Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verda er ikkje som før: havet stig, skogar står i brann, og artar døyr.

Me veit at alt dette skjer på grunn av oss. Klimakrisa er menneskeskapt.

Likevel blir – forholda tatt i betraktning – særs lite gjort.

Kva er grunnen til at me verkar å vera handlingslamma? Og korleis – og ikkje minst kvifor – skal me koma oss ut av denne knipa? Med boka Etikk i klimakrisens tid set professorane Arne Johan Vetlesen og Jan-Olav Henriksen ord på noko av dette. 

Assymetri mellom generasjonane

Mellom permane på boka er det mykje å ta tak i. Eg beit meg mest merke i det forfattarane skriv om ansvar og om forholdet mellom barn og vaksne.

Det er ein tydeleg asymmetri mellom generasjonane. Dei som lever og har makt no har stor innverknad på livsvilkåra til dei som kjem etter. Med dette i bakhovudet forstår ein at livsførselen me har i dei rike delane av verda ikkje kan halda fram viss me bryr oss om dei som skal leva i framtida.

Professorane siterer Barack Obama:

«Dere som er unge i dag, er den første generasjonen som merker effektene av klimaendringene, og dere er den siste som kan gjøre noe med det.»

Smak på kva Obama eigentleg seier. Er det ikkje urettferdig?

Vetlesen og Henriksen skriv:

«Den generasjonen som blir sittende med de negative konsekvensene av oljealderen, er ikke den generasjonen som har ansvaret for at disse konsekvensene har vokst fra galt til verre gjennom flere tiår.» 

Det er sinnssjukt deilig å sjå at skylda blir plassert der ho høyrer heime – hjå vaksne som har nekta å ta ansvar. 

Forfattarane skriv rett ut at det har skjedd «et gedigent voksensvik overfor de unge – og overfor fremtidige generasjoner». Med litt hjelp frå filosofen Hannah Arendt forklarer dei korleis den vaksne generasjonen har svikta i rolla si. Tanken deira går ut på at jo eldre ein er dess meir kunnskap og erfaring har ein – det forpliktar. Barn bør rettmessig kunna forventa at vaksne syt for at dei òg får eit trygt møte med verda.

Kort sagt: Det er ikkje skulebarn som burde måtta stå utanfor Stortingsbygningen og demonstrera. Det er dei vaksne på innsida som har det moralske ansvaret for å skapa endring.

Arkivbilete frå skulestreiken for klima fredag 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Etikk og moral i klimadebatten

Det er nesten som ein kan høyra ljoden av aldrande menn – og sikkert nokre kvinner òg – som i sinne og forvirra angst let fingrane flyga anonymt over tastaturet. I dei kjipaste krikane av internettet tastar dei ut meldingar av typen «no får det faen meg vera nok moralisme». «Det treng me ikkje!» tenkjer dei kanskje.

Men Vetlesen og Henriksen argumenterer i alle fall særs godt for kvifor nettopp etikk og moral må vera ein del av klimadebatten.

Det er til dømes mykje me bør gjera eller endra på der lover ikkje er det rette middelet. Alt som er umoralsk kan faktisk ikkje vera ulovleg. Og politikken treng vel og eit slags kompass. Som me kan lesa i Etikk i klimakrisens tid:

«Vi trenger hverandre for å forbedre oss; ikke for å rakke ned på hverandre, men for å bygge hverandre opp, […] vi må kunne vise at vi bryr oss og har vilje og evne til å blande oss i hva andre gjør når vi er vitne til noe vi oppfatter som moralsk galt, slik at vi alle tar en rolle i å sørge for at vi utgjør et velfungerende moralsk fellesskap.» 

Temmeleg tunglesen folkelesnad

Sakprosa kan ofte vera frigjerande. Etikk i klimakrisens tid er i høgste grad det. Boka gjer det lettare å tenkja klart og inneheld mykje god skyts som kanskje kan ta klimadebatten eit hakk vidare.

Det er synd at boka ofte er temmeleg tunglesen og tørr, for ho burde verkeleg bli folkelesnad.