DNT ung-leiaren sine beste sommarturtips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter den solrike sommarsesongen i fjor er det fleire nordmenn som planlegg å feriera heime. Er du ein av dei som vil bruke beina, men treng litt inspirasjon?

Leiar i DNT ung, Markus Malmin, deler her sine fem beste turtips for sommaren 2019.

Ikkje minst har han eitt viktig råd til alle som planlegg å ferdast ute:

– Hugs sikkerheit på tur! Vi ferdast meir ute i naturen, og vi brukar den på stadig fleire ulike måtar. Hugs difor å alltid følgje fjellvettreglane. Fjellvettraglene hjelper deg å planleggje og gjennomføra ein fantastisk tur – som også er trygg, skriv Malmin i ein e-post til Framtida.no.

Hugsar du ikkje fjellvettreglane? Her finn du dei!

Leiar i DNT ung, Markus Malmin, har mange gode tips til dei som planlegg aktiv Noregsferie. Foto: Natalie Hermansen/DNT

Her er DNT ung-leiaren sine sommarturtips:

1. Rondane på langs

Ein fantastisk tur. Eg gjekk han sjølv i 2015, og då valde me å bruka telt, men turen kan også gjennomførast med overnatting på hytter, dei fleste av dei betjente med matservering.

Terrenget er generelt veldig slakt, samstundes er det ei rekke massive fjellformasjonar ein kan ta ein avstikkar opp på, som Rondslottet og Veslesmeden.

Det som kanskje er det aller beste med denne turen er at ein kan reise kollektivt både til og frå.

Markus Malmin sov i telt då han gjekk Rondane på langs, men tipsar om at det òg er mogleg å sove i DNT-hytter. Foto: Markus Malmin

2. Runde fyr

Dette er jo ikkje ein fjelltur, men ein tur til ei av våre aller kulaste hytter. Terrenget blir heilt eventyrleg i tåke, og det er vanskeleg å ikkje bli fascinert av menneska som har budd ute på fyret.

Runde fyr ligg i Herøy kommune på Sunnmøre på den kjende fugleøya Runde. Foto: Markus Malmin

3. Indre Troms

Eg var med og gjekk den siste veka av «Monsen minutt for minutt» som gjekk på NRK i fjor sommar. Den turen har eg lyst til å gå igjen!

Gappo- og Goldahytta er ubetjente, veldig sjarmerande hytter, og terrenget er lettgått og variert.

DNT ung-leiar Markus Malmin (i midten) var langt frå den einaste som slo følgje med friluftshelt Lars Monsen då DNT og NRK i fjor arrangerte langtur i høve 150 årsjubileet til Den norske turistforening. Foto: Marius Dalseg Sætre/DNT

4. Setesdalsheiene på tvers

Dette er ein tre- eller firedagarstur frå Donsen i Sirdal til Langeid i Setesdal som eg nettopp har gått saman med DNT ung.

Vi overnatta på DNT-hyttene Kvinen, Josephsbu, Gaukhei og Tjønndalen, og turen går i småkupert og grønt heilandskap.

Ein oase i den norske fjellheimen som fleire burde få augo opp for!

Turen over Sirdalsheian passar godt både for vaksne og barn. Foto: Julie Maske/DNT

5. Besseggen

Besseggen er ein av Noregs mest populære fjellturar, og det er ikke utan grunn at National Geographic har kåra den til ein av dei 20 beste turane i verda.

Turen over Besseggen er utfordrande fordi det er tidvis bratt ned på begge sider av stien, tek éin dag, og vêret kan vere skiftande, men turen er desto meir gjevande.

Utsikta over Gjendevatnet og fjelltoppane innover Jotunheimen er mildt sagt inspirerande og imponerande!

Turen over Besseggen er ein av Noregs mest kjente og populære turar. Her frå sesongopninga i 2015. Foto: Marius Dalsæg Sætre/DNT