Emilie Hansen
Publisert

Etter altfor mange rentehevingar, og auka prisar på det meste, er det mange av oss som har mindre å rutte med enn vanleg. Om ein er ung har ein kanskje ikkje fått spart seg opp nokon buffer for slike tider heller (guilty), og mykje av pengane ein har, går med til mat og leige. No når det er sommarferie, kan ein kjenne litt ekstra på dette, og føle at ein ikkje har råd til å vere med på alt det kjekke. 

Men fortvil ikkje! Det er mykje artig ein kan gjere utan å tømme lommeboka!


Turist i eige område 

Punkt ein på lista er ein «oldie but goodie». Eg har fleire gongar opplevd at turistar har sett meir, og av og til veit meir, om området eg bur i enn meg. Om ein bur ein plass stressar ein ikkje så mykje med å få med seg alt som skjer der, fordi ein har moglegheita til det seinare.

Turistar derimot vil sjå og oppleve alt medan dei er der. Kva er det turistane oppsøker i ditt område? Er der stadar du ikkje har vore endå i ditt område? Eit fjell? Ei strand? Eller kanskje der er noko turistane ofte oppsøker, men det er lenge sidan du har vore der.

Fjell og hav

Fuglefjellet på Runde i Herøy kommune er eit attraktivt reisemål på Sunnmøre. Foto: Chris-Håvard Berge, Unsplash.com


Arrangement i kommunen for unge

Mange kommunar har ofte ulike arrangement for unge i løpet av sommaren. Og om det ikkje er kommunen som arrangerer, så er det kanskje eit museum, eller eit bibliotek. Sjekk ut kva for nokre arrangement som er i ditt område. Kanskje får du nye venner, og lærer noko nytt! Desse arrangementa er ofte heilt gratis!


Gode matopplevingar

Noko eg set stor pris på når eg er på ferie, er dei gode matopplevingane. Det å ete ute med vennar og prøve nye smakar, er noko eg blir særs glad av. Ein måte å framleis gjere dette, utan at bankkontoen går i minus, er å prøve ut nye oppskrifter heime. Kanskje er du glad i gresk mat, og vil lage gyros. Eller kanskje det er indisk du likar, så du vil prøve deg på ein curry. Det å lære nye oppskrifter er alltid kjekt! Du kan lage mat saman med vennar, eller invitere på lunsj/middag heime hos deg, i ein park, eller kanskje på eit fjell?

Krydder og råvarer

Med nokre basisingrediensar kan du laga all verdas mat heime. Foto: Ratul Ghosh, Unsplash,com


Ut i naturen

I Noreg er vi så heldige at vi har ein natur alle kan ta glede av. Ein kan gå innover viddene, klatre opp dei brattaste fjelltoppar, eller slå opp telt i skogen. Mange får ei heilt anna ro ved å bruke tid ute i naturen, og det kan gjere godt for den mentale helsa å melde seg ut av den hektiske, påkopla kvardagen ein gong i blant.

Om du som meg ikkje er så stor fan av det å sove ute, går det fint an å ta seg dagsturar hit og dit. Kanskje sette seg i ei hengekøye på ein stad med fin utsikt? Det synest eg høyrest bra ut. Ein kan også sjekke ut alle dei fine hyttene som er plassert rundt omkring i landet av DNT. Her er det berre å slå seg laus!

Haukenestårnet i Rømskog. Hyttene til DNT er populære, men under pandemien blei mange av dei stengde. I 2020 minsta friluftsorganisasjonen medlemmer. Foto: Marius Dalseg, DNT


Kreativ kveld 

«Paint ‘n’ Sip» har vorte eit populært konsept, både som noko ein kjøper seg billett til å delta på, men og noko ein kan gjere heime med vennar. Arranger ein kreativ kveld med gjengen din. De kan male, teikne, hekle, strikke, lage smykke og armband, eller ulike DIY-prosjekt. Kanskje er vennen din god på å hekle, medan du lagar resirkulert papir? Her kan de lære av kvarandre! Det å lage noko, og bruke kreativiteten sin, er alltid ein god følelse.

Treng du ei utfordring? Her er strikkeoppskrift på målungdomstjafs og pride-sokkar!

Måleri og målesaker

Kreative aktivitetar treng ikkje koste skjorta. Foto: Victoria Berman, Unsplash.com


Klesbytting

Har du lyst på nye kle til sommaren, men har ikkje eigentleg råd til det? Bytt kle med ein venn! Det er kjekt, sosialt, men òg så utruleg mykje betre for miljøet enn det er å kjøpe nye plagg. Og kven veit, kanskje får du inspirasjon til nye måtar å bruke det plagget du aldri brukar lenger, etter du har sett korleis vennen din har brukt det. De kan bytte, og bytte tilbake igjen. Alt etter kva som funkar for dykk. 

Kvinne som ser på klede

Klesbytting kan bli ein vinn-vinn-situasjon. Foto: Becca McHaffie, Unsplash.com


Dra på biblioteket 

Vi har mange fine bibliotek rundt om kring i landet. Ta dei i bruk! Det å lese bøker er ein fin måte å oppleve noko nytt på. Gjennom bøkene får ein reist til land lang borte, og levd mange liv. Ikkje minst er lesing bra for hovudet! Om bøker ikkje er heilt di greie, kan ein òg låne filmar og teikneseriar.

Kva med ein tur på biblioteket i sommar? Foto: Bergen Off. Bibliotek/CC BY 2.0


Plant noko

Det er givande å sjå noko ein har planta starte å gro, og moglegheitene er mange! Kanskje vil du plante noko biene og humlene blir glade for, eller kanskje noko å putte i salaten? Om det du plantar er mat for deg, pollinatorane, eller berre for å freshe opp innemiljøet, er dette ein aktivitet som ikkje treng å koste mykje. I tillegg er det bra for miljøet!

Plantar

Kva med å få litt grønare fingrar i sommar? Foto: Markus Spiske, Unsplash.com


Besøk vennar og familie 

Om du skulle bli lei av å vere heime i sommar, og ønskjer å reise bort ei stund, kva med å besøke familie og vennar som bur andre stadar? Sjølvsagt kostar det litt med transport, men ofte er det dyraste å finne ein stad å bu (med mindre ein søv i telt eller camper). Kanskje har du besteforeldre ein annan stad i landet, kanskje kjem venninna di frå ein by du aldri har vore i, eller kanskje kjenner du nokon som har hytte ein stad? Sjølv har eg ein venn som tek eit sommarkurs i Italia no, så om der vert billige billettar, kan det vere eg tek meg ein tur.


Prøv ein ny aktivitet

Det å prøve ein ny aktivitet er noko ein veks mykje av. Anten kan ein oppdage ein ny hobby, eller så kan ein utfordre seg sjølv med å forlate komfortsona. Om ein skulle kjøpe utstyret til alle dei forskjellige aktivitetane ein ønskjer å prøve ut, hadde det kosta ei formue. Heldigvis har vi utlånsordninga BUA der ein kan låne alt frå SUP til terrengsykkel, utan å måtte betale noko som helst! Sjekk ut kvar din nærmaste BUA er, og start testinga!

SUP kan gjerast åleine eller saman med andre. Foto: Joppe Spaa, Unsplash.com

Dette er berre ti forslag på kva ein kan gjere i sommar utan å få dårleg økonomisk samvit, men der finst mykje meir. Det treng ikkje å vere dyrt å ha det kjekt!

God sommar!


«Six feet uner», «The Wire» «Freaks and Geeks», «The Sopranos» og «Doctor Who» er nokre av klassikarane du kankasta deg over medan du skal halde deg unna folk.