Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.02.2023 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur det ville vore spanande å ete spagetti frutti de mare med Stephen King eller Søren Kierkegaard.

Det svarar Julia Kahrs på spørsmålet om kva forfattar – levande eller daud – ho helst ville hatt på middag.

Årets villaste historie?

Barnebokforfattaren stakk nyleg av med den gjeve Brageprisen for beste barne- og ungdomsroman for si siste bok, Familien Brattbakk.

Den prislønte boka vert av NRKs meldar omtala som årets villaste historie. For kva gjer ein når mor serverer sniglar og les mistenkeleg mykje om kannibalisme?

Me har teke ein kikk i bokhylla til den fantasifulle forfattaren:

Desse bøkene fekk Julia Kahrs til å grine, le, verta sint og tenkja.

 Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– No har eg nettopp svart at eg kunne tenkt meg å eta spagetti med Stephen King, men eg har knapt lese nokre av bøkene hans. Dette faktum, kombinert med det horroraktige i å måtte lesa éin forfattar resten av livet – ein verkeleg uhyrleg tanke! – gjer det naturleg å svara Stephen King, svarar Kahrs og held fram:

– Hans bøker ville understreka skrekken i ei sånn type straff, og samstundes ville eg blitt betre førebudd til nemnde middag.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Gjestene av Agnes Ravatn og Jul i Bakkebygrenda av Astrid Lindgren. Sistnemnde blir lese for min eldste son.

Astrid Lindgren og Agnes Ravatn er det som vert lese hjå Julia Kahrs om dagen. Omslag: Cappelen Damm og Samlaget

Blautkakebøker i svaberglenestolar

Kva bøker les du helst? 

– Eg likar snirklete blautkakebøker der ei eller anna form for uhygge siv ut frå sidene, à la Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård, Nattfilm av Marisha Pessl eller Stallo av Stefan Spjut. Når det er sagt har eg også ein forkjærleik for lange, episke romanar med eit stort persongalleri der handlinga til dømes er lagt til USA, som Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad og bøkene til Hanya Yanagihara.

– Eg trur eg les ein del forskjellig, men prioriterer godt språk framfor ein spesiell tematikk eller sjanger. Matias Faldbakken, Kerstin Ekman, Mona Høvring og Rune Christiansen er andre favorittar.   

Svenske Kerstin Ekman og norske Matias Faldbakken er to av favorittane til Julia Kahrs. Foto: Bodil Bergquist/Aschehoug og Dan Petter Nergaard/Forlaget Oktober

 Kor les du? 

– Eg les på senga før eg legg meg, i sofaen i stova og ute i hagen frå mars til september. Frå mars til september hender det òg at eg sit og les nede ved sjøen, eg veit om eit par spesielt eigna stader der svaberga nærast er forma som lenestolar.

Om eg skulle vera på eit slags venterom, og det hender jo ein må til legen til dømes, har eg alltid med meg ei bok, og eg les òg hos frisøren.

Frå Elsa Beskow til Arne Næss

 Kva bøker vart lesen til deg som liten? 

– Eg blei lese for kvar kveld. Mor mi las Elsa Beskow, Louis Moe og Astrid Lindgren. Eg hugsar spesielt at eg elska illustrasjonane i boka Bamse av Louis Moe, og ein annan favoritt var Per Pusling av Astrid Lindgren. Far min tok seg av alle Donald-blada og las desse høgt for meg.

– Så fort eg knekte lesekoden føretrekte eg å lesa på senga sjølv, så resten av Astrid Lindgren, alt av Roald Dahl og etter kvart Maria Gripe las eg på eiga hand.

Svenske Astrid Lindgren og britiske Roald Dahl var blant klassikarane Julia Kahrs etter kvart las sjølv. Foto: Ukjend og Carl Van Vechten

 Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– I tenåra var eg veldig begeistra for John Irving og hans livlege fantasi og sprø karakterar. Eg hugsar særleg En bønn for Owen Meany, den gjorde eit sterkt inntrykk. Det fanst ikkje særleg mange ungdomsbøker på mi tid, så eg hoppa frå barnebøker til vaksenbøker. Ei anna bok som gjorde inntrykk var Livsfilosofi av Arne Næss. Saman med filmen «Loop» fekk eg ein tidleg trong til å velja eit liv som gjer deg glad.

Ein alternativ nøtteknekkar

 Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive? 

– Ei gjennomsyra uhyggeleg bok for vaksne, Edgar Allan Poe i 1000-siders format, i spedd eit karakterregister à la Dickens, med handlinga lagt til Maine, seint nittitals. Tittelen kunne vore noko slikt som The Bear eller The Berrycloth Family. Eg ville likevel føretrekt å lesa den norske omsettinga.    

 Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg vet ikkje kor undervurdert den eigentleg er, men forteljinga Sandmannen av E.T.A. Hoffmann har i alle fall ikkje same status som Nøtteknekkeren. Eg veit Sigmund Freud brukte forteljinga som ei slags case-study eller forklaringsmodell, men eg skulle likevel likt å sjå ein ballettversjon av «Sandmannen».

Sandmannen vart publisert i 1817 i novellesamlinga Die Nachtstücke. Foto: H.-P.Haack

Fantasifulle Noor

 Kva meiner du gjer ei bok god? 

Eg tenkjer i utgangspunktet at ei god bok er ei bok som peikar ut seg positivt kva gjeld originalitet, fantasi og språk. Men frå mitt perspektiv er definisjonen av gode bøker òg eit personleg spørsmål som handlar om kva ein vil ha. Eg vil ofte ha litt uhyggelege bøker.

Fantasifulle Noor

 Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i? 

 Min eigen karakter Noor, frå Noor og miniatyren, som kjem i slutten av februar. Noor har ei ibuande uvilje mot å gjera ting ho ikkje har lyst til å gjera. Denne uviljen er basert på personlege erfaringar. I tillegg har Noor fantasi nok til å ta seg av problemet, på same måte som eg sjølv har brukt fantasien til å halde ut elles uuthaldelege ting.

 Kva bok ynskjer du deg til jul i år?

– Eg ynskjer meg Stakkar av Matias Faldbakken, Besettelse av A.S. Byatt og Det tredje riket av Karl Ove Knausgård.

Gisken Armand (t.v.) i Riksteatrets Peer Gynt-oppsetting 2020. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Gisken Armand som kanskje-kannibal

– Kva av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

– Eg synest det ville vore interessant om Familien Brattbakk blei filmatisert. Der kunne ein sikkert pøst på med ein del fiffige effektar, og det ville vore spanande å sjå korleis Signe Brattbakk, mora i boka, ville sett ut til slutt, seier Kahrs og held fram:

Gisken Armand ville vore fantastisk i rolla som Signe Brattbakk. No er det jo strengt tatt Sam som har hovudrolla, men det blir litt merkeleg om Gisken Armand skal spela ein 11-åring. Så då endar det vel opp med at Signe Brattbakk stel showet i filmen, noko som truleg passar ein smånarsissistisk og kontrollerande kanskje-kannibal godt.


Foto: Gyldendal / Kollasj: Framtida.no

Julia Kahrs

Alder: 37

Frå: Son

Utdanning: Lektorprogrammet – master i nordisk litteratur. Har også gått skrivekunstlinja ved Nansenskolen.

Yrke: Forfattar og lærar

Tal på lesne bøker i året: Tippar eg ligg på rundt 40 bøker i året.