Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvit, norsk mann er bygd på forfattaren sine eigne erfaringar og blir opna med dei sterke orda: 

kva vil du bli når du blir stor?

eg vil bli

ein kvit, norsk mann 

Å ikkje høyre til

Tjønn vart sjølv adoptert som treåring og dikta handlar om korleis det er å føle seg rotlaus: kor kjem eg eigentleg frå? / eg kjem frå feios i sogn og fjordane kor det budde 250 menneske (…) / eg kjem frå seoul i sør-korea kor det budde millionar av menneske.  

Forfattaren skildrar at han alltid har følt seg annleis. Men at pandemien – samt eit auka fokus på rasisme og «Asian hate» gav han nye perspektiv på eiga bakgrunn og barndom. 

Skildringa av framandgjering er gjennomgåande, noko som blant anna blir understreka i diktet: 

hyundai, samsung, lg, kia og adoptivbarn

alt er made in korea

bilar, tv-ar, mobiltelefonar og små, gule barn

eksportvarar til ei vestleg, kvit verd

Får ein til å tenkje

Blant skildringar av vonde barndomsoppleivingar blir lesaren óg presentert for komiske scenar – som seminarleiaren som er bekymra for korona og spør om forfattaren nyleg har vore i Kina. 

Det gjer at diktsamlinga er prega av eit tragisk alvor som stundom er pakka inn i vittige formuleringar. Noko som har ein effekt av å få lesaren til å tenkje, og til å stille viktige spørsmål. 

I tillegg til det er dikta velkomponerte og skriven på stilsikker nynorsk. Likevel, er det som i dei fleste diktsamlingar enkelte dikt som skil seg meir ut enn andre, der det desidert sterkaste diktet handlar om Arve Beheim Karlsen, som vart funne drukna i Sogndalselvi etter å ha blitt jaga over ei gangbru 23. april 1999: 

(…) 

vi dukkar under

i vatnet er vi brør

to adoptivbarn held pusten

eg er den einaste som reiser meg

Eit tragisk alvor

I ei blanding mellom å vise til eigne livserfaringar og viktige hendingar frå nyhendebilete skapar Tjønn eit gripande bilete av korleis det er å oppleva rasisme – ei kjensle som er umogleg å framkalla dersom ein sjølv ikkje har vore utsett for det. 

Ord blir få for å skildre det tragiske alvoret som blir skildra og forfattaren sparer ikkje på verkemiddela. Det gjer det til ei viktig bok, og omfattar dikt som ikkje naudsynt er politisk korrekte. 

I alt er det ein sterk tematikk som er retta mot eit breitt publikum. Det gjer at eg vil tilrå den til alle unge vaksne og oppover, men óg til bruk i antirasistisk arbeid og undervising. 

Tidlegare nasjonal ungdomsleiar i ADHD Norge, Margrethe Skinderviken, har sett den svenske filmen «Så jävla easy going». Foto: Privat

Fakta

  • Tittel: Kvit, norsk mann 
  • Forfattar: Brynjulf Jung Tjønn 
  • Forlag: Cappelen Damm 
  • Sjanger: Lyrikk 
  • Sider: 96