Leiaren i Unge Sentrum ville servert Post Malone mør indrefilet og Bud Light

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 02.09.2023 22:09

– Mitt engasjement starta med å vera vitne til korleis menneske med nedsett funksjonsevne blir diskriminert i sitt daglege liv. 

Det skriv leiar i Unge Sentrum, Espen Oseid Danielsen, i ein e-post til Framtida.no. 

Han tenkjer då på diskriminering på arbeidsmarknaden, at personar ikkje får tilgang til bygningar og område, og at CRPD ikkje er inkorporert i norsk rett.

CRPD er FN-konvensjonane for folk med nedsett funksjonsevne, og Regjeringa har bede om ei juridisk ekspertvurdering som skal kome i innan utgangen av 2023.

– Eg har også alltid vore ekstremt opptatt av rettferd og ryddige debattar. Difor blei mi juristutdanning eit springbrett inn i politikken for å arbeida med saker der særlege utsette menneske kjem dårleg ut.

Utanforskap, oljeavvikling og ordskiftet

Både Partiet Sentrum og ungdomspartiet vart stifta i 2020 av avhopparar frå ei rekkje andre parti, men særleg KrF og Arbeidarpartiet.

Espen Oseid Danielsen er førstekandidat for Partiet Sentrum i heimbyen Trondheim i partiets aller første kommune- og fylkestingsval.

Mann på talarstol

Espen Oseid Danielsen er førstekandidat for Partiet Sentrum i heimbyen Trondheim. Foto: Privat

Denne våren tok trønderen over som leiar av det ferske Unge Sentrum, etter at Simen Bondevik varsla at han ikkje tok attval.

Unge Sentrum vart stifta i 2020 og ifølgje leiaren er dei tre viktigaste sakene anno 2023: 

  1. Kampen mot utanforskap og ein politikk som hjelper dei som treng det for å leva eit verdig og godt liv.
  2. Oljenæringa skal avviklast gradvis fram mot 2035, samstundes som satsinga på fornybare energikjelder og energieffektive løysingar aukar i både styrke og omfang.
  3. Auke toleransen for meiningsmangfald og reversera den aukande polariseringa i det offentlege ordskiftet. 


Ut mot merkelappar

– Eg vil få bukt med alle merkelappar og karakteristikkar vi bruker på og om kvarandre i debattar. Ord som rasist, transfob og liknande blir nyttiggjort i eit usunt omfang framfor saklege argument og samtalar, meiner ungdomspartileiaren.

Som leiar for Unge Sentrum vil Espen Oseid Danielsen vera det han omtalar som «kjærleg autorativ», ein som viser empati, omsorg og medmenneskelegdom.

– Eg vil leggja til rette for at gleda av å lykkast, er større enn frykta for å feila. Dette handlar om å skapa tryggleik og låge skuldrer for menneske i organisasjonen, svarar 29-åringen, som ikkje kan peika på eitt enkelt leiarføredøme.

Anten eller: Hund over katt, hyttetur over New York og taco over pizza.

Noereh-leiaren har to hundar.

Breiare enn moderpartiet

Unge Sentrum-leiaren meiner ungdomspartiet i større grad enn moderpartiet femner politiske saker som høyrer til på både venstre- og høgresida av politikken.

– Me representerer breidda i Sentrum ved å ikkje la oss bli for smale i saker som tradisjonelt høyrer til venstresida.

Den største sigeren på vårens landsmøte var ifølgje leiaren vedtaket om å auke satsinga på kjernekraft.

– Me i Unge Sentrum ser eit stort potensial i denne energiforma, særleg då den ikkje vil gjera like store inngrep i naturområde som til dømes vindkraft og solenergi vil måtte gjera.

Dyrt å vera fattig

Om han skulle vakna opp til si draumenyheit i morgon, hadde media slått opp at: «Verda har blitt kvitt krig og svolt!»

I Oseid Danielsen sitt idealsamfunn ville det heller ikkje vore menneske i Noreg som lever i fattigdom.

– Det er heilt vanvitig dyrt å vera fattig i Noreg, og mange hjarteskjerande døme har blitt omtalt i media over lengre tid. Eg meiner at ei universell borgarløn kan vera ein interessant mekanisme for å fjerna fattigdommen som altfor mange i Noreg no lever i.

