Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi kommer snart hjem igjen – Jessica Bab Bonde og Peter Bergting

Magnus Rotevatn tilrår svenske Jessica Bab Bonde og illustratør Peter Bergting sin teikneserieroman om holocaust.

«Å skilja seg ut i mengda av bøker om andre verdskrig kan umogleg vera særleg lett. Og sjølv om det å fortelja historier frå holocaust ikkje er verdas mest originale idé, så er utføringa av verket framifrå. Betre kan det knapt bli gjort!»

Les heile meldinga her!


Kvit, norsk mann – Brynjulf Jung Tjønn

Bokmeldar Jannicke Totland var ei av dei som let seg fengsle av Brynjulf Jung Tjønn si sterke diktsamling om rasisme.

«I ei blanding mellom å vise til eigne livserfaringar og viktige hendingar frå nyhendebilete skapar Tjønn eit gripande bilete av korleis det er å oppleva rasisme – ei kjensle som er umogleg å framkalla dersom ein sjølv ikkje har vore utsett for det.»

Les heile meldinga her!


Hjertet i to – på innsida av heile Noregs rapduo – Yohan Shanmugaratnam

Ei anna bok som har begeistra meldarane er Yohan Shanmugaratnam sine seks månadar med duoen Karpe.

«Skildringane rører ved tema som tilhøyrsle, fleirspråklegheit og utanforskap. Og dessutan stiller boka spørsmål om det norske og korleis nasjonalidentiteten skal vera i framtida. Dette aspektet gjer og at bodskapen blir djupare enn vanleg kjendisjournalistikk,» skriv Jannicke Totland.

Les heile meldinga!


Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar Terrance Hayes

Ei litt mindre omtala bok er Samlaget si nynorske omsetjing av den amerikanske poeten Terrance Hayes.

«Sonettane til Hayes skildrar ein brutal amerikansk røyndom. Dikta tek føre seg tema som rasisme og utanforskap. Du skal ikkje sjå bort frå nokre kalde gufs ned ryggen medan du les boka,» skriv Magnus Rotevatn.

Les heile meldinga!


Eg blir her – Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

 

Ungdomsbokforfattar Ann Helen Kolås Ingebrigtsen sin andre roman skuffa ikkje.

«Ingebrigtsen får fram dei ulike kjenslene og usikkerheita som kan råde i ungdomstida på ein truverdig måte på velskriven nynorsk. Det gjer at det ikkje er mykje anna å seie om denne romanen enn at han er fin. Og at Ingebrigtsen er ein forfattar eg gler meg til å høyre meir ifrå,» skriv Jannicke Totland.

Les meldinga her!


Invictus – Sunniva Lye Axelsen

Ein annan meldarfavoritt var Sunniva Lye Axelsen sin Invictus, der me møter Hugo Nørve som bur i ei fallferdig blokk kalla «Slottet».

«Boka inneheld eit av dei beste psykologiske portretta eg har lese. Forteljarstilen er på imponerande vis knytt temparementet til Hugo – noko som gjer lesinga litt som å køyra berg-og-dal-bane. Det er også ein fest å lesa om og bli kjent med resten av rollegalleriet. Dette er ei bok som verkeleg ber vitnesbyrd om ei glede ved å skapa eit univers,» skriv Magnus Rotevatn.

Les meldinga her!


Det er jeg som kan hjelpe deg – Kjersti Halvorsen

Jannicke Totland vart langt frå skuffa over den andre romanen til Kjersti Halvorsen.

«Halvorsen skriv med ein skarp penn der ho bruker mange verkemiddel. Det kjem blant anna til uttrykk i den tverrfaglege breidda hennar som både forfattar og psykolog.

Mørk humor, blanda med ei uføreseieleg handling og eit glimrande persongalleri gjer romanen både nifs og underhaldande i ei psykologisk utforsking av makt, hemn og forsoning.»

Les meldinga her!


Feminin gange – Molly Øxnevad

Molly Øxnevad gav ut sin kritikarroste førsteroman under førenamnet Henrik. Med ein roman der ein av hovudkarakterane vil få kjønnskorrigerande behandling og får eit dårleg møte med Rikshospitalet overtyder ho meldar Magnus Rotevatn.

«Språket og personskildringane vitnar om ein forfattar som har eit godt grep om verda. Det er derfor lett å velja å stola på det som Øxnevad fortel.

Å skriva litteratur som er så sterk og overtydande er ei bragd!»

Les heile meldinga her!


Tonedød – Randi Fuglehaug

Randi Fuglehaug har gjeve ut sin andre kriminalroman frå Voss med antihelten Agnes Tveit.

«Språkmessig er romanen eit viktig bidrag, då det ikkje florerer med krimbøker på nynorsk. Dessutan er språket morosamt og ironiserande, noko som gjer det vanskeleg å leggje boka frå seg. Det er ingen tvil om at Fuglehaug er eit forteljartalent, og romanen synest å ose av eit språkleg overskot,» skriv Jannicke Totland.

Les meldinga her!


Følgefeil – Nora Eide

Nora Eide har skrive noko så sjeldan som ein sci-fi-thriller kombinert med familiedrama.

«Samanlikna med andre romanar om brestande familieforhold er Følgjefeil formidla på ein morosam måte. Noko som gjer at i staden for å sitje att med ei ekkel kjensle får formidlinga og tematikken ein til å tenkje.

I tillegg til det, er formidlinga prega av eit godt språk med sceniske skildringar. Noko som gjer at romanen er lettlesen og at det lett å leve seg inn i handlinga,» skriv Jannicke Totland.

Les meldinga her!


Festjenter gråter aldri – Fanny Bratland Andersen og Helene Berger Lindh

«Hjarteskjerande og rørande, men mange av detaljane kan bli for harde å lese for enkelte,» skreiv Elise Solvåg om artist Fanny Andersen si skildring av eige  alkoholmisbruk.

Denne meldinga er utrusta med både trigger warning og plottblottar, men er du nyfiken kan du lesa meldinga her.


Etikk i klimakrisens tid – Arne Johan Vetlesen og Jan-Olav Henriksen

Magnus Rotevatn meiner Etikk i klimakrisens tid burde bli folkelesnad.

«Sakprosa kan ofte vera frigjerande. Etikk i klimakrisens tid er i høgste grad det. Boka gjer det lettare å tenkja klart og inneheld mykje god skyts som kanskje kan ta klimadebatten eit hakk vidare.»


Klimaboka – Greta Thunberg

Greta Thunberg har gitt ut handboka Klimaboka. Foto: © Kim Jakobsen / Omslag: Cappelen Damm / kollasj Framtida.no

 

«Klimaboka gir ikkje ei endeleg løysing på klimakrisa. Men ho samlar den viktigaste kunnskapen på ein lettfatteleg måte. Difor fortener boka terningkast langt høgare enn seks», skreiv bokmeldar Magnus Rotevatn.

Dette er folkeopplysning!»

Les meldinga her!


Les også: I bokhylla: Julia Kahrs ville invitert Stephen King på spagetti frutti de mare

Barnebokforfattar Julia Kahrs likar skrekk. Foto: Julie Pike/Aschehoug