– Dersom du har lyst til å vise at du støttar kjærleik for alle, kan du strikke eit par pridesokkar til deg sjølv eller til nokon du er glad i, skriv Birger Berge.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I eit år der det mange stadar ikkje blir mogleg å gjennomføre den tradisjonelle Pride-paraden på grunn av koronapandemien, kan sokkar med regnbogefargane vere ei alternativ markering. Og ikkje minst eit artig strikkeprosjekt!

Strikkeguru Birger Berge har designa eit strikkemønster til Pride-sokkar.

– Pride er for alle! Dersom du har lyst til å vise at du støttar kjærleik for alle, kan du strikke eit par pridesokkar til deg sjølv eller til nokon du er glad i, skriv Berge, og legg til at det er eit morosamt og enkelt mønster, perfekt dersom du har restegarn i regnbogen sine fargar.

Oppskrifta var først publisert her, og er republisert med velvilje frå skaparen.


Slik strikkar du Pride-sokkar:

STORLEIK: Dame (Herre)

MÅL:
Lengde legg til hæl: 19,5 (19,5) cm
Lengde fot: 22 (29) cm

GARN: Sisu, Sandnesgarn

GARNFORBRUK:

  • 100 g Kvit 1002
  • 50 g Koks 1088
  • 50 g Raud 4219
  • 50 g Oransje 3320
  • 50 g Gul 2015
  • 50 g Grøn 8063
  • 50 g Blå 5962
  • 50 g Lilla 4363

PINNEFORSLAG: Strømpepinne nr. 2

STRIKKEFASTLEIK: 30 masker = 10 cm.

DIAGRAM DAME:

page2image48444832

DIAGRAM HERRE:

page2image48440880

OPPLEGG:

Legg opp 52 (72) masker på pinne nr. 2. Strikk 3 omgangar vrangbord 1 vridd r 1 vr.
Strikk 1 omgang glattstrikk og auk samstundes. Auk 6 (6) masker jamt fordelt til 58 (78) masker.

LEGGEN:

Strikk 1 omgang glattstrikk med kvit. Strikk deretter mønster etter diagram. Etter diagrammet strikkar du vidare med kvit til arbeidet måler 12 cm frå oppleggskanten.

HÆL:

No skal du strikke hælkappe over halvparten av maskene, dvs. 29 (39) m. Hælkappa blir strikka fram og tilbake. Du skal strikke hælen i striper i regnbogefargane. Først 4 rader raudt, så 4 rader oransje, 4 rader gul, fire rader grøn, fire rader blå, fire rader lilla, totalt 24 rader for begge storleikar.

No skal du felle til hæl. Strikk til 2 m forbi midtre maske på hælen. Strikk deretter 2 m saman. Strikk deretter neste maske rett. Snu ved å ta maska du akkurat strikka laust av. Strikk deretter til 4 m forbi midtmaska. Strikk 2 m saman, og strikk neste maske. Snu ved å ta maska du akkurat strikka laust av. Strikk glattstrikk fram til mellomrommet som har oppstått der du tok maske laust av. Fortset deretter fellinga ved å felle 2 m saman, og strikke neste maske rett.
Ved å strikke fram og tilbake på denne måten feller du nye masker i kvar side, som formar hælen. Fortset på denne måten til alle maskene i sida er felt av.

No skal du fortsette med kvit, og arbeidet blir igjen strikka rundt. Plukk opp 12 m i kvar side av hælkappa, til totalt 68 masker. Sett eit merke i «hjørnet» ved maskene over vrist, der du skal felle annankvar omgang for å redusere masketalet.
Felling i sidene blir gjort ved å strikke til 3 m før merket. Strikk deretter 2 m rett saman på det som blir høgre side av foten, og 2 vridd rett saman på det som blir venstre side av foten. Fell slik totalt 5 gonger i kvar side til du har 58 m igjen.

FOT/TÅ:

Deretter skal arbeidet strikkast vidare i glattstrikk til det måler 14 (15) cm frå hælkappa, eller til ønskt lengde.

Fordel med likt tal på masker på pinnane, eller set merke i kvar side slik at arbeidet blir delt med 39 m på kvar side. Dersom du strikkar med strømpepinnar, kan du felle med følgjande inndeling:

  1. p. Strikk 1 m rett. Strikk deretter 2 m vridd rett saman. Glattstrikk ut pinnen.
  2. p. Strikk til det er 3 m att på pinne. Strikk deretter 2 m rett saman.
  3. p. Som 1.p.
  4. p. Som 2.p.

Fell til du har fire masker igjen. Sy saman med kitchener stitch, eller «snurp» saman.

BRODERI:

Broder eit flagg eller fleire midt framme på sokken med maskesting. Sjå diagram for forslag til flagg og vel «ditt» flagg. Google gjerne alle dei ulike flagga som finst, lær deg kva dei står for, og vel det som passar best for deg.

page4image48678528
Så er det berre å tre sokkane på seg, og setje seg tilbake og beundre handverket!

Foto og design: Birger Berge


Strikketerminologi

p = pinne

m = maske

r = rett

vr = vrang

omg = omgang