Her er dei ti mest leste Framtida.no-sakene i 2023.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

10. Kristine (26) må betala i dyre dommar for å kome seg heim til jul – droppar heimreisa

Kvinne som står på skuleplassen og ser inn i kameraet.

Kristine Sandtrøen (26) er vant med å betala høge prisar når ho reiser heim til Mehamn. Foto: Frida Matre Tvedte

Student Kristine Vilde Andersen Sandtrøen måtte ut med til saman 13 900 kroner for ein studentbillett tur-retur Oslo-Mehamn.

Ho ser seg difor nøydd til å feira jul i Oslo i år, men får heller besøk som feirar med familie i Oslo.

– Eg ser det at opp mot høgtider eller tider kor det er meir trykk, så fjernast mogelegheita til å kjøpe studentbillett, og prisane stig noko heilt forferdeleg kraftig, sa ho til Framtida før jul. 

Les heile historia til Kristine og kva økonomen seier om studentøkonomien!


 

9. 12 planter du kan plukka og ete – heilt gratis

Kollasj av planter

Det er mange forskjellige planter som går an å ete. Kollasj av Framtida. Foto: Lise Åserud / NTB (FRB), Reidar Elven/ Artsdatabanken, Store Norske Leksikon / CC BY NC SA 3.0, Paul Kleiven / NTB, Hauk Liebe / Artsdatabanken, Knut Anders Hovstad/ Artsdatabanken, Tiril Myhre Pedersen/ Artsdatabanken, Oddvar Pedersen/ Artsdatabanken

Denne våren publiserte Framtida.no ei sak om plantar du kan plukka og eta heilt gratis. Dei høge lesartala kan ha samanheng med prisauken på matvarer som har vore siste året, eller så er lesarane våre berre generelt interessert i matauk og berekraft.

Her finn du heile lista der du lærer om plantar som russekål, geitrams og ramslauk!


 

8. Emma er pilot: – Eg tenkte at eg kom til å bli ein minoritet

Kvinne som sitt i cockpit i eit fly.

Emma Wiberg jobbar som pilot i Widerøe. Foto: Privat

Berre 5,8 prosent av pilotane i verda er kvinner, og Widerøe-pilot Emma Wiberg er ein av dei.

– Eg har ei positiv oppleving av å vera kvinne i yrket. Eg har ikkje opplevd å bli behandla annleis fordi eg er kvinne, seier Wiberg.

Ho erkjenner at det ikkje sikkert er alle har same oppleving og synest det hadde vore gøy med fleire kvinner i yrket og bransjen. 

– Det er ganske sjeldan at eg flyg med ei anna kvinne, det blir som regel at ein flyg med ein annan mann i cockpit. Kvinner er absolutt framleis ein minoritet.

Les heile intervjuet om yrkeskvardagen hennar her!


 

7. Då eg var 20: Ole Rolfsrud var «emosjonelt relativt ukyssa»

Då Ole Rolfsrud var 20 år hadde han ein enorm utferdstrong.

«Då eg var 20»-spalta er ei spalte som gjev unik innsikt i kva kjente profilar gjorde og tenkte om framtida som 20-åringar.

Her er det så mange nydelege svar og bilete, men aller mest populær i år var sportsanker og julekalenderprofil Ole Rolfsrud.

– Eg tenkte at livet er enkelt og inga sak. Og at slik vil det halde fram. Eg hadde ikkje hatt noko seriøst kjærleiksliv før eg var 20, så eg var emosjonelt relativt ukyssa.

Les heile spalta med Ole Rolfsrud her, og fleire andre «Då eg var 20»-spalter her!


 

6. Under Lim Yeo-jun (18) sin eksamen stoppa Sør-Korea all flytrafikk

Gut ser inn i kameraet.

FERDIG: Lim Yeo-jun er ferdig med Suneung. Foto: Synne Ulltang

I overgangen mellom 2023 og 2024 har Framtida ein medarbeidar i Sør-Korea og har fått støtte av Fritt Ord til artikkelserien «Den sørkoreanske identiteten – mellom det tradisjonelle og det moderne». 

Synne Ulltang møtte Lim Yeo-jun (18) etter at han hadde teke sitt livs viktigaste eksamen.

