– Det er ingen tvil om at Fuglehaug er eit forteljartalent, og romanen synest å ose av eit språkleg overskot.

Jannicke Totland
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Randi Fuglehaug er frilansjournalist og forfattar. Ho har skrive både sakprosa og barnebøker. I 2020 debuterte ho som romanforfattar for vaksne med kriminalromanen Fallesjuke. No er ho ute med oppfølgjaren Tonedød, som utgjer den andre boka i ein blivande triologi. 

Ut av påskefreden

Som i debuten, er også denne romanen sentrert rundt kulturmiljøet på Voss. Denne gongen møter me jazzmiljøet, der den lokale, men verdsberømte saksofonisten Marta Tveberg fell død om på scenen på Vossa Jazz. Blant hundrevis av vitne i salen sit journalisten Agnes Tveit, som jobbar med å lage ein biografi om den omstridde jazzdivaen. 

Då det snart blir kjent at dødsfallet er eit drap blir bokprosjektet gjort om til ein sannkrim og Agnes må leite mellom Tveberg sine mange uvener for å finne svar på drapsgåta. 

Midt oppi alt er Agnes nyleg blitt singel, og det blir utfordrande å halde hovudet klart i nærleiken av den ferske Vossa Jazz-sjefen, som var den store ungdomskjærleiken hennar. 

Etterforskinga drar den idylliske vestlandsbygda ut av påskefreden, og Agnes hamnar midt i eit livsfarleg drapsmysterium. At handlinga er sett til Voss er etter mi meining eit glimrande trekk, då staden er stor nok at det kan skje ei mistenksam handling. Likevel er staden liten nok til at motivet blir avslørt, då samfunnet er gjennomsiktig og bygdedyret rår sterkt. Dessutan, skinn det igjennom at forfattaren har god kjennskap til lokalmiljøet, då ho sjølv er vossing. 

Eit godt persongalleri 

I kontrast til klassisk kriminallitteratur blir ein godt kjent med karakterane, noko eg likar med boka. Karakteren ein blir best kjent med er hovudpersonen Agnes Tveit. Samanlikna med korleis ho utarta seg i Fallesjuke, er ho framleis ein antihelt. Døme på det, er at ho er i dårleg form og har eit tragisk kjærleiksliv. Dessutan dempar ho smertene med mat: Idet den lindrande smaken av pasta og smelta ost fann seg til rette i kroppen hennar, kjentest ikkje verda så vanskeleg likevel. 

Den store forskjellen er at skildringane av det som gjer ho til ein antihelt tek enda større plass, noko som synest overdrivent. Det er òg då boka elles ikkje har særleg mange eksplisitte og detaljerte skildringar. 

Eit viktig språkleg bidrag 

Språkmesseg er romanen eit viktig bidrag, då det ikkje florerer med krimbøker på nynorsk. Dessutan er språket morosamt og ironiserande, noko som gjer det vanskeleg å leggje boka frå seg. Det er ingen tvil om at Fuglehaug er eit forteljartalent, og romanen synest å ose av eit språkleg overskot. 

Ettersom kriminalmysteria ikkje byggjer på kvarandre er det mogleg å lese boka åleine, men lesaropplevinga blir optimal dersom ein les dei samla. I alt, er boka for deg som likar ei smart handling fortalt på ein humoristisk måte, men toler at det er langt mellom spenningstoppane.


Randi Fuglehaug debuterte nyleg som krimforfattar. Foto: Sturlasson/Kagge Forlag

Fakta

Forfattar: Randi Fuglehaug

Utgitt: 2022

Sjanger: Krim

Forlag: Kagge 

Sider: 343