)⁣ ⁣ Dagbladet, og andre medier, spiller på vår frykt og usikkerhet for å selge tjenestene sine. Dette må reguleres.

Et innlegg delt av Nå koser vi oss (@naa_koser_vi_oss)

Spent Press-leiar

Leiaren i Press – Redd Barna Ungdom er spent på korleis utfallet av PFU-saka vert.

Ho meiner sakene tyder på at Dagbladet ikkje har lært av kritikken dei har fått tidlegare. Press har kritisert avisa for å særleg gjennom framsidene sine fremja einsidige ideal, gamaldagse kjønnsroller og å bidra til kroppspress gjennom fokus på vekt og slanking.

– Det er eit gjennomgåande problem at media og reklame har eit stort samfunnsansvar som dei ikkje tek på alvor og Dagbladet er ein av verstingane, understrekar Vinje.