Urealistiske forventningar

– Den neste kampen i Unge Sentrum vil vera å hindra ei rusreform der det vert avkriminalisert å ha mindre dosar til eige bruk for alle, og ikkje berre til dei som er rusavhengige, skriv Danielsen.

Dette er ei av hjartesakene til ungdomspolitikaren, saman med mellom anna tilstrekkelege BPA-tilbod og at CRPD skal inn i den norske menneskerettslova.

Han er tilhengar av ein skattepolitikk der dei som har mest, bidreg mest, men meiner at me ikkje må utøva for mykje «snillisme» i samfunnet.

– Det er sunt, viktig og normalt å snakka om krav og plikter til kvarandre, ikkje berre kva rettar ein til ei kvar tid har. Dette handlar, etter mi meining, om kva forventningar vi har til diverse ordningar i Noreg. Per no meiner eg desse forventningane, innanfor enkelte område, er urealistisk høge, og dette skapar ein skuffelse som ikkje er særleg forståeleg.

Eigen tidstjuv

– Korleis held du deg oppdatert?


– Abonnerer på sikkert for mange aviser. Eg får Aftenposten levert i papirutgåve på dørmatta kvar dag, noko som absolutt held meg oppdatert på saker. Og så les eg også mykje nyheiter på diverse nettaviser. Sidan eg verken har TikTok, Instagram eller Snapchat, så er det ikkje sosiale medium som er mi nyheitskjelde.

Espen Oseid Danielsen trur kjærasten vil stadfesta at han filosoferer mykje. Trening er ein annan favorittaktivitet. Foto: Privat

På fritida er ungdomspartileiaren opptatt av å trene, lese bøker (ikkje digitalt), spela tennis og vera med familie og vener.

– Eg kan ikkje seia å ha så mange tidstjuvar i min kvardag. Mange svarar sikkert telefonen, men eg er rimeleg bevisst på ikkje å bruka den for mykje. Mitt svar må nok vera: meg sjølv. Dette er fordi at eg stadig tenkjer på forskjellige saker og perspektiv, noko som altfor ofte resulterer i ei slags ufrivillig filosofering over smått og stort. Min sambuar bør kunne stadfesta dette.

Churchill vs. Post Malone

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Det politiske korrekte svaret vil nok vera Winston Churchill. Å få høyra korleis det var å styra eit Storbritannia under 2. verdskrig hadde vore måtelaust spanande. Som person var han også ein særs interessant figur. Ut ifrå biografiane som finst om han, ville eg nok ha servert rikelege mengder med whisky, svarar Danielsen, som likevel må medgje: 


– Mitt ærlege svar må nok vera artisten Post Malone. Dette på grunn av at eg er stor tilhengar av musikken og personen. Ville servert ein mør indrefilet og nokre kalde ølboksar med Bud Light.

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?


– Dette er eit svært godt og vanskeleg spørsmål. Eg må nok seia «Fagre nye verden» av Aldous Huxley. Romanen vart først utgjeven i 1932 og Huxley skildrar eit framtidssamfunn i det 26. hundreår. Han viser til det eg kallar eit «bedagelighetssamfunn», som me på ein skremmande måte er på veg mot. Denne boka må vera eit av dei aller største verka som nokosinne er skrive.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?


– Eg ser ikkje så mykje på seriar, men synest at dokumentaren «Europa fra oven» på Disney+ er strålande. Den viser ulike land frå eit fugleperspektiv, der det er rikeleg med innslag av storslått natur, arkitektur og spanande historieforteljing.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?


– Alle songane av Post Malone, men særleg songen «Candy Paint» ligg mitt hjarte nært!

 

Fakta

  • Alder: 28
  • Personleg pronomen: Han
  • Frå: Trondheim
  • Yrke/utdanning: Jurist/lærar. Master i rettsvitskap + årsstudium med pedagogikk
  • Favorittfag på skulen: Kroppsøving, heilt klart.
  • Ulike verv: Leiar for Unge Sentrum, justispolitisk talsperson for Partiet Sentrum
  • Medlem i: Kyrkjelydsrådet i Sverresborg Menighet