– På ein lett og kvardagsleg måte tek romanen opp spørsmål om arv og miljø, samt stadig meir utvikling innan genteknologi, skriv bokmeldar Jannicke Totland.

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nora Eide (f.1987) debuterte i 2017 med novellesamlinga Familien din. No er ho ute med ein mørk og morosam roman om det som går i arv, og alt som ikkje burde det.

Eksperimentell reproduksjon

I romanen møter ein hovudpersonen Ingebjørg, som i eit siste forsøk på å få barn, klona seg sjølv gjennom eit eksperimentelt fertilitetsprogram. Klonen fekk namnet Lilja og er ein tilsynelatande velskapt ungdom. Ho er flink på skulen, populær, og sjeldan god til å danse.

Far hennar Lasse forgudar henne. Men for Ingebjørg er det noko som ikkje stemmer, utan at ho klarer å setje fingeren på kva. Før ho møter søskenbarnet sitt på slektstreff i Stryn og får minne frå fortida slengt i fleisen.

Eit skjebnesvangert slektstreff

Med ei kritisk bestemor i baksetet køyrer Ingebjørg og Lilja motvillig til Stryn, der heile familien skal bu på hotell ei veke.

Slektstreffet blir stadig meir intenst, alkoholen flyt friare og familiehemmelegheiter byrjar å boble opp til overflata. Slektningane kan heller ikkje dy seg med å presisere kor uetisk Ingebjørg har vore med å «duplisere seg sjølv».

Det gjer at romanen inngår i familietematikken, som er gjennomgåande i Eide sitt forfattarskap.

Følgjefeil

Ingebjørg som sjølv har hatt ein sår oppvekst, ynskjer å realisere potensialet sitt gjennom Lilja ved å gje ho ein god barndom. Likevel, klarer ho ikkje å vera ei betre mor enn si eiga mor. Og sider ved hennar eigen personlegdom, ho skulle vore forutan, viser seg att hjå Lilja:

«Men det er Lilja du snakker om, det er barnet vårt.

– Hun er jo meg.

– Nei, hun er ikke det.

– Hva om hun gjør de samme tingene som meg? (…)

Jeg er bare redd for at hun skal bli sånn som jeg var.»

Sånn sett er det ein slåande tittel, då følgjefeil er «feil som oppstår som følgje av ein feil i det ein baserer seg på».

Illustrasjon: Framtida.no / omslag Flamme forlag

Ein morosam tankevekkjar

På ein lett og kvardagsleg måte tek romanen opp spørsmål om arv og miljø, samt stadig meir utvikling innan genteknologi:

«Søskenbarna nikker rundt bordet. – Det spiller ingen rolle hvor store teknologiske fremskritt vi gjør, de vil alltid kretse rundt de simpleste, mest grunnleggende instinktene våre uansett.»

Samanlikna med andre romanar om brestande familieforhold er Følgjefeil formidla på ein morosam måte. Noko som gjer at i staden for å sitje att med ei ekkel kjensle får formidlinga og tematikken ein til å tenkje.

I tillegg til det, er formidlinga prega av eit godt språk med sceniske skildringar. Noko som gjer at romanen er lettlesen og at det lett å leve seg inn i handlinga. Persongalleriet er òg utanom det vanlege, noko som gjer at romanen er eit friskt pust. Og får ein til å trekkje på smilebandet i god tid etter at ein har lese den.

Det gjer at dette sci-fi-thriller-familiedramaet er ei absolutt anbefaling for unge vaksne og oppover.


Foto: Priscilla Du Preez/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no

Fakta

Tittel: Følgefeil

Forfattar: Nora Eide

Utgitt: 2022

Sjanger: Roman

Forlag: Flamme Forlag

Sider: 205