Tormod (22) åtvarar mot finfluensarar: – Spreier lovnader om ting som ikkje er moglege å oppnå

Finanstilsynet åtvarar mot å følge råda til finfluensarar, og seier ein kan tape alle pengane ein har investert.

Einar Nygaard
Publisert

– Det er veldig vanskeleg å skilje godt innhald frå dårleg. Og desse profilane kan framstå veldig truverdige.

Det seier økonomistudent Tormod Harbo (22) på telefon til Framtida. Han meiner ureielege finfluensarar har blitt eit samfunnsproblem.

💵 Kva er ein finfluensar?

Ein finfluensar er ein influensar som gir råd og tips om finans og økonomi.

Harbo er sjølv finfluensar, men seier han møter mykje konkurranse frå det han kallar useriøse aktørar.

– Dei spreier lovnader om ting som ikkje er moglege å oppnå, seier han.

Harbo seier at fleire av profilane snakkar om å «escape the Matrix».

– Det handlar om at ein ikkje skal vere ein slave til «9-til-5-samfunnet». Men når kunnskapen dei spreier, berre er delvis rett eller heilt feil, så tek unge val som er dårlege, utan at dei veit det.

Dårlege råd

Mange finfluensarar lover store gevinstar og rask avkastning, sjølv om råda deira ofte er svært dårlege.

Ein britisk studie ved Queen Mary universitet i London fann at 9 av 10 influensarar har fleire dårlege trekk enn gode.

Her var TikTok ein versting. Også på Instagram er kvaliteten låg, mens den på YouTube er litt høgare.

I slutten av september kom Financewatch med ein rapport som peiker på dei same tendensane. Også der var TikTok ein versting.

Dei aller fleste av dei undersøkte finfluensarane hadde ingen profesjonelle kvalifikasjonar til å gi råd om finans.

Ser ein tydeleg auke

– Vi ser at stadig fleire aktørar deler informasjon om kompliserte investeringsmoglegheiter med høg risiko i sosiale medium.

Det skriv tilsynsrådgivar Hedvig Vold i Finanstilsynet i ein e-post til Framtida.

– Det er vanskeleg å seie noko om kvifor dette breier om seg, men moglegheita til å tene pengar på slikt innhald kan vere ein del av forklaringa.

Vold er bekymra for utviklinga, og rår folk til å vere forsiktige.

– I verste fall kan du tape alle pengane du har investert.

Hovudsakeleg retta mot unge

I rapporten til Financewatch skriv dei at finfluensarane hovudsakeleg rettar seg mot eit yngre publikum som ikkje har så mykje erfaring med investering.

Likevel får sjåarane berre overflatisk informasjon om risikoen tilknytt investeringane finfluensarane promoterer, skriv Financewatch.

– For mange unge kan sosiale medium vere det første møtet med investeringar, og derfor kan innhaldet få stor påverknadskraft, skriv Vold i Finanstilsynet.

Det håper Tormod Harbo at unge blir bevisst.

– Mange unge, og då særleg gutar, følgjer med på økonomi og har lyst til å tene gode pengar. Som er kjempebra. Men då tenkjer eg at det er veldig viktig at ein ikkje prøver å ta ein snarveg, seier Harbo (22).

Opererer i ei gråsone

Det er ikkje ulovleg å gje dårlege råd. Samstundes opererer fleire influensarar her i ei gråsone.

Financewatch skriv i sin rapport at meir enn 54 prosent av influensarane dei undersøkte, presenterte innhaldet sitt som undervisning heller enn marknadsføring, sjølv om fleire blei betalt av finansinstitusjonar.

– Å gi personlege investeringstilrådingar blir rekna som investeringsrådgiving. Det er ei regulert investeringsteneste som krev løyve frå Finanstilsynet, skriv Hedvig Vold.

– Det er heller ikkje lov å marknadsføre eller tilrå andre aktørar som tilbyr investeringstenester utan løyve, skriv ho.

Vold skriv at dei har følgt opp fleire saker og pålagt stans av aktivitet. Finanstilsynet har og gitt rettleiing til fleire finfluensarar.

– Mange som deler investeringsinnhald, kjenner truleg ikkje til regelverket, skriv Vold.

💶 Kva bør du vere merksam på?

Her er finanstilsynet sine fire tips til kva du bør vere merksam på når du ser innhald frå finansfluensarar.

  • Ikkje la deg lure av investeringsmoglegheiter som lovar rask og høg avkasting.
  • Slike investeringar er ofte prega av ekstreme prissvingingar, villeiande informasjon og avgrensa forbrukarvern. Du kan tape alle pengane du har investert.
  • Ver ekstra forsiktig dersom du ikkje forstår investeringa eller tenesta du får tilbod om.
  • Dersom det høyrest for godt ut til å vere sant, er det truleg det.

Ber plattformene ta ansvar

Økonomistudent Tormod Harbo ønskjer seg no betre opplæring i vidaregåande skule, slik at unge enklare kan oppdage dårlege økonomiske råd.

– Ein lærer ikkje nok om økonomi på skulen.

Harbo er nøgd med nye revideringar av læreplanane, men meiner kompetansekrava innen økonomi framleis er for vage.

– Det er veldig viktig å fokusere på å gi unge ei god opplæring i økonomi og kritisk tenking. Og gjerne dei to i kombinasjon, meiner Harbo.

Likevel er han òg tydeleg på at det meste av ansvaret bør leggjast på plattformene.

– Det er ikkje sikkert at elevane følgjer med i timen, og det er ikkje sikkert at barna gidd å høyre på det foreldra seier, så hovudansvaret bør vere hjå selskapa. Dei bør innføre ein kvalitetsmerknad, som gjer det enklare for unge å vite om det er noko ein kan stole på eller ikkje.