Hjarteskjerande og rørande, men mange av detaljane kan bli for harde å lese for enkelte, skriv meldar Elise Solvåg.

Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Det er gøy å være festjente helt til det ikke er gøy lenger».

Denne setninga frå forlaget forsøker å skildre kva som gjorde at Fanny Andersen hamna på avrusing i ein alder av 24. Og moroa ved å vere festjente sluttar vel raskt når ein hamnar på legevakta med 3,2 i promille.

Fanny Andersen er ein artist frå Oslo, og for mange kanskje best kjend for musikkvideoen sin der ho kliner med Sophie Elise.

Personleg hugsar eg artistkarrieren hennar frå denne tida knapt, og forventingane mine til boka var likeins – ganske vage. Kanskje noko litt klisjé om ein ung artist som festa litt for mykje i eit intenst år i starten av karrieren? Det kjem liksom ikkje heilt fram i presentasjonen av boka kva den faktisk inneheld.

Og eg skal jo heller ikkje avsløre alt innhaldet, men det er så mykje meir.

(Triggerwarning for boka og spoiler finn du nedst i meldinga.)

«Ein fyllik»

Boka opnar med at Fanny legg seg inn på avrusing. Ho har gjort det frivillig, men slit tydeleg med å akseptere med at ho faktisk treng å vere her, ho er jo ikkje «ein fyllik».

Medan ho er to veker på avrusing får vi innblikk i tankane hennar rundt det, livet på avdelinga og kontakten ho har med andre menneske – både sjukepleiarar, andre pasientar og besøka ho mottar.

I tillegg får vi tilbakeblikk til Fannys oppvekst, kompliserte familieliv, ein nesten ikkje-eksisterande skulegang og eit hardt festmiljø frå ung alder. Enkeltepisodar frå russetida og vennegjengar, samt skildringar av mange usunne – og nokre få fine vennskap og relasjonar.

Det er vanskeleg å lese alle desse skildringane utan å kjenne seg igjen i nokre få.

Vi har alle dumma oss ut på fylla, vi har alle krangla med foreldre og vennar og vi har alle følt oss einsame.

For dei fleste av oss er dette enkeltståande episodar og ikkje jamt over kvardagen. Det var i stor grad det for Fanny, og alkoholen blei utvegen, både som ein naudsynt medisin for å ikkje føle, samstundes som det vart den einaste kjelda til glede.

Humpete start, før dei grip tak rundt hjarterota

Boka vekslar mellom dagbokavsnitt og fri straum av minner og tankar om både notid og fortid. Dei første femti sidene var dette på grensa til irriterande, fordi dagboknotatene blei for detaljerte.

Måten dagboknotatene var skrivne i starten var for detaljerte og lange og fokuserte på alt Fanny tenkte, ikkje kva som hende. Dermed blei oppdelinga mellom tankestraumane og dagboknotat kunstig, men dette endra seg etter ei lita stund.

I starten var òg språket stivare og meir unaturleg, men også dette losna etter kvart. Og så fort det skjedde, fauk sidene av garde og det var vanskeleg å legge frå seg boka.

Etter den humpete starten, klarte Andersen og Lindh å verkeleg gripe tak rundt både hjarterot og hjartestreng og alt som følger med, og dei kneip til.

Sterk kost

Til slutt vil eg komme med ein kombinert triggerwarning og spoiler som ikkje kjem spesielt godt fram på baksida av boka eller infoen frå forlaget.

I boka vert det fleire gonger skildra spesifikke mengder alkohol som «for mykje», sjølv om dette er veldig individuelt.

I tillegg handlar heller ikkje boka berre om alkoholmisbruk, men overgrep av ulik grad, frå emosjonell utnytting til valdtekt. Her er psykisk terror og sjølvmordstankar, og boka i seg sjølv er sterk kost.

Hjarteskjerande og rørande, men mange av detaljane kan bli for harde å lese for enkelte.


M. Seppola Simonsen (23) debuterer med diktsamlinga Hjerteskog/ Syđänmettä. Foto: Heidi Furre. Omslag: Flamme forlag. Kollasj: Framtida.no

Festjenter gråter aldri

Gjeven ut: 2022

Forlag: Aschehoug

Sjanger: Biografisk litteratur

Sidetal: 260