Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yohan Shanmugaratnam (f. 1979) er journalist og forfattar. Etter å ha lese debutboka hans Vi puster fortsatt (2020) sat eg med skyhøge forventningar til skildringa hans av rapduoen Karpe. Frå første side var det inga tvil om at forventingane vart innfridd.

Unik innsikt

2022 har vore litt av eit år for Karpe. På nyåret var dei aktuelle med prosjektet «Omar Sheriff» – ein filmloop med seks nye låtar. Seinare spelte dei ti utselde konsertar i Oslo Spektrum. Hjertet i to er ein dokumentasjon av eit ambisiøst år, der forfattaren har følgt duoen i seks månadar.

I tillegg til å få eit unikt innblikk i livet og arbeidet til rapparane, får lesaren òg eit glimt av fleire av teammedlemane. Grepet gjer at dokumentasjonen gjev eit opplysande innblikk i ei rekkje ulike minoritetserfaringar. Og dessutan at forfattaren skaper ei breiare forståing av det som blir formidla.

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel under den siste av dei ti utselde konsertane dei hadde i Oslo Spektrum. Foto: Heiko Junge / NTB

Mellom to kulturar

Rasisme og røter er ein gjennomgåande tematikk i Shanmugaratnam sine tekstar. Tidlegare i år gjekk han viralt i Noreg med kronikken «Karpe setter melodi til migrantens melankoli», som er ei tolking av Karpe-låten «BARAF/FAIRUZ». Kronikken skildra sorga over å miste tilknytinga til ein kultur når ein har foreldre med minoritetsbakgrunn – som ein dag skal døy. Perspektivet om å stå mellom to kulturar er òg berebjelken i denne boka.

Sjølv om bodskapen er viktig er både språket og samanlikningane til tider pompøst. Som når forfattaren trekker parallellar mellom «Omar Sheriff», den første sci-fi romanen Fra jorda til månen og bibelske allegoriar. Som i sitatet:

«Men i motsetning til historien om Babels tårn, der Gud sørger for at folk ikke forstår hverandre, handler «Omar Sheriff» om å skape et nytt, felles språk og bygge et fartøy som rommer så mange ulike folk som mulig.»

Denne samanlikninga utgjer ein raud tråd, noko som understrekar både suksessen rapparane har hatt, men òg korleis dei opplever krysspresset i det å stå mellom to kulturar:

«Akkurat som dette fartøyet som strander mellom jorda og månen, har både Chirag og Magdi levd i mellomposisjoner hele livet. Riktignok på ulike måter, men begge har vært dratt mellom tyngdekraften fra ulike land, steder og miljøer.»

Det nye Noreg

Trass i at det ikkje er ein biografi, kjem ein tett på Chirag, Magdi og familiane deira. I tillegg til det får ein innsyn i det unike samhaldet mellom to tilsynelatande ulike artistar. Forfattaren skriv som om han er ein del av tankeprosessane deira, der han ikkje berre skildrar, men tolkar.

Skildringane rører ved tema som tilhøyrsle, fleirspråklegheit og utanforskap. Og dessutan stiller boka spørsmål om det norske og korleis nasjonalidentiteten skal vera i framtida. Dette aspektet gjer og at bodskapen blir djupare enn vanleg kjendisjournalistikk. Likevel, sakna eg meir av forfattaren si stemme.

Boka passar for ungdomar og vaksne som har ein viss kjennskap til duoen frå før av, og vil ha ei djupare innsikt i bakgrunnen til musikken deira.


Bokomslag: Gyldendal Norsk Forlag, Cappelen Damm

Hjertet i to – seks måneder med Karpe

Forfattar: Yohan Shanmugaratnam

Forlag: Bonnier Forlag

Sjanger: Sakprosa

Sider: 241