Gutta Sprut AS får årets Gullbarbie

– Viktig å skilje mellom enkeltklipp og heilskapen i vårt innhald, svarer Gutta.

Åshild Slåen
Publisert

Gutta Sprut AS, som blant anna står bak Youtube-kanalen Gutta, med profilane Oskar Westerlin, Henrik Viken, Sebastian «Baris» Breivik og Snorre Klanderud, får årets Gullbarbie.

Det var VG som fyrst omtalte saka.

– Selskapets negative og utdaterte haldningar bidreg til ein ukultur blant unge, spesielt gutar, som er skadeleg for deira utvikling som barn, skriv Press – Redd Barna ungdom i eit innlegg på Instagram.

Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

  • 2024: Shein
  • 2023: Ex On the Beach
  • 2022: Brandy Melville
  • 2021Sophie Elise AS
  • 2020Blogg.no
  • 2019: Victoria’s Secret
  • 2018: Bik Bok
  • 2017: Nettavisen
  • 2016: Dagbladet
  • 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
  • 2014: Russekledeprodusenten Russedress
  • 2013: Victoria’s Secret
  • 2012: Klesmerket Jack & Jones
  • 2011: Klesmerket Diesel

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Press – Redd Barna Ungdom (@pressrbu)

I ei pressemelding sitert av VG skriv Press at selskapet var ein soleklar vinnar, og at innhaldet dei produserer har noko kritikkverdig i nesten kvar einaste video.

– Eit slikt innhald passar seg ikkje for barn, og det er kritikkverdig at Gutta ikkje berre veit at dette er innhald som unge ser på, men dei tener også pengar på slikt innhald, uttalar Press.

Humor og ironi for unge vaksne

Gutta er ueinige i kritikken frå Press, sjølv om dei vedgår at dei har nokre omdiskuterte episodar. I ein Instagram-historie skriv dei:

– I løpet av fjoråret publiserte vi rundt 50 videoar, og to-tre av desse har blitt diskutert. Vi meiner det er viktig å skilje mellom enkeltklipp og heilskapen i vårt innhald.

Dei presiserer at dei er ein underhaldningskanal for unge vaksne, der humor og ironi står i sentrum.

– Dei som har delteke i våre innspelingar, uansett bakgrunn, har hatt ei positiv oppleving, og vi opplever at vårt innhald samlar folk framfor å ekskludere.

Vil ha trygge rom for barn på internett

Press peikar ut tre nominerte kvart år, som folk kan stemme på som årets Gullbarbie.

Skjermdump frå @guttashow på Instagram.
Marius Sjølyst er leiar i Press - Redd Barna Ungdom. | Foto: Press

Dei andre nominerte i år var Dagbladet og TikTok.

Leiar Marius Sjølyst har tidlegare sagt til Framtida.no at dei i år fokuserte på dei marknadsføringsaktørane som skapar utrygge rom for barn og unge på internett.

– Hovudmålet vårt er å fordre strukturelle endringar, der det er betre definert for selskap kva som er greitt og ikkje er greitt, sa han.