Ultra-fast fashion-gigant får årets Gullbarbie

Motegiganten Shein får prisen for å skape kjøpe- og klespress blant unge.

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 26.04.2024 10:04

Saka er oppdatert med svar frå Shein. Les deira svar på kritikken nedst i saka.

– Shein er eit prakteksempel på fast fashion-industrien sin påverknad på barn og unge.

Det seier leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Maja Enerhaug Egge, i ei pressemelding.

Kvart år gir organisasjonen ut prisen Gullbarbie til den aktøren dei meiner er best til å få unge til å føle seg verst. I februar har unge kunne stemt på kven av dei nominerte var verst.

Dei tre nominerte var Shein, Meta og Good For Me.

Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

  • 2023: Ex On the Beach
  • 2022: Brandy Melville
  • 2021Sophie Elise AS
  • 2020Blogg.no
  • 2019: Victoria’s Secret
  • 2018: Bik Bok
  • 2017: Nettavisen
  • 2016: Dagbladet
  • 2015: Elevkalenderen, som blir delt ut til elevar ved skulestart
  • 2014: Russekledeprodusenten Russedress
  • 2013: Victoria’s Secret
  • 2012: Klesmerket Jack & Jones
  • 2011: Klesmerket Diesel

Sosiale medium og hauls

Maja Enerhaug Egge er leiar i press. Foto: Press

Grunnen til at Shein vinn årets Gullbarbie er marknadsføringa deira. Press meiner dei må ta ein del av skulda for det store klespresset unge møter.

– Barn og unges feed blir proppa full av plagg og selskap som Shein er med på å skape ei forventning om at ein må kjøpe meir for å unngå klespresset. Sanninga er at det presset kjem frå klesgiganten sjølv, understrekar Egge.

Miljøversting

Kinesiske Shein har dei siste åra vorte ein gigant innan klede og mote, og kan raskt levere på nye trendar til ein billig penge. Dei siste åra har dei også blitt saksøkt for å ha kopiert design frå andre klesselskap og kritisert for potensiell bruk av tvangsarbeid og miljøgifter i produksjonen sin.

– At Shein stikk av med sigeren kan også vise til klimaengasjementet blant dei unge. Det er ikkje lett å vite kva for posisjon ein skal ta når trendplagga blir prakka på deg og avsendaren er ein utsleppsversting, seier Egge.

Ber om dialog

Formålet med prisen er ifølgje Press å gjere folk medvitne på korleis store selskap brukar skitne triks for å tene pengar på ungdom.

Egge presiserer at dei alltid ber om dialog med nominerte, men ofte opplever at aktørar er tause til kritikken.

– Vi treng større politisk endring for å hindre at barn og unges usikkerheit blir utnytta for pengar i framtida, seier organisasjonsleiaren.

Shein: – Stor respekt for arbeidet Press gjer

Sjef for samfunnskontakt i Shein Europa, Marion Bouchut, svarar på kritikken i ein e-post til Framtida.no.

– Sjølv om vi har stor respekt for arbeidet Press gjer, er vi skuffa over å få denne anerkjenninga. Vi meiner det kan vise ei grad av misforståing om korleis Shein opererer og vår visjon for våre kundar og industrien, skriv Bouchut, og utdjupar:

– Vår bedrift er bygd på eit ynskje om å gjere mote tilgjengeleg for alle, uavhengig av din økonomiske bakgrunn, storleik eller form, eller din motesmak.

Bouchut seier at Shein har ein forretningsmodell på etterspurnad, som inneber at dei berre produserer klede som forbrukarane vil ha og slik får mindre overproduksjon, lågare prisar og mindre avfall.

– Vi håpar å få moglegheita til vidare kontakt med Press og alle våre interessentar i Noreg for å byggje større felles forståing i framtida, avsluttar ho.