Kvart år kastar vi 11 kilo tekstilar kvar – no skal unge få hjelp til ein grønare garderobe

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Før i tida var husflid nødvendig å kunne i eit underskotssamfunn der folk hadde lite å rutte med. No druknar vi derimot i klede, og husflid er blitt livsviktig i den andre enden av skalaen, seie Kathrine Gregersen i Norges Husflidslag til Nynorsk pressekontor.

Ho er leiar for husflidsprosjektet «Alt kan fiksast!».

– Gjennom reparasjon bør vi forlengje levetida til kvart plagg for å få ned forbruket. Vi vil løfte opp kvardagsfiksinga.

Bra for miljø og lommebok

Organisasjonen vil at vi nordmenn gjennom materialkunnskap, handverk og husflid skal bli meir ansvarlege forbrukarar. I det treårige prosjektet ønskjer Husflidslaget særleg å nå ut til aldersgruppa 18–35 år.

Prosjektet skal inspirere og lære ungdom og unge vaksne å fikse og ta vare på kleda sine. Då kan dei spare både miljøet og lommeboka.

– Alt kan fiksast er ein del av satsinga vår «Haldbart», som igjen er knytt til FNs berekraftsmål om ansvarleg forbruk og produksjon. For å få ned overforbruket vårt, må ting fiksast i staden for at vi heile tida kjøper nytt når noko blir øydelagt, seier Kathrine Gregersen og held fram:

– Vi meiner enkel kunnskap om husflid kan hjelpe oss på vegen.

Fiksing på drop-in

Norges Husflidslag skal fram mot 2025 ha fokus på samanhengen mellom husflid og berekraft.

– Allereie i 2019 byrja vi med noko vi kallar fikselaug. Då arrangerer vi drop-in-samlingar der folk kan komme og få hjelp til å reparere øydelagde klesplagg. Interessa for desse treffa har vore stor blant unge, seier Gregersen og utdjupar:

– Mange av dei har jo ikkje tilgang på symaskin og anna utstyr på hybelen, men vi stiller med både utstyr og kompetanse.

Husflidslaga rundt i landet stiller med utstyr og kompetanse når dei inviterer unge til å komme på fikselaug med øydelagde favorittplagg. Foto: Tove K. Breistein / Norges Husflidslag

Organisasjonen har fått 1.049.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet. Pengane skal gå til kursing i og formidling av reparasjonsteknikkar, og til etablering av fikselaug rundt i landet.

Tiltaket skal gjere fleire i stand til å reparere klede og bli bevisste på eige forbruk.

– Nokre har aldri teke i nål og tråd før

No vil Husflidslaget nå ut til endå fleire unge med den målretta kampanjen for 18 til 35-åringar.

– Korleis vil de gjere det?

– Vi må vere der ungdommar er. Vi vil marknadsføre tiltaket der unge naturleg møtest, som på vidaregåande skular, utdanningsinstitusjonar og bibliotek og gjennom relevante lag og foreiningar. Vi har også laga eit fiksehefte og fiksefilmar der vi har samla teknikkar og viser korleis ting kan gjerast på ein enkel måte, fortel Gregersen.

For å dukke opp på eit fikselaug, krevst det ikkje medlemskap i husflidslag, og det er heller ikkje eit opplegg berre for syglade damer. Gutar og menn er hjarteleg velkomne.

Det kan vere mykje å spare på å lære seg å reparere klede som er blitt øydelagde. Det kan også få ned forbruket vårt av tekstilar. Foto: Tove K. Breistein / Norges Husflidslag

– Det har faktisk vore ein del menn innom fikselauga våre. Dei kjem med alt frå den dyre favoritt-dongeribuksa si, til turbukser og skijakker som treng litt reparasjon, fortel Gregersen.

– Vi er veldig medvitne om at vi må få med både menn og kvinner og nå ut med bodskapen vår til alle uansett bakgrunnskunnskap. Nokre har aldri teke i nål og tråd før, andre har symaskin heime.

Omsorg gjennom eigne sting

I EU kastar kvar person i snitt 11 kilo klede årleg, samtidig som mindre enn 1 prosent av tekstilane i verda blir materialgjenvunne til nye tekstilar, ifølgje eit regjeringsnotat om EUs tekstilstrategi.

– Medieoppslaget nyleg om alle tonna med klede frå rike land som blir dumpa i ørkenen i Chile gjorde inntrykk, og ein kan fort tenkje at det er håplaust å gjere noko, seier Kathrine Gregersen og held fram:

– Men det er ting vi kan gjere – vi må få ned forbruket og endre haldinga vår til klede. Ved å lære enkle grep for å reparere plagg trur eg mange får eit nytt syn på garderoben sin. Ein får omsorg for kleda på ein ny måte.

– Men kan alt fiksast?

– Vi meiner iallfall at mange klede kan fiksast. Det er ofte enkelt og krev ikkje så mykje. Rettleiarane på fikselauga stiller med utstyr og kompetanse og er klare til å hjelpe folk med ulike reparasjonsoppgåver. Ofte har dei triks i ermet dersom noko er utfordrande, seier Gregersen.

Husflid på nye område

Med fikselaug får Norges Husflidslag marknadsført seg på ein ny måte for nye generasjonar. Tradisjonelle husflidsaktivitetar får ei ny innpakning.

– Mange tenkjer at husflid berre er bunad og gamle ting, men vi er tidsaktuelle. Tradisjonsrike handverksteknikkar kan brukast i nye samanhengar, og vi prøver å tilpasse oss kva medlemmene er interesserte i og kva som rører seg av trendar i tida, seier Kathrine Gregersen.

Klesbyting og reparasjonsfest

I år skal Norges Husflidslag også samarbeide med Naturvernforbundet på den nordiske «Klesbytedagen» den 26. mars. Då skal lokallaga ha reparasjonsverkstad på arrangementet.

– Vi vil gjere det lettare å ta miljøvenlege val i kvardagen. Klesbytedagen er noko alle kan vere med på, og som gjer det mogleg å fornye garderoben utan at det blir produsert meir klede. Dermed minkar vi både ressursforbruket og forureininga.

Det opplyser Janne Melbye Gillgren, prosjektleiar for Den store klesbytedagen i Naturvernforbundet. Ho utdjupar:

Prosjektleiar for Klesbytedagen i Naturvernforbundet, Janne Melbye Gillgren. Foto: Fartein Rudjord

Faktisk kjem så mykje som 8 prosent av globale klimagassutslepp frå tekstilproduksjon. Det er meir enn alle utslepp frå fly- og båttransport til saman.

Temaet i år er reparasjon.

– Gjennom kampanjen #Ettårtil og i samarbeid med husflidslaga vil vi få fram kor viktig reparasjon er for å forlengje levetida til klede. Ofte er det slik at det er favorittkleda våre som blir øydelagde. Brukar vi plagga våre dobbelt så lenge, blir klimautsleppet frå kleda halvert. Derfor er reparasjon eit viktig klimatiltak, meiner miljøorganisasjonen.

Frå ein tidlegare klesbytedag. Foto: Naturvernforbundet

Klesbytedagen vart avlyst både i 2020 og 2021 grunna koronapandemien. No vonar ein at smittesituasjonen er under kontroll i mars i år og at folk kan møtast for klesbyting og fiksing.


Ronja Vallestad (18) har handla bruktklede sidan tidleg i tenåra. Ho synest det er viktig å bryte tabuet rundt gjenbruk, og håpar ei ending i lovverket kan vere med på å gjere nettopp det. Foto: Privat