Krev svar om dyre «ikkje møtt»-gebyr: – Reknar med ministeren vil rydde opp

Marian Hussein (SV) meiner det er på overtid å rydde opp i dyre gebyr for dei som ikkje møter til legetimen sin.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi kan ikkje ha det slik at vi har eit tydeleg regelverk, men så overprøver helseføretaket det fordi dei antek at pasientane deira lyg til dei.

Det seier Marian Hussein i ei melding til Framtida.no.

Ho er stortingsrepresentant for SV frå Oslo, og medlem av Helse- og omsorgskomitéen, og har no sendt skriftleg spørsmål til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap):

«I Framtida.no, ei nyhende- og debattavis for unge, kan vi lese om Reidun som vert pålagd å betale ikkje møtt-gebyr, trass i at ho har gitt beskjed om at ho er sjuk. Meiner statsråden det er greitt at helseføretaka trur pasientane lyg for å sleppe gebyr, og når vil vi få ei evaluering av ordninga slik det fleire gongar er blitt lova?»

Hussein viser til saka Framtida.no publiserte måndag der Reidun Johansen Bergland fekk eit Vipps-krav på over 1500 kroner etter ho avbestilte ein sjukehustime på grunn av sjukdom. Det meier stortingsrepresentanten blir feil.

– Her reknar eg med ministeren vil rydde opp.

Veit ikkje om gebyret fungerer

«Ikkje møtt»-gebyret, eller fråværsgebyret, er det du må betale dersom du ikkje møter opp, eller dersom du avbestiller ein legetime mindre enn eitt døgn på førehand. Når folk droppar timane sine kostar det helsevesenet pengar. Gebyret skal verke avskrekkande, men om det faktisk fungerer er usikkert. Helseministeren har tidlegare sagt dei skal evaluere ordninga.

Likevel auka regjeringa gebyret til 1500 kroner ved førre statsbudsjett før evalueringa var gjort, noko dei fekk kritikk for i fjor.

I saka om Reidun påpeiker forbrukarombodet at praksisen rundt korleis gebyret blir gitt kan variere både mellom legekontor, sjukehus og internt mellom avdelingar. Fagdirektør Jorge Jensen meiner gebyret burde vere lågare til ein veit meir om det faktisk har ein effekt.

– All den tid det ikkje er klart dokumentert at dei høge gebyra faktisk effektiviserer helsetenestene i Noreg, så burde dei ikkje vore så høge, sa han i saka.

Sjølv om departementet ikkje har gjort ei omfattande evaluering, er det gjort andre studium av praksisen. I ei undersøking frå tidlegare i år såg ein forskar frå Universitetet i Oslo på høyringsdokument rundt dei gongane gebyret har blitt endra. Flesteparten av aktørane i høyringane støtta gebyret, men dei såg ikkje nødvendigvis ein samanheng mellom høgare gebyr og meir oppmøte.

Vil ha svar

– Ei evaluering av ordninga er på overtid, seier Hussein.

Ho ventar no på eit skriftleg svar frå helseminister Kjerkol. Når ein stortingsrepresentant kjem med eit skriftleg spørsmål, har statsråden ein svarfrist på ei veke. Hussein håpar saka blir teke tak i.

– Vi har ingen grunn til å tru at det å stadig auke gebyret er det som vil hjelpe mest. Tvert i mot veit vi at det er mykje å hente på betre digitale løysingar og betre kommunikasjon med sjukehusa, det meiner vi må prioriterast.

Framtida.no har kontakta Helse- og omsorgsdepartementet for kommentar. Dei avventar til dei har gitt skriftleg svar til Stortinget.