Undersøking: Studentar blir prisa ut av leigemarknaden

Studentar har berre 3156 kroner igjen til husleige når nødvendige levekostnader er dekte, viser studentindeksen.

NPK-NTB
Publisert

– Å jobba ved sida av studiane er ikkje lenger eit val, det er nærast eit opptakskrav på lik linje med generell studiekompetanse, seier leiar Eva Franko Aas i Norsk studentorganisasjon (NSO).

Studentindeksen viser kor stor del av utleigebustadene ein student har råd til å leiga, basert på studiestøtte, inntekt og prisnivået på studentbustader og private leigebustader.

I dei største studentbyane har studentane berre råd til 54 prosent av bustadene på den private leigemarknaden, ein nedgang frå i fjor. I Oslo er andelen berre 40 prosent.

Studiestøtta åleine er ikkje nok til å betala for nokon utleigebustader. For å få råd til studentbustadene og minst 60 prosent av den private marknaden i storbyane, må ein student ha ei disponibel inntekt på minst 8400 kroner, ifølgje studentorganisasjonen.