Slik strikkar du din eigen tjafs
Under korona har Norsk Målungdom invitert til samstrikk. Slik kan du strikka din eigen scrunchie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Du treng:
- 50 g garn for einsfarga og 50 g av kvar farge for tofarga
- Rundpunne nr. 4, 40 cm
- Heklenål nr. 4
- Strikk, 20 cm
Strikketettleik: 21 masker x 28 pinner = 10 x 10 cm.
Tjafsen blir strikka rundt på rundpinne, blir bretta dobbelt i lengda, og blir hekla saman til slutt.

Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom
Enkel tjafs
- Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm.
- Strikk glattstrikk rundt til arbeidet måler 12 cm.
- Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska.
- Fest oppleggstråden.
- Hekl kant rundt.

Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom
Perletjafs
- Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm.
- Strikk perlestrikk (1 rett, 1 vrang, motsett andre omgang) rundt til arbeidet måler 12 cm.
- Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska.
- Fest oppleggstråden.
- Hekl kant rundt.

Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom
Nynorsktjafs
- Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm.
- Strikk 6 omganger glattstrikk og start på mønster. Start nede til høgre, og strikk mønsteret to ganger per omgang.
- Strikk 14 omganger glattstrikk mellom kvart ord, og avslutt med 6 omganger glattstrikk.
- Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest alle trådane, utanom den siste.
- Hekl kant rundt.

Foto: Ingunn V. Steinsvåg/Norsk Målungdom
Tjafsen
- Legg opp 93 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm.
- Strikk 6 omganger glattstrikk og start på mønster. Start nede til høgre, og strikk mønsteret tre ganger per omgang.
- Strikk 14 omganger glattstrikk mellom kvart ord, og avslutt med 6 omganger glattstrikk.
- Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska.
- Fest alle trådane, utanom den siste.
- Hekl kant rundt.
NMU-tjafs
- Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm.
- Strikk 1 omgang glattstrikk og start på mønster.
- Start nede til høgre, og strikk mønsteret fire ganger per omgang.
- Avslutt med 1 omgang glattstrikk og fell av.
- Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska.
- Fest alle trådane, utanom den siste.
- Hekl kant rundt.
Heklekant
- Legg oppleggskanten mot avfellingskanten og hekl rundt tjafsen med helkenål nr. 4.
- Hekl 1 fastmaske i kvar maske gjennom begge lag.
- Når det står att om lag 5 cm, trer du strikken gjennom tjafsen, knyter ein knute på strikken og hekler deretter dei siste 5 cm på tjafsen sammen.
- Avslutt med ei kjedemaske i den fyrste fastmaska.
- Klipp av og fest tråden.
- Les også intervjuet med Ingunn (25) om korleis ho vart hekta på strikking og hennar beste råd! – Det er ikkje så vanskeleg som det ser ut som