– Eg skalv frå den augneblinken eg stod opp om morgonen. I tillegg til at eg var nervøs, var dagen ekstra kald. Eg skalv så mykje at eg ikkje eingong kunne drikke vatn, fortalde han.

Les meir om eksamenen som set Sør-Korea på hovudet, og fleire saker frå prosjektet her!


 

5. «I år går eg ikkje i paraden. Eg har fått nok»

Ung kvinne på scena

Kirsti Sæternes på scena under Namdalspride hausten 2022, med slampoesien «Femti-femti». Foto: Privat

Magasinett-skribent Kirsti Sæternes skreiv eit sterkt innlegg i forkant av årets Pride-parade, eitt år etter skytinga i Oslo.

«Prideparaden har på mange måtar vore eit høgdepunkt for meg. Ein folkefest av kjærleik og inkludering. Ein stad kor ein kan vera seg sjølv, eit fellesskap for så mange som har opplevd utanforskap i det å vera annleis. Ei påminning om at eg ikkje står aleine i kampen vidare.

Men i år drar eg på hytta. I år går eg ikkje i paraden. Eg har fått nok.»

Les heile det sterke innlegget her!

Har du ei viktig sak å løfta kan du senda inn meiningsinnlegg via Framtida.no sin nye debattportal!


 

4. Forskar serverte 55 000 år gammalt kjøt i middagsselskap

Bisonen Blue Babe er stoppa ut, og no til utstilling på universitetsmuseet i Alaska. Foto: Travis/Flickr/CC BY-NC 2.0

Du finn ikkje mange oppskrifter på Framtida.no, men her er ei sak som kanskje kan inspirera til nyttårsfesten.

Det var i 1984 at paleontolog Dale Guthrie fann ut at han ville servera bison av god gammal årgang til middagsgjestene sine. Her kan du lesa korleis det gjekk, og korleis det 55 000 år gamle dyret smakte.


 

3. Reidun (23) avbestilte sjukehustime – fekk Vipps-krav på 1500 kroner

Reidun Bergland (23) syntest gebyret ho måtte ut med for å avbestilla helsekonsultasjon kort tid i førevegen er for høgt. Foto: Privat

Student Reidun Johansen Bergland (23) reagerte på det ho meinte var urimeleg høge «ikkje møtt»-gebyr etter å ha avlyst ein time på sjukehuset.

Praktikant frå Nynorsk Avissenter, Jonas Yang Tislevoll, tok tak i saka og Bergland fekk støtte frå Forbrukarrådet.

– Vi meiner Helseføretaka tar uforholdsmessig store gebyr frå forbrukarar i sårbare situasjonar. For nokre pasientar som ikkje betaler vil «ikkje møtt»-gebyr gå til inkasso, og over tid bli til store beløp som kan bli vanskelege å handtera, sa fagdirektør Jorge Jensen.

Saka vart godt lese og vart teken opp på Stortinget av Marian Hussein (SV).


 

2. Leiar og nestleiar i Unge Sentrum melder seg ut av partiet – politisk usemje

Mann i Sentrum-t-skjorte

Espen Oseid Danielsen (29) tok over som leiar i Unge Sentrum i vår.

Dagen etter kommune- og fylkestingsvalet gjekk den nye leiaren i Unge Sentrum, Espen Oseid Danielsen, av saman med nestleiar Eline Heidisdatter Lorentzen.

Framtida.no varsla først om saka og vart sitert av fleire andre nyheitsmedium.

– Vi har blitt eit parti som ikkje lenger er i tråd med vårt eige politiske utgangspunkt. Det har vist seg i fleire prinsipielle saker at vi ikkje har evna å halde oss nokolunde i sentrum av det politiske landskapet, sa Danielsen om avgangen 12. september.

Les heile saka her!


1. Denne hunden har ein viktig jobb på verdas største krigsskip

Lysebrun hund gir labb.

PÅ JOBB: Sage er med på hangarskipet for å auke trivselen til soldatane. Foto: Jackson Adkins, USAs marine.

I mai gjekk heile Noreg av skaftet då verdas største krigsskip sigla i norske fjordar. Framtida Junior og Framtida skreiv om skipshunden Sage, som var med på ferda for å minska stresset på soldatane.

Du kan lesa saka om den firbeinte soldaten her!