Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samlaget har teke ansvar og sørga for at den amerikanske poeten Terrance Hayes endeleg finst på norsk. Og vonleg finn diktsamlinga Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar vegen til norske lesarar.

Sonettane til Hayes skildrar ein brutal amerikansk røyndom. Dikta tek føre seg tema som rasisme og utanforskap. Du skal ikkje sjå bort frå nokre kalde gufs ned ryggen medan du les boka.

Du skal ikkje sjå bort frå nokre kalde gufs ned ryggen medan du les boka.

Språket er velslipt og kvesst. Det finst lite tvil om at Hayes har ei særs god evne til å skriva ut vakre bilete — som til dømes dette:

Av og til kan faren som ser på sonen

Nesten få auge på kor vakker han hadde vore viss 

Halve hans eige ansikt bestod av kvinna han elska.

Hayes stør seg godt på litteraturhistorien. Det er name-dropping tidt og stadig. Og ein må nok vera eit leksikon for å hengja med heile tida. Stundom blir referansane noko ein berre skummar seg gjennom, medan andre gongar kan du sjå koleis Hayes går i dialog med andre forfattarar.

Eg synest denne passasjen funka særleg godt: 

Rilke avsluttar sonetten «Arkaisk torso av Apollon» med

«Ditt liv må legges om». James Wright avsluttar «Mens eg ligg

I ein hammock på William Duffys farm på Pine Island,

Minnesota» med «Eg har kasta bort livet mitt». Ruth Stone avsluttar

«Eit augeblikk» med «Du vil ikkje leve livet eg har levd».

[…] 

Som får meg til å hulke etter eit anna liv. Definer liv.

Spagat mellom USA og Noreg

Det er Ida Hove Solberg og Sofia Knudsen Estifanos som gjeve dikta til Hayes ein norsk språkdrakt. Oppgåva har dei stort sett klart med glans. Stil og tone er godt bevart frå originalen.

Det er tydeleg at diktsamlinga er skriven i ein amerikansk kontekst — og det har skapa nokre utfordringar for gjendiktarane. Fleire gongar er det som om teksten står i spagat med den ein foten i det amerikanske samfunnet og den andre foten i det norske språket.

Å dikta opp ordet «jentespeidarkjeks» er eit genialt omsetjingspåfunn. Men det òg nok av døme på at dei to gjendiktarane snublar på vegen frå engelsk til norsk. Viss ein er blant dei som tek referanse frå tv-serien Doctor Who er nok «timelord» faktisk eit meir gangbart ord enn «tidsherre».

Men til trass for avstanden mellom USA og Noreg: Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar er ei leseverdig bok — òg på norsk!

Illustrasjonsfoto: Gift Habeshaw. Kollasj: Framtida.no

 

Fakta

Tittel: Amerikanske sonettar til min fortidige og framtidige snikmordar

Forfattar: Terrance Hayes

Forlag: Samlaget

Gjendiktarar: Ida Hove Solberg og Sofia Knudsen Estifanos

Utgjeven: Hausten 2022

Sjanger: Lyrikk