Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei verd som er påfallande lik vår eiga – men som likevel har sine distinkte særtrekk – lever Hugo Nørve. Han bur i «Slottet», ei falleferdig blokk der menneske som på ulike måtar har falle ut av samfunnet er samla under same tak.

TV-programmet Innsjekk ynskjer å koma dit for å dokumentera livet til dei som bur i «Slottet». Hugo, som skal vera ein slags alt-mogeleg-mann og vaktmeister, blir kontaktperson for TV-teamet. Han ser føre seg at dette skal bli mogelegheita til å ta revansj på resten av samfunnet.

Men det skal ikkje bli så lett som han trur. Og samstundes er det mykje som tyder på at verda utanfor veggane til «Slottet» òg er uroleg. Til dømes har havet erobra store delar av byen.

Eit forfriskande pust

Slik er settingen for romanen Invictus av Sunniva Lye Axelsen, ei bok som absolutt er eit forfriskande pust inn i den norske litteraturfloraen.

Når me les Invictus er me plasserte inni hovudet til Hugo. Handlinga blir fortalt nesten som ein slags medvitstraum, tidvis avbroten av diaolg. Det finst ikkje filter, og Hugo er nådelaus i sine skildringar av menneska rundt han.

Men når det er sagt: Hugo verkar ikkje som ein påliteleg forteljar. Jo lenger eg las, jo meir byrja eg å tvila på dei kognitive evnene hans. Og tittelen Invictus – som er latin og betyr uovervinneleg – er nok meir eit uttrykk for Hugo sitt sjølvbilete enn dei faktiske realitetane.

Glimrande romankunst

Invictus er glimrande romankunst! Boka gir oss eit nytt blikk på verda. Som om synet vårt er svakt rispa. Verda er ikkje heilt som vår eigen, me kan kalla dette spekulativ fiksjon.

Måten Hugo held seg til verda på har fleire trekk som er lette å kjenna igjen. Likevel er det ein tydeleg distanse mellom hans måte å tenkja på og det me kjenner frå mykje av litteraturen og eigne liv.

Språket og komposisjon er framifrå. Det er lett å leva seg i Hugo si verd. Boka inneheld eit av dei beste psykologiske portretta eg har lese. Forteljarstilen er på imponerande vis knytt temparementet til Hugo – noko som gjer lesinga litt som å køyra berg-og-dal-bane.

Det er også ein fest å lesa om og bli kjent med resten av rollegalleriet. Dette er ei bok som verkeleg ber vitnesbyrd om ei glede ved å skapa eit univers.

Ei bok å lære av

Boka er augeopnande. Etter å ha lese Invictus har ein kanskje ikkje blitt så mykje smartare eller meir kunnskapsrik, men ein har kanskje forstått litt meir av korleis verda – og ikkje minst ein sjølv – kan vera.

Invictus er ei bok framtidige forfattarar bør lesa og læra av. Sånt som dette vil eg sjå meir av!


M. Seppola Simonsen (23) debuterer med diktsamlinga Hjerteskog/ Syđänmettä. Foto: Heidi Furre. Omslag: Flamme forlag. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Tittel: Invictus

Forfattar: Sunniva Lye Axelsen

Forlag: Tiden

Gjeven ut: Mars 2022

Sjanger: Roman