Malin Skagen (22) er ein del av konditorlandslaget. Her er oppskrifta hennar på den franske klassikaren makronar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ingrediensar:
Base
- 250 g mandelmjøl
- 250 g melis
- 30 g kakao
- 100 g eggekvite
Italiensk marengs
- 80 ml vatn
- 250 g sukker
- 100 g eggekvite
Sjokoladeganache
- 170 g fløyte
- 20 g glukose
- 150 g mørk sjokolade
- 40 g smør
Slik gjer du:
Makronar:
1: Sikt mandelmjøl, melis og kakao i ein bolle og bland i eggekvitane.
2: Kok sukker og vatn til det når 121 °C.
3: Når sukkerlaken har nådd 110 °C startar du å piske eggekviten i ei kjøkenmaskin.
4: Ta sukkerlaken av plata når han når riktig temperatur og hell i ein forsiktig stråle langs kanten av bollen. Gjer dette medan eggekviten blir piska på høg hastigheit.
5: Pisk så vidare på høg hastigheit til ein blank og fast marengs. Når marengsen er kjølt ned til romtemperatur skrur du han av.
6: Begynn så å vende marengsen litt og litt inn i mandelmelblandinga.
7: Vend så massen heilt til smeten renn ned frå slikkepotten som eitt band, og renn lett ut i resten av massen i bollen.
8: Sprøyt så ut på brett og set til tørk i 1 time.
9: Steik på 150 grader i 10-13 minutt.
Tips og triks:
For å lage vaniljemakronar: byt ut kakao med frøa frå 1 vaniljestang
Sjokoladeganache:
1: Kok opp fløyte og glukose.
2: Når det er kokt opp heller du det over sjokolade og smør.
3: Køyr glatt med ein stavmikser og avkjøl.
Så er det berre å fylle ganasche mellom to makrondelar og nyte Malin Skagen sine makronar!
- Les også om korleis Malin Skagen synest konditoryrket er: – Det dukkar alltid opp nokon rare allergiar, men det raraste er nok då eg jobba på hotell og ein gjest var allergisk mot steinaldermat.

Malin Skagen (22) er ein del av konditorlandslaget i kategorien kake og dessert. Foto: privat, kollasj Framtida.no